Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 25. mar 2025

Innlegget
Takk til statsråden for eit godt svar. Det er godt høyra at det er klare mål hos politiet for å få ned dei rusrelaterte trafikkmisferdene, og eg håper at det er målbart, slik at me kan koma tilbake til dette. Det er heilt rett, som statsråden påpeikte: I fjor omkom 89 menneske på norske vegar. Det er ein nedgang frå 118 i 2023. Likevel: Om me kunne hindra dei rusrelaterte ulykkestala, ville statistikken ha vore nede på 68–69 drepne, noko som ville vore ei markant forbetring. I ei undersøking Norstat har gjort, kjem det fram at 12–20 pst. har køyrt med alkohol eller narkotiske stoff innanbords ein eller fleire gonger, litt avhengig av kva fylke ein ser på. Dette er veldig høge tal. Tenk så mange ruskøyrarar ein då risikerer å møta på vegen. Kvar einaste dag vert det meldt 30 personar, og det er berre blant dei som vert stoppa. Mørketala er store, og berre ein liten del av misferdene vert oppdaga og melde, viser rapportane frå UP. Ein overvegande stor andel av dei spurde er menn. Dei har køyrt med alkohol eller narkotiske stoff. Det er langt færre kvinner som seier det same. Erfaringane har vist at høgare bøter eller straffer ikkje alltid gjev ønskt effekt, spesielt ikkje mot ruskøyring. Det som derimot fungerer, er å vita at det er ein reell sjanse for å verta teken dersom ein køyrer ruspåverka. Difor er oppdagingsfara og kjensla av ikkje å vita om politiet står bak neste sving, svært viktig, som statsråden var inne på. Så er det slik at ein del av systema som kan varsla trafikkontrollar, òg varslar andre typar farar. Dei har fleire funksjonar, så det kan verta teke igjen på andre område dersom ein sørgjer for at den typen utstyr ikkje vert lovleg. For den som har vore kalv for ikkje så lenge sidan, hugsar vel at varslinga av kontrollar kan gjerast på veldig mange måtar, ikkje berre gjennom Safedrive og slikt som no er ute på høyring. Haldningsskapande arbeid, kontrollar, konsekvensar av rusrelatert køyring som ein del av føraropplæringa, tekniske hjelpemiddel som alkolås, der ein tek både førarkort og bil, er alle tiltak som bidrar, men det er openbert ikkje nok. Rus og trafikk går over fleire departementsområde – Samferdselsdepartementet, Helsedepartementet, Justisdepartementet, opplæring, barn og unge når det gjeld førebygging, og tidleg varsling for personar som er komne i faresona. Me kunne sikkert ha utvida denne lista, så eg vil gjerne vita: Korleis jobbar no statsråden på tvers med dei andre departementa?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat