Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 13. feb 2025

Innlegget
På vegner av saksordføraren, som er Torstein Tvedt Solberg, vil eg seie at dette er ein gledesdag. Vi har endeleg gjort det mange har vurdert og jobba med i mange år. Difor har komiteen feira innstillinga med kake saman med bransjen. Eg vil på vegner av saksordføraren starte med å takke komiteen for eit veldig godt og konstruktivt samarbeid. På papiret har vi nok brukt lang tid, men med god grunn, for vi avventa OECD-forhandlingar, slik proposisjonen gjer greie for. Det var klokt å vente når den politiske forpliktinga fall bort og opna for lovvedtak i saka, og tiår med lovarbeid kan difor endeleg få sin konklusjon. Skulle forhandlingane igjen bli tekne opp og finne si løysing, er Stortinget budd til å gjere tilpassingar deretter, slik ein viser til i merknadene. Arbeidarpartiet er veldig glad for at vi har fått til eit samla, breitt fleirtal der berre Framstegspartiet står utanfor. Gjennom reelle forhandlingar har vi jobba fram ei god løysing. Løysinga balanserer godt det historiske prinsippet i Norge – f.eks. med tanke på både dvd-avgifta og kinoavgifta – om at dei som tener pengar på å vise norsk innhald, òg skal bidra til produksjon og til at Noreg framleis er attraktivt å investere i. Det gjeld òg ei fortsetjing av ein tydeleg språkpolitikk for å ivareta norsk språk, kultur og identitet. Vi blir no det 17. landet i Europa som innfører forpliktingar forankra i AMT-direktivet. Vi har i arbeidet sett til Spania og Nederland, som har modellar som av bransjen blir framheva som enkle og ubyråkratiske, og som ivaretek den nemnde balansen. Vi har òg sett til Danmark og erfaringane dei har gjort seg med sitt kulturbidrag. Eg trur difor vi har landa på ei løysing som er godt tilpassa norske forhold, og som òg har teke med seg erfaringar frå andre land, slik at vi får den best moglege modellen her til lands. Dette er resultatet av eit langt arbeid. Mange kulturministrar har jobba med dette. Difor er kritikken frå Framstegspartiet i merknadene litt uvanleg, då saka er godt belyst og har vore på ei omfattande høyring. Det som gjenstod, var å lande ei løysing, og det har vi no gjort. Eg ser at eg hadde på mykje på hjartet, men taletida går fort, så eg får be om ordet ved neste anledning.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat