Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. mar 2025

Innlegget
Me veit jo at den såkalla gratisferje-ordninga ikkje er fullfinansiert frå staten til fylkeskommunane. Restrekninga vert send over til fylkeskommunane, som driv tenesta, og dette går då ut over andre fylkeskommunale tenester. Det er ei utfordring. Eg registrerer at statsråden seier at det vert enklare for folk å bu langs kysten med gratis ferje, men det er ikkje enklare når ein vert ståande igjen på kaien og ikkje kjem med ferja, og når laksen vert ståande på kaien og ikkje kjem med ferja. Difor har fylkeskommunane og kommunane kome med ein del forslag til statsråden om korleis dette kan løysast, men så langt er dei aller fleste forslaga berre refuserte. Er det mogleg at statsråden kan tenkja litt om igjen no, når me berre har Arbeidarpartiet i regjering, når det gjeld dei forslaga fylkeskommunar og kommunar har kome med?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat