Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 13. feb 2025

Innlegget
Eg tenkte eg skulle ta opp nokre viktige presiseringar i den nye lova, på vegner av saksordføraren. For det fyrste er fleirtalets vurdering, som mange har teke opp, at reglane er forholdsmessige, ikkje-diskriminerande og i tråd med AMT-direktivet. Når det gjeld språk, vil forslaget etter fleirtalets vurdering bidra til å styrkje kulturelt og språkleg mangfald i både Noreg og Europa. Norske myndigheiter fører ein aktiv språkpolitikk ved å leggje til rette for bruk, utvikling og styrking av både bokmål, nynorsk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Ei slik investeringsplikt varetek dette med eit legitimt omsyn og sikrar eit minimum av produksjon for det norske språkområdet, noko eg meiner er forholdsmessig innretta for å oppnå dette målet. Det er ei løysing ikkje ulik det ein har i andre land i Europa. Så vil eg presisere ein del av unntaka. I samsvar med endringsdirektivet er det lagt inn forslag om at tenester med låg omsetjing og lågt publikumstal skal bli unnateke frå plikta. Vidare er det òg gjort unntak for NRK AS og for tilbydarar som ikkje tilbyr spelefilm, dokumentarfilm, dramaseriar og dokumentarseriar. Enkelte høyringsinstansar har kritisert at investeringsplikta ikkje skal omfatte tilbydarar av fjernsyn, men lineære fjernsynskanalar blir jo unnateke på grunnlag av rimelegheitsvurdering i lys av føremålet med reguleringa og sikrar at aktørar som tener på å tilby audiovisuelle verk, i form av drama, film og dokumentarar, òg bør bidra til å produsere slike verk. Eg må òg belyse at om det skulle vere tvil om vilkåra for investering, vil fleirtalet framheve at det i lova er etablert ein direkte samanheng mellom tenesta som blir omfatta, og type investering som skal telje, som investeringar i drama, dokumentarar og spelefilm. Det har heller ikkje vore intensjon om at det skal opnast for godkjenning av investeringar i f.eks. underhaldningsprogram, realityshow o.l. Då vil effekten av investeringsplikta òg vatnast ut. Som statsråden var inne på, vil regjeringa kome tilbake til dei meir konkrete avgrensingane i forskrifta, men la meg gjenta at fleirtalets føremål med lova er å sikre at dei aktørane som i dag tener pengar på å vise innhald i Noreg, òg må bidra finansielt til produksjon her. Det er eg veldig glad for at vi får eit stort fleirtal for i dag. Heilt avslutningsvis vil eg berre gjere merksam på at det i papirutgåva av innstillinga ved ein inkurie har blitt ein feil i lovforslaget på side 12. Der står det: «Ny § 22-2 skal lyde». Det skal rettast til «Ny § 2-22 skal lyde».
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat