Replikk · 19. feb 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

Innlegget

Eg vil understreke det eg sa i stad, at risikoane og sårbarheitene knytte til så stor innsamling av data, har personvernmessige sider ved seg. Me er også veldig opptekne av å sikre at det får dei verknadene me ynskjer. For eksempel meiner eg det er negativt om ein risikerer at ei løysing vil føre til marknadsføring av lån osv. Eg er glad for at representanten er glad for det me no skal sende på høyring denne våren. Det kjem til å ivareta desse omsyna. Då er det berre å vente i spenning, så kjem det snart, i løpet av våren.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat