Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 30. jan 2025
Innlegget
Berekraftig bruk og bevaring av natur er ei omfattande og særs viktig stortingsmelding, som verkeleg syner og tydeleggjer mange viktige grep i og rundt forvaltinga av naturen vår. Meldinga har òg direkte kopling mot dei 23 måla i naturavtalen. Fleire av desse måla har Noreg allereie oppfylt. For Senterpartiet dannar denne meldinga eit godt grunnlag for ei heilskapleg forvalting av naturen vår. Ho slår fast at me må ta vare på naturmangfaldet, samtidig som me sikrar livskraftige lokalsamfunn og levedyktige næringar. Meldinga er eit viktig steg i riktig retning, og me meiner ho byggjer vidare på norsk forvaltingspraksis, der bruk og bevaring går hand i hand og følgjer opp Noregs forpliktingar etter naturavtalen. Naturforvaltinga må vera balansert. Naturen er grunnlaget for matproduksjon, skogbruk, fiskeri, reiseliv og ei rekkje andre viktige næringar. Naturen gjev òg livskvalitet, rekreasjon og bulyst. Samtidig har naturen ein spesiell eigenverdi og er vår felles arv, som me må verna om. Skal me sikra eit levande Noreg i framtida, må me ta vare på naturen vår, men me må gjera det på ein måte som respekterer dei som lever og arbeider i og med naturen kvar dag. For Senterpartiet er det viktig at me fører ein politikk som bevarer natur, flora og fauna, samtidig som naturen skal vera til glede for folk og kunna forvaltast slik menneska har gjort i tusenar av år, ein balanse der forholdet mellom bruk og vern er viktig. Senterpartiet har alltid stått for ei naturforvalting som tek omsyn til både vern og verdiskaping. Det er fullt mogleg å ta vare på naturen samtidig som me utnyttar ressursane våre på ein berekraftig måte. Difor er eg glad for at regjeringa i denne meldinga understrekar viktigheita av naturrekneskap og betre oversikt over naturverdiar. Dette vil bidra til betre vedtak og meir treffsikre tiltak for å ivareta naturen. Samtidig er me tydelege på at naturen for mange er eit næringsgrunnlag, og me skal leggja til rette for at det òg kan vera det i framtida. Det er ingen tvil om at det krevst auka og forsterka innsats frå alle kring korleis best bevara og hausta vår natur til det beste for komande generasjonar. Dei fremste naturvaktarane våre er gardbrukarane og landbruket og deira enorme arbeid for ei berekraftig utvikling av naturressursane våre. Difor har det vore særs viktig for Senterpartiet å utvikla landbrukssektoren og sikra ei opptrapping i inntektsgrunnlaget for kvar einskild gardbrukar. I dette står òg sjølvsagt ny jordvernstrategi og auka forståing og respekt for matjorda. Eit berekraftig landbruk er ein sentral del av løysinga for å bevara norsk natur. Senterpartiet meiner at norsk landbruk ikkje berre handlar om matproduksjon, men òg om å ta vare på kulturlandskapet, tradisjon og det biologiske mangfaldet. Gardbrukarane forvaltar store naturområde og har ei viktig rolle i å bevara opne landskap, pollineringsområde og berekraftig bruk av utmarksressursane. Gjennom slått og beiting held ein vegetasjonen nede. Det ligg ei forplikting til Stortinget om at landbruket får dei rette rammevilkåra for å driva på ein måte som tek omsyn til naturen og tek vare på naturlandskapet. Me i Senterpartiet meiner denne stortingsmeldinga er eit steg i riktig retning mot ei meir heilskapleg og berekraftig naturforvalting. Me vil arbeida for ein politikk som ivaretek både naturen og dei som brukar og er avhengige av naturen. For oss handlar dette ikkje om anten–eller, det handlar om å finna dei gode løysingane som gjer at me kan ta vare på naturen samtidig som me balanserer vern mot andre omsyn. Regjeringa har gjort ein god jobb knytt til denne meldinga, og eg er glad for at iallfall det store fleirtalet i komiteen ser og anerkjenner dette. Me ser fram til resultatet av meldinga, og Senterpartiet vil bidra konstruktivt for å sikra den politikken som både vernar og brukar naturen på ein ansvarleg måte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat