28. mai 202616:05· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om et langsiktig løft for bemanningen i norske barnehager (Innst. 299 S (2025–2026), jf. Dokument 8:263 S (2025–2026))
La meg starte med å
seie at barnehagane er ein del av vårt viktigaste velferdstilbod,
der ungar med ulik bakgrunn møter kvarandre i eit stort fellesskap,
kanskje det største og første dei møter, og der dei får gode moglegheiter
til å utvikle seg for framtida. Mykje er bra med barnehagane i Noreg.
Vi har dyktige tilsette som kvar einaste dag bidreg til læring og
utvikling hos ungane våre. Vi har samtidig fått ein historisk låg
barnehagepris – takk vere SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet –
som har ført til ei rekordhøg deltaking i norske barnehagar. Det
er eg ganske stolt av.
Samtidig står barnehagesektoren i ein vanskeleg
situasjon med bemanningsutfordringar og ofte altfor høgt sjukefråvær.
Det er alvorleg, og det må vi ta på alvor. Etter fjorårets raud-grøne
budsjettforlik sikra vi difor 800 mill. kr til toppa bemanning.
Vi har styrkt ABLU-ordninga, som gjev folk som allereie jobbar i
barnehagen, moglegheit til å utdanne seg til å bli barnehagelærar.
Vi løyvde òg midlar til å auke bemanninga i levekårsutsette område.
Det blir gjort mykje bra, men det er heller
inga kvilepute. Det å ha nok bemanning i barnehagane handlar om
tryggleiken til barn, foreldre og dei tilsette som kvar dag går
på jobb. Det å vite at ein har nok kollegaer på jobb saman med seg,
har noko å seie. Det bidreg òg til eit betre arbeidsmiljø, på same måte
som låg bemanning kan føre til både stort arbeidspress og høgt stressnivå,
slik vi kjenner til.
Barnehagane våre er vårt viktigaste velferdstilbod.
Det må vi ta vare på og styrkje i tida framover. Difor vil eg takke Venstre
for å løfte dette inn i Stortinget og setje eit viktig fokus på
bemanningsutfordringane i barnehagane våre.
19. mai 202613:22· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))
I denne saka blir det
fremja ei rekkje forslag, bl.a. eit frå Høgre, som vi høyrde om
tidlegare, som handla om å innføre obligatoriske innføringsfag i
norsk og matematikk for elevar med svakare karakterar i desse faga.
Det står vidare at elevar må bestå med eit tilstrekkeleg fagleg
nivå før dei går vidare til ordinær opplæring i desse faga. Eg kan
vere einig med Høgre i at gode grunnleggjande ferdigheiter i fag
som norsk og matematikk er viktig. Her er regjeringa i gang med
fleire tiltak, men eg synest likevel at eg må kommentere forslaget
frå Høgre, som virka ganske uklart og lite konstruktivt. Kva er
det eigentleg som tel som ein svak karakter? Kor lite må ein kunne
for å skulle ha obligatoriske innføringsfag, og kor god karakter
må elevane ha før dei får lov til å gå vidare med ordinær opplæring?
Skal det setjast eit minimumskrav? Kor lenge skal dette vare? Det
er altså framleis spørsmål her utan svar.
For å vere klinkande klar: Arbeidarpartiet
er for god intensivopplæring og tilpassa opplæring, men det må vere
ein del av det ordinære opplæringsløpet. Høgre skriv i innstillinga
i saka at ein ønskte å setje inn innsatsen tidlegare. Det er jo nettopp
det Arbeidarparti-regjeringa gjer, ved å satse på dei aller yngste,
å sørgje for dei grunnleggjande ferdigheitene. Med dette forslaget
frå Høgre er ein nesten eit tiår for sein for elevane, viss ein
skal sikre god opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, når ein
først set inn tiltak i vidaregåande opplæring, etter at ein har
kome inn på linja ein vil gå.
Før ein fremjar og behandlar forslag som får
stor påverknad på liv og utdanning for elevane, må det også vere klart
kva det går ut på, og det er det ikkje i det tilfellet. Derfor stemmer
sjølvsagt Arbeidarpartiet mot dette punktet.
12. mai 202615:38· Innlegg
Innstilling frå utdannings- og forskingskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Bjørn Larsen, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Simen Velle, Silje Hjemdal og Lill Harriet Sandaune om å forby barnehijab i barnehage og grunnskole (Innst. 237 S (2025–2026), jf. Dokument 8:197 S (2025–2026))
(ordfører for saka):
La meg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet i saka.
La meg òg seie at det er nok av utfordringar å ta tak i i norsk
skule. For Arbeidarpartiet har det vore fullt fokus på å sikre meir
og betre læring i skulen, med mindre skjerm og meir fokus på dei
grunnleggjande ferdigheitene for dei aller, aller yngste. Dette
gjer vi med hensikt om å snu ei utvikling vi sett over lengre tid,
for å løyse utfordringar.
Dagens opplæringslov inneheld eit forbod mot bruk
av heildekkande ansiktsplagg fordi dekking av ansikt kan hindre
undervisning. Vi meiner at dagens forbod er tilstrekkeleg som det
er, og ser ikkje behovet for å utvide det til òg å gjelde religiøse
hovudplagg. Dessutan vil eg påpeike at eit sånt forbod som FrP føreslår,
som utelukka rettar seg mot hijab, kan vere problematisk frå eit
menneskerettsleg-, likestillings- og diskrimineringsperspektiv.
Skulen er ein av dei viktigaste og fremste
arenaene våre for inkludering. Her møtest elevar av ulik bakgrunn,
og dei har alle rett til eit trygt og godt skulemiljø. Eit slikt
forbod som FrP her føreslår, meiner eg kan bidra til at skulen ikkje
blir opplevd som ein trygg og inkluderande stad med rom for alle.
Det kan i tillegg ende opp med å verke heilt mot hensikta.
Arbeidarpartiet står saman med fleirtalet i
Stortinget. Eit breitt fleirtal støttar ikkje forslaget, og det
ser ut til at FrPs forslag blir stemt ned i denne saka.
12. mai 202614:26· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Silje Hjemdal, Liv Gustavsen, Morgan Langfeldt og Lill Harriet Sandaune om praktiske og alternative opplæringstilbud for barn og unge på barnevernsinstitusjon (Innst. 244 S (2025–2026), jf. Dokument 8:165 S (2025–2026))
Først og fremst vil
eg seie at Arbeidarpartiet deler syn på utfordringsbiletet som forslagsstillarane
trekkjer fram, og eg takkar for at ein har fremja saka så vi får
diskutert det.
La meg begynne med å seie at ungane som bur
på barnevernsinstitusjon, oftare har utfordringar i skuleforløpet
enn andre barn og unge. Det gjeld òg i fullføringa av vidaregåande
opplæring – der ligg dei ofte lågare, og mange har samansette behov.
Dette må vi ta på alvor.
Ungane som bur i barnevernsinstitusjon, har
same rett til opplæring som andre ungar, og for Arbeidarpartiet
er det eit viktig mål at desse elevane skal lykkast betre på skulen.
Dersom dei gjer det, får dei òg, som alle andre, fleire moglegheiter
til ei god framtid. Difor blir det allereie arbeidd med fleire tiltak
for å styrkje opplæringstilbodet, samhandlinga mellom sektorane
og kontinuiteten i utdanningsløpet til barnet.
Bufdir og Bufetat jobbar kontinuerleg med å
utvikle institusjonsopphaldet slik at ungane får tenester som òg er
tilpassa deira behov, og det faglege rammeverket for arbeid med
barn og unge i barnevernsinstitusjon gjev òg anbefalingar om kva
institusjonane skal vektleggje for å sikre forsvarleg omsorg og
behandling, inkludert oppfølginga av skulegang. Her er altså mykje
i gang, men det er ikkje ei kvilepute for regjeringa.
La meg avslutte med å seie at Arbeidarparti-regjeringa
har som mål at alle barn og unge som er i barnevernsinstitusjonar,
skal lykkast betre på skulen. Det er vårt felles ansvar. Difor blir
det som sagt jobba med fleire tiltak for å styrkje opplæringstilbodet
og samhandling i sektoren, og vi meiner difor òg at framover er
det aller viktigaste fokuset vi har, å sikre betre samordning mellom
tenestene og å nytte betre det handlingsrommet som allereie òg finst
i dag.
12. feb 202612:19· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Joakim Myklebost Tangen, Sylvi Listhaug, Lars Rem, Finn Krokeide, Tor André Johnsen og Morten Kolbjørnsen om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby og Grunde Almeland om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett (
Eg meiner fellesskulen
er vårt første konkurransefortrinn. Her møtast barn og unge, uavhengig
av bakgrunn, utgangspunkt eller interesser, i same klasserom for
å lære av kvarandre og med kvarandre. Fellesskulen har etter mitt
syn alltid hatt ei viktig rolle i samfunnet vårt, men når verda
er uroleg, ordskiftet er skarpare og motsetningane teiknar større,
meiner eg at denne rolla blir endå viktigare. Det har ein verdi
at elevar med ulik bakgrunn møtest i same skule, at barn og unge
som elles kanskje aldri ville bli kjende, blir kjende med kvarandre,
får nye perspektiv og lærer av erfaringane til kvarandre. I eit
verdssamfunn der mange prøver å skape eit skilje mellom oss og dei, er
fellesskulen vårt fremste konkurransefortrinn
For å gjere det klart: Som det kjem fram av
saka, støttar ikkje Arbeidarpartiet forslaget vi diskuterer i dag
om å liberalisere privatskulelova. Etter vårt syn er det viktig
å hegne om fellesskulen, og også at private tilbod kan vere eit
godt supplement fleire plassar. At lokale og regionale folkevalde
kjenner sitt lokalmiljø, sin situasjon, sine utfordringar og moglegheiter
best, er ingen hemmelegheit, det er heilt openbert. Dei endringane
som blei gjorde i privatskulelova i 2023, som Venstre føreslår å
fjerne, hadde bakgrunn i eit ønske om meir lokaldemokrati. Det går
ut på at vertsfylket eller vertskommunen sin uttale skal bli lagt
vesentleg vekt på. Det er ikkje nokon vetorett, og det er framleis
mogleg å endre privatskular, sjølv om det ikkje er støtte for det
lokalt.
Arbeidarpartiet står for det regjeringa gjorde
i 2023, og meiner det var ei viktig og riktig endring i privatskulelova.
Vi har mange utfordringar i norsk skule i dag, men ei for streng privatskulelov
er ikkje ei av dei. Arbeidarpartiet er meir opptatt av å jobbe for
meir og betre læring, sikre betre balanse mellom bok og skjerm og
å gjere undervisinga meir praktisk og variert. Her er vi allereie
i gang, samtidig som mykje står att. Eg er glad for at vi har ei
Arbeidarparti-leia regjering som tek tak i dei store utfordringane
i skulen og jobbar for at ungane våre både lærer meir og betre.
13. jan 202610:50· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om løft for læring – en styrking av elevenes grunnleggende ferdigheter (Innst. 79 S (2025–2026), jf. Dokument 8:10 S (2025–2026))
På vegner av saksordførar
Julia Eikeland vil eg takke komiteen for samarbeidet i saka og vil
òg takke forslagsstillarane for å løfte debatten om korleis vi skal
styrkje ferdigheitene til elevane. Lat meg ta Arbeidarpartiet sitt
syn i saka og starte med at grunnleggjande ferdigheiter er heilt
avgjerande for læring, utvikling og deltaking, både i skulen og
seinare i samfunnet. Difor må skulen støtte utviklinga av desse
ferdigheitene i alle fag gjennom heile opplæringsløpet. For Arbeidarpartiet
er dette eit spørsmål om kva fellesskapsskulen skal vere, og kva
for like moglegheiter dei skal få. Alle barn skal få eit godt grunnlag
for å meistre skule, arbeid og livet vidare. Difor må eg understreke
at det allereie er sett i gang omfattande og langsiktig arbeid for
å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane. Regjeringa
har lansert leselyststrategien Sammen om lesing for perioden 2024
til 2030. Dette er eitt døme på store og målretta satsingar med
betydelege middel for å styrkje leseferdigheita og skape meir leselyst
blant barn og unge. I tillegg er det sett i gang arbeid med nye
og betre verktøy for å kartleggje, for å styrkje innkjøpskompetansen hos
skuleeigarane og betre balansen mellom digitale og trykte læremiddel.
Vi må vere ærlege om at det tidlegare har vore ei massiv, ukritisk
digitalisering i skulen som har gått føre seg for lenge. Difor tar
vi dei fysiske lærebøkene tilbake igjen i klasseromma, noko eg meiner
er heilt riktig å gjere.
Samla sett viser dette at regjeringa allereie
jobbar systematisk for å styrkje kvaliteten i skulen og dei grunnleggjande ferdigheitene.
Og når så mykje arbeid allereie er i gang, meiner eg at forslaga
som fremjast i dag, i liten grad eigentleg tilfører noko nytt. For
ein god skule handlar først og fremst om menneska som er der, ikkje
om fleire testar for testane si skuld. Det handlar om å ha nok lærarar
i klasserommet, om å styrkje laget rundt elevane slik at fleire
blir sett tidlegare og får den hjelpa dei treng. Vi må ha ein skule
som gir tryggleik, meistring og framtidstru, ein skule der lærarane
har tillit og handlingsrom, og der fellesskapet stiller opp når
elevane treng ekstra støtte. Målet deler vi nok alle, usemja handlar
om vegen dit. I Arbeidarpartiet meiner vi løysinga ligg i å byggje vidare
på tiltak som allereie fungerer, i staden for å finne på nye pålegg.
13. jan 202610:10· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i opplæringslova (rett til 12 timer gratis skolefritidsordning i uken for elever på 1. til 3. trinn) (Innst. 78 L (2025–2026), jf. Prop. 160 L (2024–2025))
Takk til komiteen og
saksordføraren for samarbeidet i komiteen. La meg begynne med å
seie at skulefritidsordninga er eit heilt sentralt tilbod for barn
og familiar. SFO er ein arena for leik, læring og fellesskap. Det
er ein plass der ungane blir sette, dei blir trygge, og dei får
moglegheit til å utvikle seg.
For familien er eit godt SFO-tilbod heilt avgjerande
for at kvardagen skal gå opp. Det gjer det mogleg for foreldra å stå
i arbeid og kunne bidra til fellesskapet. Me har sett betydninga
av dette, og me har samtidig sett høgresida nedprioritere tilbodet
i mange år, der ein gjerne vil la låg pris og økonomi avgjere kva
for ungar som får moglegheita til å delta i SFO.
Me i Arbeidarpartiet og på venstresida i denne
salen seier heilt klart: Ungane skal ha tilgang til leik, læring
og fellesskap etter skuletid, og det skal ikkje avgjerast av lommeboka
til dei heime. Difor har me saman med Senterpartiet og SV sørgja for
12 timar gratis SFO for alle elevar på 1.–3. trinn som har tilbod
om SFO. No lovfestar me retten fordi me vil at han skal gjelde overalt,
uansett kor ein bur.
SFO er meir enn eit velferdstilbod. Det motverkar
forskjellar og gjev fleire ungar moglegheit til å delta i leik og
fellesskap. Der partia på borgarleg side ofte ser vekk ifrå det,
ser me i Arbeidarpartiet og på venstresida moglegheitene for ungane
og for familiane, og det gjeld å handle.
Debatten stopper ikkje berre med tilgang. Kvaliteten høyrer
òg til i debatten. Ungane skal møtast av trygge vaksne, dei skal
ha meiningsfulle aktivitetar og gode rammer. Det handlar om å byggje
fellesskap, redusere forskjellar og sikre at alle ungane får ein
trygg og god kvardag – òg etter skuletid. Difor sørgjer me for retten
til gratis SFO. Eg er difor stolt over at me no lovfestar retten
til 12 timar gratis SFO. Det gjer me fordi me vil fortsetje å styrkje
både tilbodet og kvaliteten i skulefritidsordninga. Me meiner det
er til det beste for ungane, for familiane og for fellesskapet.
5. des 202518:43· Innlegg
Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))
Budsjettet tek viktige
grep for å styrkje utdanningsfeltet frå barnehage til høgare utdanning.
Dette er eit budsjett som viser at når vi samarbeider, kan vi prioritere
fellesskap og kunnskap. Arbeidarpartiet meiner at noko av det viktigaste
vi gjer, er å sikre at barn og unge får ein god start på livet.
Difor er eg glad for at forliket styrkjer kommuneøkonomien og sikrar
endå meir pengar til auka bemanning i barnehagane. Nok tilsette
betyr tryggare ungar, betre pedagogisk kvalitet og moglegheit til
å fange opp ungane frå tidleg av. God bemanning i barnehagane er
ikkje berre ei investering i ungane våre, det er ei investering
i heile utdanningsløpet.
Arbeidarpartiet er bekymra for at elevane våre
lærer dårlegare. Difor har vi over tid prioritert meir pengar til
ein praktisk og variert skulekvardag i tillegg til fleire fysiske
bøker og satsing på lesing. Eg er glad for at vi med denne budsjetteinigheita
fortset den satsinga, og slik legg vi til rette for meir læring,
trivsel og motivasjon.
Òg for høgare utdanning og forsking er budsjettet
eit bra løft. Det gjev betre vilkår for utdanningskvalitet, for
forskinga og for sterke fagmiljø over heile landet. Dette er ei
investering i framtidas arbeidsplassar og i Noregs omstillingsevne.
Vi er ikkje i mål, sjølv om årets budsjett
viser at fem parti med ulike utgangspunkt kan finne saman om å styrkje
utdanning i heile Noreg, frå dei minste ungane i barnehagen til
studentane som skal løfte Noreg inn i framtida.
Då er kontrasten til forslaga frå høgresida
stor. Dei vil splitte opp fellesskulen – meir privatisering, mindre
fellesskap – og ha dyrare barnehage og SFO. Dei vil ha kutt i nasjonale
satsingar på praktisk læring, fysiske lærebøker, studiestøtte, forsking
og kompetanse i alle faga i skulen. Det er litt av ei julegåve til
dei unge. Heldigvis får vi i dag eit budsjett som er prega av våre
verdiar. Det er fellesskap, kunnskap og moglegheiter for alle. Det
er eg «fole» stolt av.
13. okt 202518:02· Innlegg
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Det viktigaste er tryggleik,
tryggleik for barn og unge. Med Arbeidarpartiet i regjering tek
vi skule og utdanningspolitikken framover. Vi har fått til veldig
mykje, men vi er langt frå ferdige, for det er framleis mange utfordringar
å ta tak i.
Arbeidarpartiet er på vakt for å auke trivselen
i skulen. Elevane skal lære meir og betre, leseferdigheitene skal
opp, og skulen skal bli endå meir praktisk.
I barnehagen startar livet med læring, tryggleik
og fellesskap. Difor må vi ha nok trygge og kvalifiserte vaksne
i barnehagen, for kvar einaste unge fortener å bli sett, kvar einaste
dag. Fleire skal få lov til å delta i barnehage og SFO. Fellesskapet
blir større med Arbeidarpartiet i regjering, og vi har aldri hatt
så låg makspris i barnehagen som vi har no. Vi kutta maksprisen
i 2024 og fortset å kutte prisen i 2025, saman med SV og Senterpartiet.
Det betyr at fleire ungar får ta del i fellesskapet, og at barnefamiliane
får meir å rutte med når Arbeidarpartiet styrer. Dette kjem godt
med i ei tid der mykje er dyrare og mange barnefamiliar kjenner
på ei usikkerheit. Difor er det ikkje lett å skjøne for meg at ikkje
alle parti på Stortinget er einige i å halde barnehageprisen låg
og føreseieleg.
Når ungane går vidare til skulen, skal dei
møte ein skule som ser alle, som lyfter dei, og som stiller krav
som gjer at alle kan meistre. Som Arbeidarpartiet ofte seier, skal
skulen både stille krav og stille opp, for vi veit at læring skjer
i møte mellom menneske – ikkje ved tastetrykk, men gjennom samtalar,
samarbeid og meistring. Difor satsar vi på ei meir praktisk undervisning,
fleire fysiske lærebøker og mindre skjermbruk. Vi vil ha ein skule
som gjev ungane våre ferdigheiter for livet, ikkje berre til testen
neste veke, og elevane sine leseferdigheiter skal opp. Vi er heldigvis
i gang med eit leselyft, der vi òg prioriterer fysiske lærebøker,
og at ungane skal lese minst eit kvarter kvar dag.
Vi styrkjer fellesskapet. Aldri før har så
mange ungar gått på SFO. Vi har innført 12 timar gratis SFO i veka
for alle landets første- til tredjeklassingar. Det betyr utruleg mykje
for den ungen som før måtte gå heim, men som no får lov til å ta
del i fellesskapet saman med ungane i klassen sin. Slik meiner eg
vi byggjer eit sterkare fellesskap.
Arbeidarpartiet har gjort eit stort lyft for
yrkesfaga. Det meiner eg er heilt nødvendig i ei tid der vi treng
fleire fagarbeidarar i åra som kjem. I mitt fylke, Møre og Romsdal,
søkte over 60 pst. av elevane seg til yrkesfag. Vi er som samfunn
heilt avhengig av at vi utdannar fleire med fagbrev som bedriftene
våre og kommunane våre treng framover.
Tidlegare i år tok regjeringa ei klok avgjersle
om å opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag, nettopp i Molde
i Møre og Romsdal. Det er no opna, og slik kan vi bli betre på yrkesfaga
for framtida. Det styrkjer òg næringslivet vårt langs den viktige
kysten, der Møre og Romsdal ligg sentralt plassert for å utdanne
til leverandørindustri, fiskeri, bedrifter og omsorg, for å nemne
noko. Ja, yrkesfaga er ei stoltheit i Noreg. Det gjev oss fagarbeidarar i
verdsklasse som byggjer landet kvar einaste dag.
På utdanningsfeltet er det litt slik Gro Harlem Brundtland
sa det, at alt heng saman med alt. Frå barnehagen til skulen til
arbeidslivet handlar det om tryggleik, kunnskap og moglegheiter
for alle. Det er det Arbeidarpartiet står for.
Vi skal vidare. Vi skal byggje fellesskulen
– vi skal ikkje svekkje han. Når vi snakkar om fridom, snakkar vi om
fridom for ungane til å lykkast uansett kvar dei bur og kva bakgrunn
dei har. Vi skal fortsetje satsinga på høgare utdanning og forsking.
Vi skal auke næringslivet sin FoU-del og gjennomføre ein brei kompetansereform
for arbeidslivet. Vi satsar på fagskulane, med god politikk og stor
opptrapping av kapasiteten. Studentane har fått rekordstor auke
i studiestøtta, og vi byggjer rekordmange studentbustader over heile
landet. Eg håpar på mange fleire studentar med gode kår, som kan
lære godt, og som kan gjere ein god jobb for arbeidslivet framover.
13. okt 202516:50· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Eg ser gjerne framover,
men eg har lært at det er lurt å ta med historia, for ein må jo
døme etter kva ein gjorde då ein hadde makta. I dei åtte åra då
Høgre styrte, skapte dei ein skule som var for stillesitjande, som
var teoritung og skjermbasert, og der det var svakare læringsresultat.
Arbeidarpartiet har større ambisjonar for norsk skule. Vi vil gjere
han meir praktisk, la læraren vere sjefen i klasserommet og sørgje
for at elevane trivst betre og lærer meir.
Det høyrest ikkje ut som det er nokon nye tankar
frå Høgre, så då kan eg kanskje få eit betre svar om eg spør på
ein annan måte: Er Høgre no einig med Arbeidarpartiet i at elevane
må lære meir, at læraren skal vere sjefen i klasserommet, og at
det er viktigare enn det Framstegspartiet, det leiande partiet på
høgresida, meiner er det viktigaste i utdanningspolitikken, nemleg
å gå tilbake til sidestilte russebussar?
13. okt 202516:48· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Først vil eg gratulere
representanten med komitéleiarvervet, og eg ser fram til samarbeidet,
men eg må nok kome med nokre oppklaringar. For det første tek Arbeidarpartiet norsk
skule framover. Vi byggjer ein meir praktisk skule, der elevane
får bruke både hovudet og hendene, vi har gjeve lærarane tilliten
tilbake, dei er igjen sjefen i klasserommet, og vi sørgjer for at
elevane skal trivast betre og lære meir. Mens vi gjer det, kva er
det FrP, som leiande parti på høgresida, er oppteke av? Jo, det
er russebussar. Dei snakkar meir om russebussar enn om barnehagar,
lærarar og lærlingar. Då Høgre styrte i åtte år, såg vi kva dei
var til for. Resultatet av Høgre-skulen blei ein for stillesitjande,
teoritung og skjermbasert skule med svakare læringsresultat.
Eg vil gjerne få ei oppklaringa av representanten:
Er Høgre no mest einig med FrP, om at det viktigaste er russebussar,
eller med Arbeidarpartiet, om at det er læraren som er sjefen i
klasserommet, og at elevane skal få moglegheit til å lykkast?
11. jun 202512:46· Innlegg
Eg vil først og fremst
takke forslagsstillarane i partiet SV for å løfte eit tema som vi
ofte har vore ganske einige om oss imellom når vi har forhandla
både budsjett og anna. Men også etter at vi kom i regjering og har
landa gode budsjett og masse god politikk saman med m.a. Senterpartiet
og SV, har vi fått til ganske mykje for å få folk inn i arbeid.
Berre sidan vi tok over regjeringsmakta, har over 145 000 fleire
kome seg inn i arbeidslivet. Vi har innført ein ungdomsgaranti for
at det skal vere enklare for ungdom å få arbeid eller utdanning.
Dette er noko som verkar, noko som er sett i gang, og som vil gjere
at det blir enklare å få seg arbeid og stå i arbeid, og ikkje minst
bidra til at ungdom ikkje skal falle utanfor. Det har vi som fellesskap
eit stort ansvar for.
Så løftar forslagsstillarane òg noko som vi
ofte diskuterer i komiteen. Det er korleis ein skal unngå utanforskap
blant barn og unge i både idretten og andre fritidsaktivitetar.
Då vil eg berre påpeike ein del av det vi har klart å få på plass,
og som vi som fellesskap på raud-grøn side er stolte over å ha fått
til.
I det første budsjettet klarte vi for aller
første gong å få til full momskompensasjon. Det betyr at over 24 000 lag
og organisasjonar ikkje betaler skatt av dugnad. Det er store summar
som går til frivilligheita. I inneverande år er det allereie 2,65 mrd. kr
– pengar som går til frivilligheit og idrett, skaper aktivitet og
gjer at fleire får lov til å vere med. Det er ei ubyråkratisk ordning
som vi har fått til.
I tillegg har det vore dyrtid. Mange barn og
unge har slite med å betale kontingent, og det er vanskeleg å kome
inn i idrettslaga. Då sette vi oss ned og laga ei ubyråkratisk,
enkel ordning, der pengane går direkte til NIF, til idrettsråda
og idrettskretsane. Det er eit beløp på rundt 100 mill. kr som fleire
gonger i året har gått rett ut til idrettsråda, som har sørga for
lågare kontingent og at fleire kan få lov til å vere med i idretten.
Vi får tilbakemeldingar på at idretten er fornøgd med ordninga,
og vi har allereie delt ut over 555 mill. kr, som går rett ut til
dei laga som treng det aller mest.
Dette viser at ein ikkje nødvendigvis treng
eit representantforslag for å få gjennom god politikk og få løfta temaet.
Vi er allereie i gang med utruleg mykje av dette, og det er eg stolt
over at vi har fått til. Det har heller ikkje skjedd før Arbeidarpartiet
kom på vakt.
11. jun 202511:58· Innlegg
Åse Kristin Ask Bakke (A) [11:58:29] (ordførar for saka):
Eg har lyst til å starte med å takke komiteen for samarbeidet i
saka. Vi får til eit breitt fleirtal, og alle parti unntatt eitt
står bak tilrådinga. Det går eg ut frå at partiet sjølv skal prate
om seinare. Det eg har lyst til å seie, er at dette er eit ganske
tydeleg signal frå denne salen om at det breie politiske Noreg står
samla bak å gå lenger i å beskytte barn og unge i den tida vi lever
i.
Vi lever i ei tid då barn og unge blir eksponerte
for mykje reklame. Det har kanskje generasjonar opp gjennom blitt
eksponerte for, men forskjellen på i dag og før i tida er at det
skjer meir og meir òg i digitale medium. Det er ei utvikling som
skjer raskt og i kanalar som stadig er vanskelege å kontrollere.
Det digitale rommet er òg prega av ganske avansert målretting, skjult
marknadsføring og innhald som i mange tilfelle kan vere både ueigna
og skadeleg for barn.
Dette utfordrar evna vår til å ivareta eit
grunnleggjande prinsipp i forbrukarvernet om at barn skal ha eit særleg
sterkt vern. Difor, med det fleirtalet som no ligg føre i salen,
styrkjer vi handhevinga av føresegnene i marknadsføringslova, særleg
når det gjeld krava til god marknadsføringsskikk overfor barn. Vi
ønskjer å beskytte barn mot marknadsføring som utnyttar sårbarheita
deira, skaper unødvendig press, ikkje minst kroppspress, eller som
forsøkjer å påverke dei på uærleg vis.
Marknadsføringslova stiller i dag allereie
krav til korleis næringsdrivande skal opptre, men lovverket er berre
så sterkt som sanksjonane bak det er. Når ein bryt lova, må det
òg få tydelege konsekvensar. Difor ser ein òg at ein skrur opp sanksjonsmoglegheitene
i det lovforslaget som blir vedteke.
Så kan ein diskutere kor høge eller store prosentar sanksjonane
eller gebyra skal vere på. Det har vi kanskje ulike meiningar om,
men la det vere heilt klart at føremålet med desse endringane ikkje
er å straffe for straffa si skuld. Det handlar om å sende eit tydeleg
signal til næringslivet om at barn ikkje skal vere ei målgruppe
for aggressiv eller uansvarleg marknadsføring. Det skal ikkje løne
seg å bryte lova, særleg ikkje når det er tryggleiken og helsa til
barn som står på spel. Difor er eg veldig glad for at eit såpass
breitt fleirtal i Stortinget i dag gjer desse endringane i marknadsføringslova.
6. jun 202515:40· Innlegg
På vegner av saksordføraren
vil eg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet og for
noko ein gjer litt sjeldan no til dags: å gjere lovendringar her
i Stortinget i ei sak som har vore viktig for komiteen å løfte.
Så vil eg gå over til Arbeidarpartiets tankar
om lovforslaget vi behandlar i dag. Språk er meir enn berre grammatikk
og rettskriving. Det handlar om identitet, det handlar om rettferd,
og det handlar om språkleg likeverd. Som stolt nynorskbrukar er
det «fole kjekt» å sjå i dag at Stortinget behandlar ei lov for
å styrkje nynorsken si stilling i språklova.
Då Stortinget behandla språklova sist, fremja
vi forslag som diverre blei nedstemte, forslag som hadde villa styrkt
stillinga til nynorsken. Åra går, og fleirtal endrar seg. Difor
vil eg òg gje stor takk til SV, som har fremja forslaget, slik at
me saman med SV, Senterpartiet og Venstre endeleg får vedteke desse
styrkingane og får eit språkleg likeverd.
Fleirtalet i komiteen støttar dei viktige endringane
i språklova, som no går framover for å løfte nynorsken. Det inneber
ikkje ei personleg forplikting for kvar enkelt tilsett om å skrive
både nynorsk og bokmål, som enkelte kan hevde, men det handlar om
å gje leiinga ansvar for at begge målformene blir brukte, og at
tilsette skal få god opplæring og støtte. Det handlar om at ein
skal få dokumenta på nynorsk når eit regionalt statsorgan held til
i ein nynorskkommune. Det er respekt, det er demokratisk, og eg
meiner det er heilt rett.
Ved å ta desse grepa seier vi tydeleg at nynorsk
ikkje er eit sidemål, det er ei likestilt målform. Vi som samfunn
har eit ansvar for å halde det levande. Språk døyr ikkje fordi dei
ikkje blir brukte av folk flest, dei døyr fordi samfunnet vender
ryggen til.
Historia viser kven som aktivt har løfta nynorsken. Det
gjer vi òg i dag. Eg synest det er synd at det i 2025 framleis er
parti i Stortinget – på høgresida – som stemmer imot å styrkje nynorsken.
Vi får til å styrkje nynorsken med det fleirtalet
som er i Stortinget i dag. Det gjer meg stolt. Det gjer vi ikkje minst
for mangfaldet si skuld, vi gjer det for framtida si skuld, og vi
gjer det for at vi skal få fleire stolte nynorskbrukarar som meg
sjølv i framtida.
6. jun 202515:13· Innlegg
Som vi alle veit, lever
vi i ei tid då grensa mellom det digitale og det verkelege livet
er litt viska ut. Sosiale medium har på få år utvikla seg frå å
vere digitale møteplassar til å bli mektige samfunnsaktørar med
ei enorm påverking på både enkeltmenneske og demokratiske prosessar.
Difor vil eg rose forslagsstillarane for å løfte debatten, og for at
vi i komiteen har fått behandle saka og fokusere på ho. Men difor
er det òg rett og viktig at vi tek eit grundig blikk på korleis
desse plattformene blir regulerte.
Forslagsstillarane har peika på ei utvikling
som vi alle kjenner igjen: at barn og unge veks opp i ein digital kvardag
full av algoritmar, reklame og påverking, ofte utan at dei sjølve
forstår kven som styrer kva dei ser. Dei ber ikkje om sensur, dei
ber ikkje om at vi skal stoppe utviklinga – dei ber om ansvar. Det
gjer vi òg. Vi meiner at barn og unge skal ha rett til ein trygg
digital oppvekst, der vi må vi skjerme dei frå skadeleg innhald.
Vi må òg sjå kritisk på overvakingsbasert reklame, spesielt når
det er retta mot barn.
Samtidig må vi anerkjenne at mykje av dette
arbeidet er i gang. Gjennomføring av DSA-forordninga vil gje både
betre personvern, forbrukarrettar og ytringsfridom. Difor støttar
vi at dette arbeidet får gå sin gang, som regjeringa nemner, før
vi gjer ytterlegare tiltak. Men la oss vere tydelege: Regjering
og storting har eit ansvar for å følgje med. Difor vil eg rose statsråd
Tung for at ho går føre og stiller krav til næringa.
27. mai 202517:26· Innlegg
I dag står vi overfor
ei verkelegheit der barn og unge veks opp med sosiale medium og
digitale plattformer som ein naturleg del av kvardagen. Det gjev
moglegheiter for læring, deltaking og fellesskap, men det bringar
òg med seg store utfordringar, og vi deler bekymringa til forslagsstillarane
når det gjeld å beskytte barn og unge mot skadeleg innhald på nett.
Altfor mange barn blir eksponerte for valdeleg, seksualisert eller psykisk
skadeleg innhald, og slik kan vi ikkje ha det. Alle barn har rett
til ein trygg oppvekst, òg på digitale plattformer.
Samtidig må vi anerkjenne at vegen til gode
løysingar ikkje alltid er like enkel, for det handlar om meir enn
å setje ei aldersgrense. Det handlar om å finne tiltak som faktisk
fungerer, utan å skape nye problem som digitalt utanforskap eller svekt
personvern. Mange har uttrykt skepsis til aldersverifisering, særleg
ved bruk av BankID. Det er forståeleg, for ikkje alle barn og unge
har tilgang til BankID, og det er risiko for at slike løysingar
skuvar nokon ut av fellesskapet. Difor må ein velje ei teknologisk
løysing som er trygg, tilgjengeleg og ikkje minst personvenleg,
og ho må utviklast med klokskap og tett samarbeid med fagmiljøet.
Difor støttar vi regjeringa sitt arbeid med å heve aldersgrensa
frå 13 år til 15 år, og ei slik grense vil harmonisere med andre
rettar og plikter 15-åringar har i samfunnet. Vi må òg hugse at
ei aldersgrense aleine ikkje er nok. Ho må følgjast av god informasjon,
sterkare regulering og ikkje minst viktige direktiv som DSA og AI Act,
som òg vil kunne bidra til å beskytte barn mot målretta reklame
og farlege algoritmar.
Eit stort fleirtal meiner at arbeidet hastar.
Vi må finne gode og balanserte løysingar, og vi må gjere det saman,
ikkje minst med det beste for barnet som styrande prinsipp. Arbeidarpartiet
vil stemme imot det lause forslaget i saka.
27. mai 202517:20· Innlegg
Fridom blir det snakka
mykje om. Fridom for meg er at mor kan få god tilknyting til barnet
sitt. Fridom er òg at far og medmor skal få same gode tilknyting
til barnet i tidleg alder. Barnets beste er å ha ei god tilknyting
til begge foreldra frå tidleg alder av. Eg er veldig glad for at
fleirtalet i Stortinget for n-te gong stadfestar at ei raus tredelt
foreldrepermisjonsordning er det beste for barn i ein tidleg fase
av livet.
27. mai 202516:46· Innlegg
Eg er stolt over å
seie at Noreg har ei av verdas beste foreldrepermisjonsordningar.
Det handlar ikkje berre om økonomisk tryggleik; det handlar om å
gje barnet ein god og trygg start på livet og å sikre at både mor
og far får moglegheit til å knyte nære band i den mest sårbare og
verdifulle perioden av barnet sitt liv.
Nyleg blei det gjennomført fleire viktige endringar
i foreldrepengeordninga, bl.a.: Frå 1. juli 2024 fekk foreldre med 80 pst.
dekningsgrad utvida permisjonen med elleve dagar, slik at det ikkje
lenger løner seg økonomisk å velje 100 pst. framfor 80 pst. Det
gjev større fleksibilitet og kan gjere det lettare for familiar
å vere heime, og kanskje lettare å kunne amme lenger, eller å unngå
ulønt permisjon. Og frå august av blir fedrar og medmødrer sin sjølvstendige
rett til permisjon styrkt.
Dette er viktige skritt for begge foreldra
si moglegheit til at barnet kan få lik tilgang til omsorg frå begge
sine foreldre. Samtidig veit vi at tredelinga av foreldrepermisjonen
har vore og framleis er eit viktig og riktig grep, for når både
mor og far har eigne kvotar, sikrar vi at begge foreldre får verdifull
tid saman med barnet, og vi bidreg òg til ei meir likestilt omsorgsfordeling
i heimen og på sikt òg i arbeidslivet, som er til barns beste.
Erfaringa viser at når fedrekvoten blir redusert,
tek fedrar mindre permisjon. Det er ikkje vegen å gå. Difor meiner
fleirtalet i komiteen at dagens modell med ei tredeling av permisjonen
framleis er den beste løysinga. Den gjev fleksibilitet, men set
òg rammene som trengst for å oppnå viktige mål: barns beste og like
moglegheiter og sterke familiar.
La oss heller ikkje ta desse ordningane for
gjeve, for det er eit resultat av bevisste politiske val over tid.
Vi bør stå saman om fordelinga og vidareføre og styrkje den – til
det beste for barna våre og for eit samfunn med reell likestilling.
Det er rett og slett ei vinn-vinn-sak.
27. mai 202514:43· Innlegg
Eg er glad for at vi
med denne lova tek eit viktig og nødvendig steg i retning av ein
tryggare og meir ansvarleg frivillig sektor, med idretten i spissen.
Formålet er jo klinkande klart: å sikre forsvarleg behandling av
særlege kategoriar av personopplysningar når det er nødvendig for
å førebyggje, avdekkje eller reagere mot seksuelle overgrep, trakassering
og vald i idretten.
Idretten skal vere ein trygg arena for alle,
men dessverre veit vi at det finnest for mange tilfelle der det
ikkje er slik. Difor er det så viktig at Noregs idrettsforbund no
får eit konkret verktøy til å kunne gripe inn i dei alvorlege sakene
før dei skjer, når dei skjer, og i etterkant.
Dette er berre byrjinga, for som førre talar
var inne på, har mange høyringsinstansar påpeikt at behovet ikkje
stoppar ved idrettens grenser. Seksuelle overgrep, trakassering
og vald er òg problemstillingar heile den frivillige sektoren må forhalde
seg til. Difor er det gledeleg at regjeringa har varsla at ein ser
behova for heile frivilligheita i neste steg. Det må sjølvsagt følgjast
opp, og det er vi glade for at regjeringa skal kome i gang med.
Til slutt er det gledeleg at det er eit fleirtal
som støttar lova. Ikkje fordi ho løyser alle problem, men fordi
ho gjev oss det verktøyet ein har mangla, fordi barn og unge har
krav på ei trygg fritid, og fordi dei vaksne som står rundt dei,
anten dei er trenarar, leiarar eller frivillige, må få tydelege
rammer for kva som er tillate, og kva som er uakseptabelt. Tryggleik
i idretten skal ikkje vere ein visjon. Det burde vore ei sjølvfølgje.
15. mai 202512:13· Innlegg
Eg vil starte med å
takke forslagsstillarane for å løfte debatten. Intensjonen er det
nok mange av oss i komiteen som stiller oss bak, nemleg å auke antal
fritidsklubbar og opne møteplassar for barn og unge, som er eit
viktig initiativ. Vi veit alle kor avgjerande det er å ha gode fritidstilbod
og trygge arenaer der barn og unge blir møtt av kloke, trygge vaksne.
Fritidsklubbar har lenge vore ein slik arena. Dei er opne møteplassar
der barn og unge kan møtast på tvers av bakgrunn, både sosialt og
økonomisk, og er eit lågterskeltilbod som inkluderer veldig mange.
Gjennom tilskotsordninga for inkludering av
barn og unge har regjeringa styrkt dette feltet betrakteleg. Ordninga har
auka med heile 230 mill. kr, til totalt 758 mill. kr. Eg vil òg
trekkje fram regjeringa sitt arbeid gjennom handlingsplanen «Alle
inkludert!», der det blei løyvt 14 mill. kr ekstra til ungdom og
fritid for å løfte kvaliteten i fritidsklubbane lokalt. Det vil
eg seie viser både vilje og handling.
Når det gjeld spørsmålet om å lovfeste retten
til fritidstilbod, meiner vi det ikkje er vegen å gå, då det ikkje
er greidd ut kva økonomiske konsekvensar ei sånn lovpålagt teneste
vil ha, og vi veit at mange kommunar allereie er under stort press. Fleire
lovpålagde oppgåver kan føre til kutt i den andre enden. Ofte ser
vi at tilbod som er retta mot barn og unge, blir trua. Difor meiner
vi i Arbeidarpartiet at det er viktig å gje kommunane betre føresetnader
for å gje gode tenester over heile landet. Dette arbeidet har vi
teke på alvor, bl.a. gjennom både endringar i inntektssystemet,
som blei vedtekne i Stortinget i 2024, og ein auke av kommuneramma
generelt. Målet er klart: å sikre alle barn og unge gode og likeverdige
tenester, uansett kor ein bur. Då er kommuneøkonomien òg heilt avgjerande.
Heilt til slutt vil eg seie at Arbeidarpartiet
stemmer imot dei lause forslaga som ligg føre i saka.
24. apr 202512:15· Innlegg
Det vi er vitne til
i saka vi behandlar i dag, er Framstegpartiet sine gjentekne angrep
på norske og våre felles verdiar. Denne gongen dreier det seg om
NRK, som har til føremål å oppfylle noko så viktig som demokratiske,
sosiale og kulturelle behov i samfunnet, ta vare på ytringsfridomen
og medverke til at alle i Noreg får tilstrekkeleg informasjon til
aktivt å kunne delta i demokratiske prosessar. I strevet etter å
setje i verk konkurranse på alle område i samfunnet har Framstegspartiet
kome til at tida er inne til at Noreg bør kvitte seg med det ein
ser som ein urimeleg forfordelt norsk rikskringkastar, ved å selje
og setje heile eller delar av NRK på børsen. I staden for å vere
stolt over at Noreg blir kåra til å vere blant dei aller beste mediesamfunna
i verda, vel Framstegspartiet å vilje demontere det heile.
NRK har utvilsamt ei særskilt rolle. Forslagsstillarane
frå Framstegspartiet påstår i forslaget sitt at denne rolla blir
opplevd som «sterkt urimelig av mange skattebetalere som ikke benytter
seg av NRKs produkter». Det er litt underleg, men av dei såkalla
mange misfornøgde skattebetalarane har ikkje ein einaste ein valt
å late seg inspirere av Framstegspartiet sitt forslag til å late
stemma si bli høyrd når vi behandlar saka i Stortinget. Det er derimot
tre innbyggjarar som på ulikt vis innstendig ber Stortinget hindre
at Framstegspartiet får gjennomslag. Dei får stort sett følgje av
betydningsfulle og innsiktsfulle organisasjonar og forbund på presseområdet,
og det gjeld òg NRK sine konkurrentar. Eg viser dermed til høyringsinnspela.
Med aukande uro, falske nyheiter og desinformasjon
treng samfunnet vårt samlande og truverdige nyheits- og informasjonskjelder.
Vi treng redaktørstyrte medium. Kva det betyr, trur eg alle såg
under pandemien.
Spørsmålsbunken er eigentleg utømmeleg. La
meg berre nemne nokre. At NRK skal delta i ein kommersiell marknad,
vil det måtte føre til dramatiske og uføreseielege endringar og
meir reklame? Kva vil kunne skje med TV 2 viss NRK blir ein konkurrent
om reklamekronene? Kva vil eit nedsal eller sal bety for programprodusentar?
Kva med norsk språk og felles referansar i eit langstrekt og tynt
folkesett land?
Som sagt: Med dei trusselvurderingane vi ser
i ei aukande polarisert verd, og med desinformasjon som trussel,
er det heilt avgjerande å styrkje og støtte opp om dei redaktørstyrte
media, der NRK har ei heilt sentral rolle.
24. apr 202510:52· Innlegg
Åse Kristin Ask Bakke (A) [10:52:55] (ordførar for saka):
Seksuell trakassering er kanskje ein av dei største likestillingskampane
vi framleis står overfor, sjølv om seksuell trakassering fekk stor
merksemd i det offentlege ordskiftet då metoo-kampanjen starta.
Då var det mange som stod fram og delte historiene sine. Det var modige
stemmer som stod i bresjen for å ta eit oppgjer med ein trakasseringskultur
som hadde føregått altfor lenge.
Seksuell trakassering er ikkje eit isolert
fenomen. Det rammar menneske på alle samfunnsarenaer, anten det
er i arbeidslivet, i skulen, på nettet eller innanfor kulturen eller
idretten. Det er eit likestillingsproblem som skapar ei rekkje negative
konsekvensar, ikkje berre for den enkelte, men òg for arbeidsmiljøet,
læringsmiljøet og samfunnet som heilskap.
Når vi ser på kva seksuell trakassering er,
må vi òg forstå at det tek mange former, frå ord til handlingar som
er plagsame og krenkjande. Mange av dei som opplever slik trakassering,
beskriv det som audmjukande og nedverdigande.
I dette arbeidet med ei stortingsmelding vil
eg takke komiteen for det samarbeidet vi har hatt, der vi har fått behandla
dette på ein grundig og god måte og følgt opp det som førre storting
gav ei bestilling på: ei eiga stortingsmelding på området.
Arbeidet for å motverke seksuell trakassering
handlar òg om å arbeide breitt, som ein systematisk må gjere når
fokuset ikkje er det største i det offentlege ordskiftet. Men når
vi likevel ser at kvinner, unge, skeive, personar med funksjonsnedsettingar
og etniske minoritetar er spesielt utsette, er det vårt ansvar å
byggje ein kultur der trakassering er uakseptabelt, men der det
òg skal vere enkelt og trygt å seie ifrå. Dette har jo inga enkel
løysing, men vi må òg forstå at for å få bukt med seksuell trakassering
må vi som samfunn bryte med dei haldningane som ligg bak og gjev
grobotn for trakassering. Det er difor det er nødvendig med eit
omfattande likestillingsarbeid i etterkant av stortingsmeldinga,
òg fordi det handlar om moglegheita til å leve eit godt og fritt
liv.
18. mar 202513:19· Innlegg
Åse Kristin Ask Bakke (A) [13:19:09] (ordførar for saka):
Eg har lyst til å starte med å takke representantane for å setje
spelavhengnad på dagsordenen og ikkje minst medlemane i komiteen
for samarbeid i saka. Eg vil òg takke både norsk idrett og frivilligheit
for å bidra til at vi står saman om vern av sårbare spelarar, med satsing
på førebygging, styrking av hjelpetiltak og forsking – og ikkje
minst for deira innsats for å bevare einerettsmodellen og for å
støtte ansvarsarbeidet.
Den 1. mars 2022 behandla Stortinget Lov om
pengespel. Den norske pengespelmodellen blei då vedteken vidareført,
og nettopp omsynet til å kunne førebyggje speleproblem var hovudgrunnen
for Stortinget sitt vedtak.
I ettertid er det, i tråd med Stortinget sitt
vedtak, teke ei rekkje initiativ for å avgrense pengespelproblem blant
folk – reklameforbod og -avgrensingar, betalingsformidlingsforbod
og DNS-blokkering. I tillegg har vi ein eigen handlingsplan mot
speleproblem for 2022–2025, ein plan som skal fornyast og forsterkast.
Ifølgje Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning
ved Universitetet i Bergen er talet på nordmenn med speleproblem
halvert sidan førre undersøking, i 2019. Det er bra og det motiverer
òg til ytterlegare innsats kva gjeld både førebygging og behandling.
Særleg speleproblem blant unge menn ser ut til å krevje stadig auka
merksemd.
Statsråden skreiv brev 21. november i fjor
og bekrefta eit omfattande arbeid, òg i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet,
som støttar opp om intensjonen bak forslagsstillarane sitt forslag.
I tillegg går det føre seg eit viktig internasjonalt samarbeid gjennom
Forbrukarrådet når det gjeld regulering av utanlandske spel.
Arbeidarpartiet støttar forslaga slik det går
fram av innstillinga, og har forventningar til ein ny handlingsplan
mot speleproblem.
Eg vil til slutt peike på at vår pengespelmodell
står sterkt. Det blei òg bekrefta seinast i førre veke, då ei befolkningsundersøking
frå Opinion, presentert av arbeidsgjevarforeininga Spekter, slo
fast at 64 pst. støtta den, og 78 pst. meinte at det å opne for
fleire spel vil føre til fleire problem. Det er eit solid og tydeleg
svar til dei som vil endre til fordel for internasjonale kommersielle spelselskap,
som har inntening som føremål. Når det viktigaste er å hindre at
pengespel øydelegg kvardagen til folk, familiar og lokalsamfunn,
er det som betyr mest, å ta vare på den norske pengespelmodellen.
18. feb 202515:18· Innlegg
Eg har lyst til å starte
med å takke representantane frå SV for å fremje forslaget og setje
fokus på døve og teiknspråklege sine rettar. Vi støttar intensjonen
i forslaget. Dette er viktig å setje fokus på og få diskutert i
denne salen.
Saksordføraren har allereie vore inne på NOU-en frå
2023, som inneheld 65 tiltak. Utgreiinga har vore på offentleg høyring.
Det er eit viktig arbeid som er sett i gang, som Kulturdepartementet
held i, for dette handlar som sagt om like moglegheiter til å ytre
seg, til å delta i fellesskapet.
I svarbrevet sitt til komiteen understrekar
statsråden viktigheita av å få til verknadsfulle og gode tiltak på
feltet. Det arbeidet er i gang, og vi meiner at det er den mest
effektive framgangsmåten for å kunne gjennomføre politikken på området.
Så vil eg trekkje fram språklova, som trådde
i kraft i 2022, som pålegg offentlege organ eit større ansvar for «å
verne og fremje» norsk teiknspråk. Det støttar eg sjølvsagt den
dag i dag.
Vi skriv òg i saka at det har teke tid å følgje
opp NOU-en og alle tiltaka, men vi er samtidig bekymra for at ein
handlingsplan kan forseinke denne oppfølginga, noko som ikkje er
ønskjeleg, då ein treng fortgang i arbeidet. Så det vi frå komiteen
si side og fleirtalet i Stortinget – Arbeidarpartiet saman med Senterpartiet,
Høgre og Venstre, altså eit ganske breitt fleirtal – kjem med forslag
om, er at regjeringa må kome med tiltak for å styrkje satsinga på
teiknspråklege læremiddel. Det handlar om like moglegheiter, og
dette meiner vi er den mest effektive måten å få følgt opp det arbeidet
på.
13. feb 202510:31· Innlegg
Eg tenkte eg skulle
ta opp nokre viktige presiseringar i den nye lova, på vegner av
saksordføraren. For det fyrste er fleirtalets vurdering, som mange
har teke opp, at reglane er forholdsmessige, ikkje-diskriminerande
og i tråd med AMT-direktivet.
Når det gjeld språk, vil forslaget etter fleirtalets
vurdering bidra til å styrkje kulturelt og språkleg mangfald i både
Noreg og Europa. Norske myndigheiter fører ein aktiv språkpolitikk
ved å leggje til rette for bruk, utvikling og styrking av både bokmål,
nynorsk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk,
romani og romanes. Ei slik investeringsplikt varetek dette med eit legitimt
omsyn og sikrar eit minimum av produksjon for det norske språkområdet,
noko eg meiner er forholdsmessig innretta for å oppnå dette målet.
Det er ei løysing ikkje ulik det ein har i andre land i Europa.
Så vil eg presisere ein del av unntaka. I samsvar
med endringsdirektivet er det lagt inn forslag om at tenester med
låg omsetjing og lågt publikumstal skal bli unnateke frå plikta.
Vidare er det òg gjort unntak for NRK AS og for tilbydarar som ikkje
tilbyr spelefilm, dokumentarfilm, dramaseriar og dokumentarseriar.
Enkelte høyringsinstansar har kritisert at investeringsplikta ikkje skal
omfatte tilbydarar av fjernsyn, men lineære fjernsynskanalar blir
jo unnateke på grunnlag av rimelegheitsvurdering i lys av føremålet
med reguleringa og sikrar at aktørar som tener på å tilby audiovisuelle
verk, i form av drama, film og dokumentarar, òg bør bidra til å produsere
slike verk.
Eg må òg belyse at om det skulle vere tvil
om vilkåra for investering, vil fleirtalet framheve at det i lova
er etablert ein direkte samanheng mellom tenesta som blir omfatta,
og type investering som skal telje, som investeringar i drama, dokumentarar
og spelefilm. Det har heller ikkje vore intensjon om at det skal
opnast for godkjenning av investeringar i f.eks. underhaldningsprogram,
realityshow o.l. Då vil effekten av investeringsplikta òg vatnast
ut.
Som statsråden var inne på, vil regjeringa
kome tilbake til dei meir konkrete avgrensingane i forskrifta, men
la meg gjenta at fleirtalets føremål med lova er å sikre at dei
aktørane som i dag tener pengar på å vise innhald i Noreg, òg må
bidra finansielt til produksjon her. Det er eg veldig glad for at
vi får eit stort fleirtal for i dag.
Heilt avslutningsvis vil eg berre gjere merksam
på at det i papirutgåva av innstillinga ved ein inkurie har blitt ein
feil i lovforslaget på side 12. Der står det: «Ny § 22-2 skal lyde».
Det skal rettast til «Ny § 2-22 skal lyde».
13. feb 202510:06· Innlegg
På vegner av saksordføraren,
som er Torstein Tvedt Solberg, vil eg seie at dette er ein gledesdag.
Vi har endeleg gjort det mange har vurdert og jobba med i mange
år. Difor har komiteen feira innstillinga med kake saman med bransjen.
Eg vil på vegner av saksordføraren starte med
å takke komiteen for eit veldig godt og konstruktivt samarbeid.
På papiret har vi nok brukt lang tid, men med god grunn, for vi
avventa OECD-forhandlingar, slik proposisjonen gjer greie for. Det
var klokt å vente når den politiske forpliktinga fall bort og opna
for lovvedtak i saka, og tiår med lovarbeid kan difor endeleg få
sin konklusjon. Skulle forhandlingane igjen bli tekne opp og finne si
løysing, er Stortinget budd til å gjere tilpassingar deretter, slik
ein viser til i merknadene.
Arbeidarpartiet er veldig glad for at vi har
fått til eit samla, breitt fleirtal der berre Framstegspartiet står utanfor.
Gjennom reelle forhandlingar har vi jobba fram ei god løysing. Løysinga
balanserer godt det historiske prinsippet i Norge – f.eks. med tanke
på både dvd-avgifta og kinoavgifta – om at dei som tener pengar
på å vise norsk innhald, òg skal bidra til produksjon og til at Noreg
framleis er attraktivt å investere i. Det gjeld òg ei fortsetjing
av ein tydeleg språkpolitikk for å ivareta norsk språk, kultur og
identitet.
Vi blir no det 17. landet i Europa som innfører
forpliktingar forankra i AMT-direktivet. Vi har i arbeidet sett
til Spania og Nederland, som har modellar som av bransjen blir framheva
som enkle og ubyråkratiske, og som ivaretek den nemnde balansen.
Vi har òg sett til Danmark og erfaringane dei har gjort seg med
sitt kulturbidrag.
Eg trur difor vi har landa på ei løysing som
er godt tilpassa norske forhold, og som òg har teke med seg erfaringar
frå andre land, slik at vi får den best moglege modellen her til
lands. Dette er resultatet av eit langt arbeid. Mange kulturministrar
har jobba med dette. Difor er kritikken frå Framstegspartiet i merknadene
litt uvanleg, då saka er godt belyst og har vore på ei omfattande
høyring. Det som gjenstod, var å lande ei løysing, og det har vi
no gjort.
Eg ser at eg hadde på mykje på hjartet, men
taletida går fort, så eg får be om ordet ved neste anledning.
16. des 202418:21· Replikk
Noko anna som gjer
meg stolt av å vere norsk, er at vi i førre veke hadde utdelinga
av Nobels fredspris rett utanfor bygget her. Det er ein pris og
eit arbeid som eg verdset veldig høgt, og som kanskje er særs viktig
i ei tid med krig i Europa og ei generelt uroleg verd. Men det undra
meg litt, då eg las Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett, at
dei faktisk halverer tilskotet til Nobels Fredssenter. Eg kan heilt
ærleg ikkje fatte og begripe korleis Framstegspartiet meiner dette
er rett prioritering i desse dagar, når det stadig blir ei meir
og meir uroleg verd.
16. des 202418:19· Replikk
Framstegspartiet viser
tradisjonen tru sitt sanne eg. Det er massivt kutt til kultur, 5,3 mrd.
kr over heile landet. Dei kuttar massivt i mediestøtta og til NRK,
det same i filmfondet og tilskotsordninga, noko som rammar musikkfestivalar
rundt omkring i landet. I tillegg er det ostehøvelkutt på om lag
129 mill. kr, noko som òg vil ramme inkludering av barn og unge.
Framstegspartiet legg heller ikkje ei einaste ekstra krone til filminsentivordninga
i sitt alternative budsjett. Tidlegare i perioden har Framstegspartiet
òg føreslått å selje oss ut av Carte Blanche, Den Nationale Scene,
Filmparken og mange, mange fleire.
Oppsummert er det eigentleg frå første til
siste forslag i budsjettet noko eg beint fram vil kalle unorsk.
Om Framstegspartiet får styre kulturpolitikken, er det slutt på
Noreg slik vi kjenner det, meiner eg.
16. des 202417:54· Replikk
Det representanten
ikkje snakka så mykje om, var at Høgre føreslår å kutte 15 mill. kr
i vederlagsordninga, altså inngåtte avtalar der staten betalar eit
kollektivt vederlag for utnytting av verk til kunstnarane som har
skapt verket. Det gjeld bl.a. kompensasjon for framstilling av litteratur, tilgjengeleg
i format til bruk for personar med funksjonsnedsetjingar. Det gjeld
òg vederlag for publikum sin tilgang til bøker i offentlege bibliotek,
vederlag for bruk av musikk i religiøse seremoniar og bibliotekvederlag.
Det eg ikkje forstår, er at Høgre, som ofte er opptatt av privat
eigedomsrett, og med det retten til å få vederlag for sitt åndsverk,
vil frata kunstnarane vederlagsinntektene, som dei har krav på i
medhald av lova. Eg lurar på kva vederlag det er som skal kuttast,
og om Høgre kan forklare logikken sin, for det har eg ikkje heilt
forstått.
16. des 202417:44· Replikk
Filminsentivordninga
brukar vi ein del pengar på, fordi ho er viktig.
Det er hyggeleg å høyre at Framstegspartiet
er for noko i kulturbudsjettet, når dei eigentleg er imot det meste.
Dei kuttar altså 5,3 mrd. kr i kulturbudsjettet, i tillegg til ABE-kutt
på 129 mill. kr. Dette vil rasere musikkfeltet, scenekunst, institusjonar,
museum, musikkfestivalar – det aller, aller meste som nettopp skapar
den kunsten Noreg bør vere stolt av. Viss Framstegspartiet skulle
fått gjennomslag for sin kulturpolitikk, ville det ikkje vore særleg
mange kunstnarar igjen som kunne hatt råd til å gje ut den gode
kunsten eg er stolt av.
16. des 202417:42· Replikk
For vår regjering er
ein sterk frivillig sektor heilt avgjerande. Frivilligheita er knakande
god på å skaffe seg inntekter elles, men òg å få fleire frivillige.
Heldigvis ser vi at nivået på frivillige faktisk har kome tilbake
til det nivået det var før koronapandemien.
Ein viktig ting eg allereie har nemnt, er full
momskompensasjon. Det er 1 mrd. kr vi har prioritert. Dei aller
fleste gjev i tillegg òg gåver og pengebidrag, nettopp fordi ein
vil det. Der har vi ordningar som gjev tilbake til dei som gjev.
16. des 202417:40· Replikk
Det aller viktigaste
regjeringa har gjort, er å trappe opp til full momskompensasjon.
Det har vi brukt over 1 mrd. kr på, og det er pengar som blir vel
brukte ute til å skape aktivitet, og til å inkludere fleire.
Det var synd at ein av dei siste tinga Solberg-regjeringa
gjorde, var nettopp å kutte i ordninga, men vi har altså fullfinansiert
ho og gjort det år for år. Det er det aller viktigaste tiltaket
denne regjeringa har gjort.
16. des 202417:35· Innlegg
Eg vil starte med å
seie at vi lever i ei spesiell tid, med både krig i Europa, ei generelt
uroleg verd og ei tid med høge prisar som får kvar og ein av oss
til å kjenne på om ein har råd, og kva ein skal prioritere.
Eg meiner at i vår tid treng ein ikkje mindre,
men meir kultur – opplevingar som bind oss saman og fyller livet
vårt med innhald, glede og aktivitet. Då blir det endå viktigare
at våre barn og unge får delta på fritidsaktivitetar, uavhengig
av kva foreldra har i lommeboka, og at vi byggjer opp om den viktige
rolla til frivilligheita, slik at vi kan skape tilbod og inkludere
endå fleire, og at det finst idrettsanlegg, fritidstilbod og kulturtilbod
i heile landet.
Difor prioriterer vi òg i år frivilligheita,
gjennom å levere full momskompensasjon til frivillige organisasjonar
i heile landet. I løpet av denne regjeringsperioden er ordninga
auka med over 1 mrd. kr. For andre gong i statsbudsjettet gjev vi
òg millionar til idretten, nettopp for å kunne inkludere endå fleire.
I den tida vi er i no, meiner eg dette er riktige prioriteringar:
inkludere fleire og skape aktivitet.
Arbeidarpartiet vil ha eit opent, inkluderande
og mangfaldig kulturliv og ha likeverdige kulturtilbod i heile landet.
Årets statsbudsjett gjev eit lokalt kulturløft, der vi vil etablere
eigne regionale kulturfond for å bidra til gode lokalsamfunn og
eit mangfaldig kulturliv. Regionale kulturfond skal støtte opp under
ansvaret og rolla som fylkeskommunane har på kulturområdet i dag,
og bidra til endå meir aktivitet og deltaking i kunst- og kulturaktivitetar
over heile landet. Med satsinga på å styrkje frivilligheita, etablering
av regionale kulturfond og å auke styrkinga på nye og eksisterande
kulturbygg – nettopp slik sikrar vi aktivitet i heile landet.
Som sagt meiner eg at kulturpolitikken kanskje
er viktigare no enn nokosinne. Difor er eg òg glad for at det er
denne regjeringa som styrer, for når vi ser på dei alternative budsjetta
til Høgre og Framstegspartiet, bekreftar dei at valet til neste
år blir eit skjebneval for kulturlivet. For kor mykje av kulturpolitikken
blir igjen dersom Framstegspartiet får gjennom sine forslag om å
kutte det aller meste, når Høgre vil gjere det vanskelegare og dyrare
å lese bøker, og når dei tek inn 1 mrd. kr til skattekutt til dei
som har mest frå før? Både Høgre og Framstegspartiet kuttar i Kulturfondet,
så vi risikerer at musikkfestivalar over heile landet ikkje får
støtte. Òg innkjøp av bøker til både bibliotek og skulebibliotek
blir ramma.
Eit problem med å kutte i slike ordningar er
at ein ikkje fortel med reine ord kva ein vil kutte, og då kan vi ikkje
gjere noko anna enn å spekulere. Er det Moldejazz som skal få kutt
med Høgre og Framstegspartiet? Dette meiner eg folk over heile landet
fortener svar på før dei skal stemme til hausten. Høgresida innfører
òg ABE-kutt, eller ostehøvelkutt, over heile linja, som flatt råkar alle.
Det betyr eit kutt på ca. 129 mill. kr på kulturbudsjettet, som
kjem i tillegg til andre kutt som står spesifikt.
Om dei ikkje alltid vil fortelje kva dei vil
kutte, kan vi sjå på kva dei gjer når dei har makt. I Oslo ser vi
at dei kuttar i fritidsklubbar, og dei har òg strupt økonomien til
Oslo Nye Teater. I Møre og Romsdal kuttar dei bl.a. i Den kulturelle
spaserstokken og tilskotsordning for profesjonell kunst.
Eg er glad for at det – heldigvis – er ei regjering
som består av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som finn fleirtal
saman med SV i det statsbudsjettet vi vedtek. Her prioriterer vi
kultur i heile landet og frivilligheit.
16. des 202417:08· Innlegg
Tidlegare i debatten
sa representanten Kristensen frå Høgre i sitt innlegg at Høgre ikkje
hadde funne på krumspring for å få budsjettet til å gå i hop, men
også dei kuttar 100 mill. kr i kyrkjebevaring, noko som vil bety
kutt i bevaring av kyrkjene våre. Når ein omdisponerer pengar, vil
jo kutt gå ut over dei som blir kutta.
Vidare sa ho at Høgre er bekymra for barn som
veks opp i fattigdom, og framheva fritidskortet som Solberg-regjeringa
innførte, som viktig. Ho unnlét dermed å fortelje at Høgre ikkje
sjølv prioriterte ei einaste krone til fritidskortet. Dei gjorde
det ikkje i 2022, 2023 og 2024, og heller ikkje no. Dette er neppe
eit teikn på at ideen til Kristeleg Folkeparti ikkje falt i smak;
han var jo lite treffsikker, byråkratisk og dyr. Det var ei ordning
som Solberg-regjeringa brukte to år på å rulle ut, der store summar
gjekk til forvaltning av ordninga. Til slutt nådde dei om lag 10 pst.
av dei 750 000 ungane som var i målgruppa. Det var altså heller
aldri ei nasjonal ordning.
Vi må òg prate om kva ein brukar kutta sine
på, altså Høgre sine skattekutt, for når dei snakkar om at dette
er viktig for alle, vil eg trekkje fram nokre eksempel. Dei med
låge inntekter får nokre tusenlappar i skattelette, mens dei 5 000
rikaste, altså dei 0,1 pst. rikaste, får nesten éin million kvar.
På inntektsskatten vil den rikaste 0,1-prosenten få 2 500 kr i formuesskattekutt
om dagen, mens folk med vanlege lønsinntekter får 8–9 kr. Samtidig
vil dei at dei aller rikaste laksemilliardærane skal betale mindre
skatt, mens dei små lakseoppdrettarane skal betale meir, og det
å dra til tannlegen blir fire gonger så dyrt for ungdom og unge
med forslaget til Høgre. Så jo, Høgre sine skattekutt går primært
til dei rikaste i landet, og i den krevjande jobben med å finne
inndekning for desse skattekutta vel Høgre å gjere f.eks. bøker
25 pst. dyrare – i ei tid då alle er bekymra for at barn og unge
les mindre og dårlegare.
16. des 202416:53· Innlegg
Med Arbeidarpartiet
og Senterpartiet i regjering har målet vårt vore at folk skal få
betre råd, og eit statsbudsjett som gjev tryggleik for folk og tryggleik
for landet. Vi har prioritert rettferdig fordeling og velferd for
det breie laget, med lågare inntektsskatt, straumstønad, billegare
barnehagar, gratis kjernetid i SFO og ikkje minst auka barnetrygd.
I dei tre åra vi har styrt, har vi auka barnetrygda med svimlande
10,5 mrd. kr, i motsetning til Høgre og Framstegspartiet som styrte
i åtte år og auka ho med om lag 3,6 mrd. kr. Vi ser her eit klart
skilje på kven vi prioriterer når vi styrer.
Barnefamiliane har fått auka utgifter, og då
må vi som fellesskap sjølvsagt trø til. Barnetrygda er eitt døme, tilgang
til fritidsaktivitetar er eit anna. Berre i år aukar vi òg tilskotet
til barnevernet med om lag 800 mill. kr i forslaget til statsbudsjett,
som òg prioriterer å styrkje institusjonstilbodet med auka kapasitet,
fleire fosterheimar og betre helsehjelp. I den tida vi lever no,
er det kanskje endå viktigare å inkludere barn og unge. Difor er
eg stolt over den politikken som regjeringa vår fører, der målet er
å utjamne sosiale og geografiske forskjellar og førebyggje utanforskap
og fattigdom.
Gode oppvekstmiljø er ein viktig del av dette.
Vi har auka tilskotsordninga for barn og unge frå om lag 550 mill. kr
i 2022 til om lag 750 mill. kr i budsjettforslaget for neste år.
Her er gode tiltak som fritidsklubbar, kontingent- og aktivitetskasse,
organisasjonen MOT, Ferie for alle og stiftelsen BUA, som er eit
genialt konsept der ein låner ut idretts- og friluftsutstyr gratis.
Alle desse får tilskot derifrå. Dei har gode tiltak og jobbar effektivt med
å inkludere endå fleire barn og unge i fritidsaktivitetar.
I løpet av debatten la eg merke til representanten Kristensen,
som var innom barnefattigdom, eit område vi begge er opptekne av.
Ho nemnde òg barnefattigdom i sentrale strøk, og då kan eg ikkje
dy meg for å sjå på kva partiet Høgre gjer når dei styrer såkalla
sentrale strøk, der Oslo jo er eit ganske godt døme. Der prioriterer
dei skattekutt, og samtidig sender dei rekninga til bydelane, som
gjev kutt i fritidsklubbar og aktivitetar for barn og unge over
heile linja. Det kan jo hende at Oslo Høgre har blitt inspirert
av Høgres alternative budsjett her på Stortinget. I sitt alternative
statsbudsjett vil partiet ha skattekutt der 80 pst. av kutta går
til den eine aller, aller rikaste prosenten. Det er jo då å sende
rekninga på fleire tusen kroner til familiar med ungar i barnehage.
Eg er glad for at det er Arbeidarpartiet og
Senterpartiet på lag med SV som har losa gjennom eit statsbudsjett,
der ein for tredje år på rad har prioritert lågare barnehageprisar,
gratis kjernetid i SFO og auka barnetrygd, og eg kunne ha nemnt
i fleng vidare. Vi brukar altså samfunnsmodellen vår til å fordele,
og eg meiner at dette er ei heilt rett prioritering i ei tid der
veldig mange familiar slit med å få pengane til å strekke til.
5. des 202411:14· Replikk
Kuttiveren til Framstegspartiet
stoppar ikkje berre med kulturen. Dei føreslår òg å kutte fleire
hundre millionar kroner til Den norske kyrkja. Det kan vel ikkje
tolkast som noko anna enn ei rasering av folkekyrkja, noko som er
dramatisk for alle lokalkyrkjene våre over heile landet. Det skapar
stor usikkerheit for alle tilsette i lokalkyrkjene dersom Framstegspartiet
skulle få makta neste år. I forslaget til partiprogram vil dei òg
fjerne alle pengane som går til trussamfunna, så dette budsjettforslaget
er vel berre ein forsmak på kva Den norske kyrkja og den norske
befolkninga kan vente seg med Framstegspartiet. Det bør alle, både
dei som går i kyrkja jamleg, og dei som berre er der ved høgtider,
merke seg. Eg lurer på om det er ein slags ny – men ikkje så hyggjeleg
– juletradisjon viss Framstegspartiet skulle få makta, at ein begynner
med f.eks. inngangspengar for å kome inn i kyrkja?
5. des 202411:12· Replikk
Med Arbeidarpartiet
i regjering prioriterer vi kultur i heile landet, i motsetning til
Framstegspartiet i sitt forslag, som kuttar mange milliardar til
kultur. Dette vil ramme barn og unge ved at dei ikkje lenger har
tilgang til bibliotek eller skulebibliotek. Teatera i landet og
festivalar vil ikkje lenger få støtte og vil kunne forsvinne frå
bygd og by. Då vi tidlegare i denne perioden behandla statleg eigarskap,
føreslo Framstegspartiet å selje oss ut av Carte Blanche, Den Nationale
Scene, Den Norske Opera & Ballett, Filmparken, Nationaltheatret,
Rogaland Teater, Talent Norge og Trøndelag Teater, og i tillegg
til det avvikle Norsk Tipping, noko som vil bety ei rasering av frivilligheita
og idretten. Og ikkje nok med det, i tillegg vil ein sende NRK på
børsen.
Frå første til siste forslag vil eg kalle dette
beint fram unorsk. Er det slik å forstå at om Framstegspartiet får styre
kulturpolitikken framover, så er det slutt på Noreg slik vi kjenner
det?
3. des 202413:33· Innlegg
Arbeidarpartiet har
gått i front for rettane til kvinner og kjempa fram abortlova i
1975 og lova om sjølvbestemt abort i 1978. Eg er kry av at vi heile
tida har stått støtt på retten til å bestemme sjølv i abortsaka
som ein grunnleggjande verdi i Noreg. Abortlova vi har i dag, har
stått seg lenge, sjølv om ho i nyare tid har blitt utfordra av tidlegare regjeringar.
Når vi no diskuterer å endre og fornye abortlova, er det nettopp
for å styrkje retten kvinna har til å bestemme sjølv. No står vi
også i front for neste skritt i abortomsorga.
Når vi ser korleis praksisen av abortlova har
stått seg i mange år, har vi òg erfaringar som har vist oss nokre ulemper.
Då meiner eg det er heilt rett at vi endrar ho, fornyar ho og gjer
ho meir moderne for dagens kvinner, men ikkje minst for neste generasjon,
som kjem etter oss. Mange kvinner som må gå gjennom nemndbehandling,
fortel sjølve at dei opplever det som vanskeleg. Nettopp difor gjer
vi desse endringane, for vi veit at vi kvinner veit sjølve kva som
er best for oss og vår situasjon. Difor er det heilt rett å avvikle
nemnda til veke 18.
Eg vil ta nokre fakta, så det er klart i saka,
for vi har gode tal på det: Vi veit at alle som finn ut at ein er
gravid og ikkje vil behalde barnet, som regel tek abort så tidleg som
dei kan. Det viser òg statistikken vi har. 95 pst. av alle abortar
skjer før veke 12, og heile åtte av ti abortar skjer før veke 9.
Det seier oss eigentleg heilt klart at ingen ventar lenger enn dei
må med å ta abort. Difor er dei endringane vi no skal gjere, heilt
rett, meiner eg, og dei er òg nødvendige for å tilpasse oss dagens
praksis og framtida.
Til slutt: I dag er ein historisk dag. For
alle kvinner som lever i dag, og for kvinner i framtida og neste
generasjon, får vi styrkt våre rettar, og vi får eit fleirtal i
Stortinget som står opp for retten kvinner har til å bestemme sjølve.
3. des 202410:25· Replikk
I Framstegspartiets
ideologiske grunnlag i forslaget til partiprogram står det:
«Et liberalistisk menneskesyn legger
vekt på at alle er selvstendige individer med selvstendig verdi. Den
beste måten å ivareta menneskers ulike behov på er å la dem få mer
makt over eget liv.»
Når eg høyrer representanten Hoksrud snakke
om saka i dag, må eg spørje: Skal dette òg gjelde kvinner, og spesielt
kvinner som står i ei avgjersle om å ta abort?
21. nov 202413:48· Innlegg
Eg vil starte med å
seie takk til dei som har sett saka på dagsordenen, og som gjer
at vi får lov til å diskutere ho her i dag.
Mange av dagens barn og unge lever store delar
av livet sitt på nett. Her spelar dei, kommuniserer med kvarandre,
deler bilde og informasjon og hentar inspirasjon til nye trendar.
Det er likevel òg nokre baksider ved dette. Som forslagsstillarane
tek opp, blir dagens barn og unge – og stadig yngre barn – eksponerte
for porno. Sjølv om dette ikkje er ein debatt om digitaliseringa
som har skjedd for fort, er vi jo alle bekymra for både tidsbruken,
dei unge si psykiske helse og kva informasjon ungane våre får tilgang
til på nett.
Med den utviklinga vi ser, der barn og unge
har dårlegare psykisk helse, blir utsette for meir reklamepress og
møter på ueigna innhald, bør vi vere bekymra. Difor har regjeringa
bl.a. stramma inn på bruk av skjermar i skulen, sett ned eit skjermbrukutval,
laga nasjonale retningslinjer for barnehage- og skuleeigarar, laga
ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst og auka aldersgrensa
for sosiale medium til 15 år.
Når det er sagt, må vi som politikarar i sånne
saker som dette òg hugse å puste litt med magen og tenkje oss om,
for vi kan ikkje forby alt vi ikkje likar, og vi må frå staten si
side ikkje overstyre landets kommunar i vår gode iver etter å gjere
noko med problemet. Vi har eit kommunalt sjølvstyre, som vi i Arbeidarpartiet
har stor respekt for, og det å vedta noko som vil overstyre kommunane,
er vi heller ikkje interesserte i å gjere. Vi stemmer difor ned
forslaga. Det gjeld spesielt forslag nr. 2, som eigentleg er svært
inngripande, der ein òg vil sensurere kva folk kan gjere i sine
private heimar, fordi dei bur i kommunale bustader.
Her er vi opptekne av demokratiet og ytringsfridomen,
og me overlèt eigentleg vurderingane om kva kommunane skal gjere,
til dei sjølve fordi dei kjenner sin kommune best. Difor seier vi
nei til å sensurere kva folk skal få av informasjon, og stemmer
då som sagt ned forslaga, samtidig som vi jobbar vidare med fleire
grep for å sikre endå betre beskyttelse av barna og ungane våre,
òg på nettet.
21. nov 202413:29· Innlegg
Debatten har eigentleg
berre konstatert at viss høgresida igjen skulle få makta, blir ideologi
igjen det viktigaste – å privatisere der ein kan privatisere.
Her snakkar vi om dei mest sårbare barna i
samfunnet. Arbeidarpartiet meiner at kvar einaste krone bør gå til
å hjelpe dei ungane, ikkje til kommersiell profitt. Det er ikkje
berre når det gjeld barnevernet ein har ideologiske skylappar; dette
er gjennomgåande og gjeld òg i synet på f.eks. helsevesenet. Der
har ein sett at generell tilgang til midlertidigheit betyr at det
blir større bruk av innleie, brukarane får fleire folk å forhalde
seg til, og kompetansen blir vanskelegare å utvikle på kvar enkelt arbeidsplass.
Det er sløseri med både folk og pengar.
Den situasjonen vi har i barnevernet i dag,
har vi arva frå førre regjering. Solberg-regjeringa bestilte og fekk
ei rekkje rapportar – òg kritiske – frå mange, bl.a. helsetilsynsrapportar,
og ein kunne ha følgt opp ein del ting som hadde gjort at ein hadde
vore betre stilt i dag.
Regjeringa leverer snart ei kvalitetsreform
og har i inneverande år òg satsa på det statlege tilbodet. Det viser
at vi er i gang, og vi gjer det fordi kvar krone bør gå til å hjelpe
dei ungane som treng det aller, aller mest. Vi veit at viss vi satsar
på det offentlege og dei ideelle, får ein betre kvalitet i barnevernet
fordi ressursane blir i barnevernet framfor å forsvinne ut i kommersielle
selskap. Omsynet til ungane og behovet for å sikre inngrep på lavast
mogleg nivå sikrar at ein får dei beste tenestene, der ein ikkje
har som føremål å tene pengar. Gjennomgåande har det vist seg at
profitt er eit svært dårleg motiv for å drive barnevern.
21. nov 202412:08· Innlegg
Eg er glad for at Noreg
har toppa gode statistikkar når det gjeld både ytringsfridom og
mediemangfald, men det har jo vore slik fordi vi ikkje har hatt
den politikken som Framstegspartiet no vil ha, som å fjerne all
pressestøtte og leggje ned NRK. Kva skjer då med dei redaktørstyrte media?
Dette har vore grunnlaget for at vi har toppa dei nemnde statistikkane
i mange år.
Vi høyrer at Framstegspartiet snakkar varmt
om ytringsfridomen. Samtidig går dei ofte i bresjen for ytringsfridomen
når det passar dei. For meg er det ikkje å kjempe for ytringsfridom
når ein, som Framstegspartiets representant Per-Willy Amundsen gjorde,
boikottar avisa Nordlys i eitt år, eller når Christian Tybring-Gjedde oppfordrar
til å boikotte Aftenposten. Ein kjempar heller ikkje for ytringsfridomen
når ein blir så provosert av innhaldet at ein tvingar SAS til å
trekkje tilbake heile opplaget av magasinet sitt, eller når ein
vil brenne siste utgåve av ei lokalavis. Ein kjempar heller ikkje
for ytringsfridomen når ein trugar med å trekkje tilbake den offentlege
støtta til eit teater som har sett opp eit provoserande stykke,
eller til ein organisasjon som ikkje er nøytral nok. Ein kjempar
heller ikkje for ytringsfridomen når ein år etter år har forsøkt
å kutte i pressestøtta, og når ein tek til orde for at avisene først
er frie når dei er utan økonomisk støtte.
Vi bevarer ytringsfridomen best når vi opprettheld og
aukar pressestøtta og sørgjer for at dei redaktørstyrte media kan
få gje ut den gode, kritiske journalistikken som dei gjer. Vi treng
ein aktiv mediepolitikk òg for å verne om ytringsfridomen i framtida.
21. nov 202411:47· Innlegg
Eg har lyst til å starte
med å takke kultur- og likestillingsministeren for ei grundig utgreiing.
Lat meg begynne med temaet viktigheita av ytringsfridom
for demokratiet vårt og truslane som følgjer med utviklinga av kunstig
intelligens og desinformasjon. Som mange allereie har sagt i dag:
Ytringsfridomen er grunnsteinen i demokratiet vårt. Han gjev oss
moglegheita til å uttrykkje våre tankar, meiningar og idear, og det
er gjennom ytringsfridomen vi kan debattere, dele kunnskap og diskutere
kva slags samfunn vi vil ha. Samtidig lever vi i ei verd der denne
fridomen er under press, og bekymringar knytte til desinformasjon
har vi sett fleire og fleire eksempel på i takt med at informasjonen òg
spreier seg raskare enn nokosinne.
Samtidig står vi overfor ei ny utfordring,
utvikling av kunstig intelligens, som byr på mange moglegheiter, men
som òg byr på ein del utfordringar. Der ser ein system som kan brukast
til å manipulere meiningar, og til å undergrave ytringsfridomen
når ein opnar debatten. Algoritmar i sosiale medium skaper ekkokammer
der ein berre blir eksponert for synspunkt ein allereie er einig
i, og dermed svekkjer ein mangfaldet av stemmer i debatten. Dette
kan òg føre til ei ytterlegare polarisering av samfunnet vårt og
ei svekking av den frie debatten. Her må vi vere på vakt.
Heldigvis viser vi ganske stor tillit i dette
landet, og vi har også tillit til redaktørstyrte medium. Det må
vi hegne om, og vi har sett at ein aktiv mediepolitikk gjev resultat.
Med eitt år igjen til valet bør vi òg sjå på kva alternativet til
den aktive mediepolitikken vi har i dag, er. Eg er bekymra når eg
ser på alternativa som Framstegspartiet har i sine programutkast,
og forslag som er fremja i salen før om å fjerne mediestøtta og
leggje ned NRK. Det meiner eg er uklokt. Eg trur det er viktig å
ta med oss inn i debatten at vi heller ikkje vil tilbake til den tida
då vi hadde ein statsråd frå Framstegspartiet som brende aviser
fordi ein var ueinig.
3. okt 202418:20· Innlegg
I usikre tider treng
vi ei trygg styring for eit trygt og meir rettferdig Noreg, der
alle har like moglegheiter, der fellesskapet og tilliten står høgt,
og der forskjellane er små. Difor er eg «fole» glad for at det er
Arbeidarpartiet og Senterpartiet som styrer landet, for i ei tid
der vi ser auka polarisering og store forskjellar, treng vi eit
land med sosialdemokratisk politikk, der ein prioriterer å redusere
forskjellane mellom folk og sikrar at fleire kan delta og byggje
eit sterkare fellesskap.
Sidan Arbeidarpartiet tok over regjeringsmakta,
har vi fått til mykje. Det er kome 140 000 fleire i jobb. Velferda
er styrkt, og vi har prioritert billigare barnehage, lågare SFO-prisar
og betre rammer for studentane. Vi har prioritert inkludering, auka
barnetrygda, styrkt retten til heile og faste stillingar, innført
pensjon frå første krone og sørgt for halverte ferjepriser eller
gratis ferje.
I krevjande tider har vi prioritert, og vi
må alltid hugse på at sjølv i krevjande tider skal vi òg ha noko
å leve av og noko å leve for. Denne regjeringa har vist at i sånne
tider treng ein meir, og ikkje mindre, kultur, og difor har vi prioritert
kultur i heile landet. Dessverre har vi sett at mange plassar har
Høgre og Framstegspartiet fått makta i kommunane rundt om i Noreg,
og der ser vi kva dei har prioritert. I motsetning til kva vi gjer
i krevjande tider, ser vi at der er det kultur og inkludering av
barn og unge som ryk først. Vi ser i kommune etter kommune, i Bergen
og Oslo og mange andre plassar, at det er kulturen som ryk når dei
får makta, mens Arbeidarpartiet i regjering set kultur i fokus.
Det er eg glad for.
Vi har framleis store forskjellar i samfunnet
vårt, og det rammar spesielt barn og unge ekstra. Er det vanskeleg
heime, kan det fort bli vanskeleg ute òg dersom ein ikkje har vaksne
som stiller opp, og mange fell ut av skulen – nokon fell kanskje
ut allereie i barnehagen. Likevel: Sjølv om utfordringane er store,
kan vi gje mange ein betre oppvekst og kvardag. I ei tid der mange
familiar slit ekstra økonomisk, er eg stolt over at vi i fjor og
i år, saman med Idrettsforbundet, har løyva til saman drøyt 250 mill. kr
direkte til klubbar i kommunar som har spesielt mange slike familiar.
Slik kan dei klubbane, som fungerer godt til tross for at mange
ikkje har betalt kontingent, inkludere endå fleire, uansett kva
storleiken på lommeboka til foreldra er.
Rolla til kultur, idrett og frivilligheit kan
ikkje overvurderast. Arbeidarpartiet er oppteke av å skape eit tryggare
lokalmiljø for folk og prioriterer fellesskap i lokalsamfunna og
tilbod som fyller livet til folk med meining. I krevjande tider
treng vi ikkje mindre av det, vi treng å styrkje frivilligheita,
idretten og kulturen. Dei skapar tilbod over heile landet, inkluderer
alle og gjev dei moglegheit til å ta del. Vi treng kulturtilbod
som utfordrar oss og inspirerer oss, og vi treng dei fellesskapa
ein finn på fotballbanen, i korpset og i frivilligheita.
Viss vi vil ha eit samfunn der ingen står utanfor,
må vi fortsetje å prioritere inkludering og deltaking. Difor er eg
glad for at vi har prioritert idrett, kultur og ei sterk frivilligheit.