Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. feb 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

Meldinga «Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred» er ei viktig melding, spesielt for Vestlandet og folk som opplever dette på nært hald. Noreg er eit land som har storslått natur og krevjande infrastruktur. Landet består av både høge fjell og dalar. Mange bur langs ei elv, eit fjell eller ved eit berg og lever med naturen tett innpå seg kvar einaste dag. Me har hatt hendingar, som kvikkleireskredet i Gjerdrum i 2020 og ekstremvêret Hans i 2023, som har vist oss kor sårbare lokalsamfunna våre er. I 2024 hadde me òg den atmosfæriske elva Jakob, som kom innover Vestlandet. Dette gjer at kommunane våre blir ramma av skadar på både infrastruktur, vatn- og avløpssystem, bruer, hus, heim og industri. Denne meldinga er viktig for å sikra innbyggjarane våre infrastruktur og for å sikra mot framtidige hendingar. For Arbeidarpartiet er tryggleik for folk viktig, og me må unngå at bustadområde, vegar og kritisk infrastruktur blir plasserte i risikoutsette område i framtida. Difor vil Arbeidarpartiet styrkja kartlegginga av flaum og skredfare gjennom NVE, sånn at kommunane får eit betre kunnskapsgrunnlag for arealplanlegginga si. Det vil gjera det enklare for kommunar å ta i bruk ulike naturbaserte løysingar, som skogplanting og bevaring av våtmark for å redusera risikoen for flaum og skred. Me vil òg innføra ei obligatorisk innmeldingsordning for farevurdering og grunnundersøkingar, sånn at viktig kunnskap blir samla og tilgjengeleg for alle relevante aktørar. Me veit at mange hus og bygningar i Noreg er bygde før dagens tryggingskrav. Me vil redusera eigendelen kommunen må betala for sikringstiltak, frå 20 pst. til 10 pst., sånn at fleire tiltak kan bli gjennomførte raskare. Sjølv med gode førebyggingstiltak vil me aldri kunna eliminera risikoen heilt for at me blir utsette for endringar som kjem av klimaendringane. Difor må me ha robuste beredskapssystem og god krisehandtering når alvorlege hendingar skjer. Difor vil me styrkja Naturfareforum for å sikra betre samarbeid mellom statlege og regionale og lokale aktørar og sørgja for at flaum- og skredvarslinga blir betre, sånn at innbyggjarane får tidlegare og meir presise varsel. Me skal sikra effektiv bistand til kommunane som blir ramma av flaum og skred. Flaum og skred trugar ikkje berre bustadområde, men òg matjorda vår og den kritiske infrastrukturen som held samfunnet i gang. Arbeidarpartiet meiner at staten må ta eit større ansvar for å sikra jordbruksareal mot naturskadar, og me må styrkja støtta til oppgradering av hydrotekniske anlegg i landbruket. Skredsikring av vegar og jernbaner må bli prioritert høgt i samferdselspolitikken. Infrastruktur blir stadig ramma, og me les oftare og oftare om lokalsamfunn som blir innesperra på grunn av ras og flaum. Klimaendringane aukar risikoen for flaum og skred, og me må handla no for å sikra samfunnet vårt mot framtidige hendingar. Arbeidarpartiet vil satsa på førebygging, betre beredskap og ein sterkare innsats for å beskytta landbruk og infrastruktur. Me står saman for eit tryggare Noreg for dagens innbyggjarar og framtidige generasjonar. Vern av natur er viktig, ikkje berre for å beskytta liv og eigedomar, men òg for å sikra at framtidige generasjonar òg skal få leva trygt i vårt vakre, vidstrakte land.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat