Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. jan 2025

Innlegget
Takk til saksordføraren for gjennomgangen av saka. Høgre er oppteke av at det vert bygd effektive, sikre og trygge vegar her i landet. Me er opptekne av at det vert framdrift, og av at prosjekta vert realiserte. Dette betyr sparte menneskeliv og betre grunnlag for arbeidsplassar og næringsliv, og det gjev tryggleik for lokalsamfunn og for oss alle. Lokal medfinansiering har diverre vorte regelen og ikkje unntaket når ein no byggjer veg i Noreg. Dette krev lokal tilslutning frå dei som er råka. Er ein med på det, er òg staten med på dette spleiselaget og stiller opp med sin del for å betala rekninga. Ettersom ein lokalt ser viktigheita av å få sluttført desse prosjekta, som det no viser seg ikkje å vera pengar til gjennom den første finansieringsrunden, støttar Høgre proposisjonen slik han ligg føre. Det handlar om å få rasjonell framdrift og å få prosjekta ferdigstilte. Ein stopp i arbeidet vil utsetja trafikksikre løysingar og vil auka kostnadene og senda dei uteståande prosjekta ut i uvisse. Me vil likevel understreka at det no er viktig å halda kostnadene nede og gjennomføra prosjekta så effektivt og kostnadsoptimalt som mogleg, men òg ha tanke for at dette skal vera til glede for trafikantane i mange tiår. Me ønskjer lykke til med ferdigstillinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat