Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. mar 2025

Innlegget
No er det slik at det er staten som har påført fylkeskommunane denne utfordringa, fordi det er staten som har kome inn med gratisferjetilbodet, eller som har sagt at det skal vera tilbod, men det er fylkeskommunane som må plukka opp rekninga, òg viss dei då vil ha meir ferje, som er heilt nødvendig for at dette skal tilfredsstilla det kravet fastbuande og næringsliv har. Eg opplever ikkje at statsråden heilt anerkjenner problemstillinga. Det hadde vore greitt å høyra om statsråden anerkjenner at dette er ei problemstilling me er nøydde til å gripa fatt i, og som me er nøydde til å finna gode løysingar på no, før me står oppe i den same situasjonen med sommarsesong, der fastbuande og næringsliv vert ståande igjen på kaien.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat