Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 25. mar 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Dette engasjerer! Det er viktig at me er kunnskapsbaserte når me går inn i denne diskusjonen. Dersom ein vert varsla om at det er ein kontroll på gang, kan det henda at det hindrar nokre i å setja seg i bilen og køyra, så ein skal heller ikkje sjå vekk frå det. Det eg spurde om, var korleis ein jobbar på tvers av departementa. Det fekk eg ikkje svar på. Kanskje statsråden kan koma inn på det i avslutningsinnlegget sitt. Me veit no at politikontrollar er nokre av dei mest kostnadseffektive trafikksikkerheitstiltaka me har. Det gjeld særleg politiets kontroll og handheving av fart, rus og anna trafikkfarleg åtferd. Ved effektiv kontroll og handheving og synlegheit i trafikkbildet er politiets samla innsats vesentleg for å oppretthalda oppdagingsrisikoen og slik påverka trafikantanes åtferd. Utrykningspolitiet, UP, som er fagorganet, seier dette er viktig, og at det vert brukt effektivt. I lys av dette er det sjølvsagt interessant å drøfta korleis dei totale ressursane til politiet vert disponerte. Difor hadde det avslutningsvis vore interessant å få ei vurdering frå statsråden om kva han tenkjer om dei prioriteringane denne regjeringa har gjort. Det er brukt titals millionar på å oppretta nye lensmannskontor og på årleg drift av desse, mens ein forsterka innsats på trafikkontrollar kunne gjeve ei markant betring av dødstala i trafikken. Med dei svara me har fått her i dag, veit me at det er ein del på gang, men eg er ikkje veldig optimist med tanke på at regjeringa skal nå sine eigne mål, som legg til grunn ein ambisjon om at det innan 2030 maksimalt skal vera 350 drepne og hardt skadde i trafikken, derav maksimalt 50 drepne, og at det ikkje skal omkoma folk i trafikken i 2050. 2030 er fire og eit halvt år fram i tid, og då skal me altså ha ei halvering av talet på drepne i trafikken. Det vart oppgjeve at 25 pst. av dei drepne i dag kan knytast til rus. Ein innsats på dette området vil utgjera ein stor andel, men det handlar om prioritering, det handlar om fokus, og det handlar om vilje til å ta grep. Sjølvsagt vil autonome køyretøy kunna hjelpa oss etter kvart, men det er ei stund til me er der. Inntil så skjer, må me gjennom gode prioriteringar gjera det som verkar. No står me framfor ein ny sommarsesong. Me veit då at antalet som køyrer i ruspåverka tilstand, vil auka. Det hastar difor med å gjera meir av det som verkar. Eg ser fram til statsrådens forsterka innsats i så måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Innlegg · 25. mar 2025 — OverStortinget