Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 8. apr 2025

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

Innlegget

Vatn, avløp, kostnader, EU-direktiv, nitrogenreinsing og oppgraderte reinseanlegg har blitt ein snakkis i Kommune-Noreg. Det er ikkje tvil om at dette engasjerer langt utanfor Stortingets sal. Mange kommunar har budd seg godt og vore i forkant, og desse har reinseanlegg som har vore gode nok og hatt god nok standard fram til no, men dei nyaste EU-direktiva utfordrar òg mange av desse. Mange kommunar er veldig bekymra for kva dette vil koste, og korleis det kan riggast. Difor er temaet noko som vedkjem og engasjerer mange. Mange innbyggjarar er opptekne av kvaliteten på kommunale tenester, ikkje minst når det gjeld ønsket om å ha reint vatn. Mange forstår og ønskjer at avløpsvatn skal vere reinsa så godt som råd er, slik at det beskyttar både folk, dyr og naturen og vernar om det biologiske mangfaldet. Kravet om nitrogenreinsing er noko me òg drøftar der eg kjem frå, men EU-direktiva blir diskuterte i både byar og distrikt fordi dette er store kostnader. Behovet for oppgraderte reinsekrav er viktig og riktig, uavhengig av direktiva frå EU. I kommunen eg kjem frå, bygde me for ei tid sidan ein ny avløpsleidning i eit dalføre der det stort sett var private anlegg. Desse husstandane og gardane var kopla på det kommunale, relativt nye reinseanlegget vårt. I arbeidet med å kople nye eigedomar på såg me at behovet var endå større enn det me hadde trudd. Det var mykje drenering, kort sagt mange lekkasjar, som gjorde at avfallsstoff rann rett ut i vassdraget. Dette er noko herk, men det er langt frå unikt. Slik er det altfor mange plassar. Mange er ikkje klar over kor ille det er rundt om, og me kan ikkje la vere å rydde opp, for det er behov også her i landet. Dette er – og beklagar språket – ein dritjobb som framtida krev av oss. Dette har vore utsett for lenge mange plassar, og kommunar over heile landet har meir eller mindre bevisst levd med prokrastinering og håpa at ein kunne vente litt til. Gjennomføring av direktivet vil vere dyrt og utfordrande, men det er viktig å understreke at me har ein jobb å gjere, og at regjeringa må jobbe for dei norske interessene i denne saka, slik statsråden seier. Fleirtalet i saka presiserer òg at ein vil vurdere konsekvensane av det reviderte direktivet, saman med behovet og moglegheita for tilpassingar, som fleire har vore inne på før meg. Det vil det bli behov for, ikkje minst finansielt, så her må ein jobbe for at omsynet til norske kommunar og innbyggjarar blir vareteke på best mogleg måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat