Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 25. mar 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Etter mange år med jamn nedgang i talet på trafikkdrepne har talet på omkomne auka noko i snitt dei to siste åra, og den positive utviklinga me hadde, kan synast å ha stagnert. Utviklinga viser klart at me er på etterskot i forhold til målkurva me har sett oss fram mot 2030 og 2050 for trafikkdrepne og hardt skadde i trafikken – og dessverre aukar etterslepet. Det er fleire forhold som gjer at me får fleire drepne i trafikken. Køyring i rusrelatert tilstand er eit av dei. Dette er forhold me har mykje statistikk på, me veit mykje om årsaksforholda, me veit kva som verkar, og me veit kva personar dette gjeld. Likevel må me ikkje gløyma at bak statistikken finn me liv som har gått tapt, og vener og kjære som aldri kom heim att. Undersøkingar viser at det dagleg vert køyrd 140 000 turar i Noreg av ruspåverka førarar. Frå politiet sin eigen tilstandsanalyse finn me at køyring i ruspåverka tilstand sannsynleg var medverkande i 20 pst. av dødsulykkene i 2023. Me ser ein aukande del av annan rus enn alkohol, både blant dei drepne i trafikken og blant dei som er rustekne bak rattet av politiet, samtidig som alkoholpåverka køyring framleis er like utbreidd i trafikken. Av 19 dødsulykker med rus har 9 vore med alkohol, 4 med blandingsrus og 6 med annan type rus. Flest tilfelle av ruspåverka køyring vart ikkje overraskande avdekt natt til laurdag og natt til søndag – alkohol i 46 pst. av sakene i 2023, medan annan rus vart avdekt i 63 pst. Dei fleste tilfella av ruspåverka køyring skjer med personbil – 81 pst. i 2023 – medan tungbil, MC og moped i liten grad var representerte. Ein etter forholda stor del av førarane er melde for ruspåverka køyring. Dei har òg vorte melde for same forhold fleire gonger. Av dei vel 10 000 personane melde for ruspåverka køyring i 2023 var ca. 73 pst. melde for andre forhold i perioden 2019–2023. Det vanlegaste var trafikkbrot, som køyring utan gyldig førarkort, der ruskøyrarane var registrerte melde for til saman 9 000 tilfelle av køyring utan førarkort i perioden 2019–2023. Difor er me sjølvsagt glade for at regjeringa no endeleg har følgt opp det Høgre og Framstegspartiet tok til orde for i 2023, og som politiet òg sjølv har peika på, nemleg høve til å ta frå bilistar køyretøyet ved alvorlege trafikkbrot, og ikkje berre førarkortet. Fleire spyttestar er no tilgjengelege for UP-patruljar, og i tillegg er eit stort tal spyttestar tilgjengelege til bruk i politidistrikta. Det har gjort det lettare å avdekkja køyring under påverka tilstand av annan rus enn alkohol. Frå 1. juli 2023 styrkte òg regjeringa kontrollaktiviteten ved å innføra heimel for tolletaten til å ta alkotest av motorvognførarar i forbindelse med tollkontroll, men berre ei sak var registrert med tolletaten som fornærma i 2023. Dette fortel oss at me må setja inn tiltaka der dei verkar, så då vert spørsmålet: Kva tenkjer statsråden å gjera no utover det som allereie er sett i verk, med referanse til den kunnskapen me har, og korleis vert prioriteringane for statsråden framover?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat