Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. feb 2025

Innlegget
Eg har lyst til å starte med å takke representantane frå SV for å fremje forslaget og setje fokus på døve og teiknspråklege sine rettar. Vi støttar intensjonen i forslaget. Dette er viktig å setje fokus på og få diskutert i denne salen. Saksordføraren har allereie vore inne på NOU-en frå 2023, som inneheld 65 tiltak. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Det er eit viktig arbeid som er sett i gang, som Kulturdepartementet held i, for dette handlar som sagt om like moglegheiter til å ytre seg, til å delta i fellesskapet. I svarbrevet sitt til komiteen understrekar statsråden viktigheita av å få til verknadsfulle og gode tiltak på feltet. Det arbeidet er i gang, og vi meiner at det er den mest effektive framgangsmåten for å kunne gjennomføre politikken på området. Så vil eg trekkje fram språklova, som trådde i kraft i 2022, som pålegg offentlege organ eit større ansvar for «å verne og fremje» norsk teiknspråk. Det støttar eg sjølvsagt den dag i dag. Vi skriv òg i saka at det har teke tid å følgje opp NOU-en og alle tiltaka, men vi er samtidig bekymra for at ein handlingsplan kan forseinke denne oppfølginga, noko som ikkje er ønskjeleg, då ein treng fortgang i arbeidet. Så det vi frå komiteen si side og fleirtalet i Stortinget – Arbeidarpartiet saman med Senterpartiet, Høgre og Venstre, altså eit ganske breitt fleirtal – kjem med forslag om, er at regjeringa må kome med tiltak for å styrkje satsinga på teiknspråklege læremiddel. Det handlar om like moglegheiter, og dette meiner vi er den mest effektive måten å få følgt opp det arbeidet på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat