Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 30. jan 2025

Hans Inge Myrvold
Senterpartiet·Hordaland

Innlegget

Det har vore ein innhaldsrik debatt. Eg har òg behov for å klarera ut og avkrefta både mytespinning og andre forhold som blir trekte fram, knytt til meg som representant, men òg til partiet. Eg meiner det er veldig uklokt av Miljøpartiet Dei Grøne på ein måte å peika på Senterpartiet som sin største motstandar i desse spørsmåla. Det er veldig uklokt å ha ei sånn tilnærming frå denne talarstolen når det er snakk om at me skal bevara norsk natur. Det er ikkje sånn at Senterpartiet er for å byggja ned natur. Me skal forvalta naturen, og me er heilt avhengige av naturen i veldig, veldig store delar av landet vårt for å kunna leva, bu og utvikla distrikta. Det er heilt avgjerande for Senterpartiet å ha ei berekraftig tilnærming – og derav òg denne tittelen som definerer og omfamnar stortingsmeldinga her i dag. Eg trur det er viktig i framhaldet å kopla på – og ikkje kopla av – kommunane. Det vert viktig. Det er ein stor frustrasjon frå mange kommunar knytt til nettopp forvaltartankegangen, òg i møte med staten, om korleis ein skal bidra til dette. Me må forsvara kommunane sin posisjon når det gjeld å driva ein god arealpolitikk, sjølvsagt i samråd med statlege føringar, men me må forsvara posisjonen til kommunane i dette arbeidet. Det er heilt avgjerande med lokalkunnskapen, og at dei som har halde naturen og busetnaden ved like i mange, mange generasjonar, er med på laget og ikkje vert kopla av. Eg avsluttar der. Eg vil òg berre stadfesta at siste ord om villgeiter ikkje er sagt, og eg takkar for debatten.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat