Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. mar 2025

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Åse Kristin Ask Bakke (A) [13:19:09] (ordførar for saka): Eg har lyst til å starte med å takke representantane for å setje spelavhengnad på dagsordenen og ikkje minst medlemane i komiteen for samarbeid i saka. Eg vil òg takke både norsk idrett og frivilligheit for å bidra til at vi står saman om vern av sårbare spelarar, med satsing på førebygging, styrking av hjelpetiltak og forsking – og ikkje minst for deira innsats for å bevare einerettsmodellen og for å støtte ansvarsarbeidet. Den 1. mars 2022 behandla Stortinget Lov om pengespel. Den norske pengespelmodellen blei då vedteken vidareført, og nettopp omsynet til å kunne førebyggje speleproblem var hovudgrunnen for Stortinget sitt vedtak. I ettertid er det, i tråd med Stortinget sitt vedtak, teke ei rekkje initiativ for å avgrense pengespelproblem blant folk – reklameforbod og -avgrensingar, betalingsformidlingsforbod og DNS-blokkering. I tillegg har vi ein eigen handlingsplan mot speleproblem for 2022–2025, ein plan som skal fornyast og forsterkast. Ifølgje Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning ved Universitetet i Bergen er talet på nordmenn med speleproblem halvert sidan førre undersøking, i 2019. Det er bra og det motiverer òg til ytterlegare innsats kva gjeld både førebygging og behandling. Særleg speleproblem blant unge menn ser ut til å krevje stadig auka merksemd. Statsråden skreiv brev 21. november i fjor og bekrefta eit omfattande arbeid, òg i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, som støttar opp om intensjonen bak forslagsstillarane sitt forslag. I tillegg går det føre seg eit viktig internasjonalt samarbeid gjennom Forbrukarrådet når det gjeld regulering av utanlandske spel. Arbeidarpartiet støttar forslaga slik det går fram av innstillinga, og har forventningar til ein ny handlingsplan mot speleproblem. Eg vil til slutt peike på at vår pengespelmodell står sterkt. Det blei òg bekrefta seinast i førre veke, då ei befolkningsundersøking frå Opinion, presentert av arbeidsgjevarforeininga Spekter, slo fast at 64 pst. støtta den, og 78 pst. meinte at det å opne for fleire spel vil føre til fleire problem. Det er eit solid og tydeleg svar til dei som vil endre til fordel for internasjonale kommersielle spelselskap, som har inntening som føremål. Når det viktigaste er å hindre at pengespel øydelegg kvardagen til folk, familiar og lokalsamfunn, er det som betyr mest, å ta vare på den norske pengespelmodellen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Åse Kristin Ask Bakke (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 18. mar 2025 — OverStortinget