Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. mar 2025

Innlegget
Det er mange grunnar til at transportsektoren er ei viktig brikke for å få ned klimagassutsleppa. Dette er ein stor sektor med ein stor andel klimagassutslepp, og i fleire av transportsegmenta er teknologien komen ganske langt. Noreg har lagt til rette for å få fram nullutsleppskøyretøy. Det betyr at me òg langt på veg har nådd våre mål for nybilsal i personbilsegmentet. Representantforslaget løftar likevel nokre prinsipielle spørsmål som er verde å dvela litt ved, og som har fått ytterlegare aktualitet i desse dagar. Det går sjølvsagt på beredskapssituasjonen og energiavhengigheit i transportsektoren. Forslaget set likevel likskapsteikn mellom at ein køyretøypark på el er meir sårbar enn ein køyretøypark på diesel og bensin. Det kan vera rett, men det treng ikkje vera det. Me treng òg distribusjonsnett for bensin og diesel i ei krisetid. El kan med klokskap produserast lokalt og treng difor ikkje vera avhengig av eit distribusjonsnett. Dette fortel oss at me treng fleire energiberarar i transportsystemet, og det varetek transportsektoren i dag. Me vil ikkje i overskodeleg framtid vera avhengig av berre éin energiberar i transportsektoren, og beredskap står som eit av sjekkpunkta når fylkeskommunane kjøper inn eksempelvis nye bussar, som skal inn i beredskapsarbeidet. Det betyr kanskje at det må kjøpast inn dieselaggregat dersom bussflåten berre skal gå på el. Alternativt kan ein vurdera lokal energiproduksjon med batteri. Slik Høgre opplever det, er innkjøp frå det offentlege no rigga for å vareta dei beredskapsvurderingane som er nødvendige, og me har ein robust bilpark med mange energiberarar. Me vel difor å stemma mot dette forslaget. Så til Senterpartiets forslag, som har kome frå komitéleiaren: Det er eit forslag som strengt teke høyrer heime i finanskomiteen og i ein budsjettdebatt. Her kjem Høgre òg til å stemma imot. Ei lita stemmeforklaring: Me er opptekne av å halda skattar og avgifter nede, inklusiv å kompensera folk når CO2-avgifta aukar. I vårt alternative budsjett gjorde me nettopp det, gjennom å setja ned trafikkforsikringsavgifta. For ein gjennomsnittleg bilist gjekk dette då i null. Folk skal kompenserast når avgiftene aukast, og det skal koma tilbake gjennom lågare skattar og avgifter, samtidig som me varetek prinsippet om at forureinar skal betala.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat