Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. feb 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

50-årig historie vert utfordra, hevdar fleire. Men det er slik at det i 2005, i forbindelse med Stortingets vedtak om supplering av verneplanen for vassdrag, vart opna opp for å gje tillating til opprusting av kraftverk i verna vassdrag som var bygde før vernevedtaka. Så det er altså ein del elvar som vart bygde ut før vernevedtaka kom på plass. I 2005 vart det altså opna opp for konsesjonsbehandling av småkraftverk med installert effekt opptil 1 MW. For Bjerkreimsvassdraget i Rogaland vart denne grensa satt til 3 MW. Ingen elvar og vassdrag er like. Difor er grensa på 1 MW uhensiktsmessig i mange elvar, og dette er godt illustrert når Bjerkreimsvassdraget kan byggjast ut til 3 MW. At Stortinget fjerna denne uhensiktsmessige talgrensa, burde vera heilt naturleg. Det er den faktiske påverknaden av miljøet – og verneverdiane – som er viktig, ikkje størrelsen på generatoren. Eg synest det har vore ein oppklarande og fin debatt. Eg synest statsråden svarar veldig godt, og han konkluderer med at fleire prosjekt kan søkja når me no opnar opp for flaumdemping der samfunnsnytten er betydeleg. Når fleire kan søkja, forventar eg òg at det vert gjeve tillating til fleire over 1 MW, slik at me faktisk kan få meir kraftproduksjon i dei komande åra.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ove Trellevik (Høyre) — Innlegg · 11. feb 2025 — OverStortinget