Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. apr 2025

Innlegget
Noreg har kontroll på krafta. Det har me hatt sidan me tok grep med konsesjonslovene og heimfall for over 100 år sidan. Me har bygd kraftsystemet vårt på nasjonalt eigarskap og fellesskapets kontroll, og det har tent oss godt. Gjennom avgifter og skattesystem sikrar me at både staten og lokalsamfunnet får noko igjen for verdien krafta vår skapar. Det gjev legitimitet og rettferd til kraftpolitikken vår. Når me tek avgjerder om utbygging av nett eller avtalar, skjer det gjennom demokratiske prosessar. Det er ein viktig tryggleik i ei tid med mykje uro. Samarbeidet med våre nordiske og europeiske naboar har gjort oss sterkare og meir robuste, men me har òg sett kor sårbare me kan vera, særleg etter at Russland har brukt gassen sin som eit pressmiddel inn i energipolitikken. I Europa har ein bygd ned regulerbar kraft og satsa tungt på vêravhengig energi. Det gjev store svingingar i kraftmarknaden, og det har me merka her heime òg. Straumstønad og innføring av noregspris har vore viktige grep for å beskytta folk og skapa føreseielegheit. Det viser at Arbeidarpartiet tek ansvar når marknaden gjev uføreseielegheit. Me deler bekymringa til forslagsstillarane, men ikkje løysingane. Det viktigaste me kan gjera no, er å byggja ut meir fornybar kraft og sørgja for at straumen faktisk kjem fram dit han trengst. Me må fortsetja å kutta ned på saksbehandlingstid, byggja ut nett og sørgja for at Noreg òg i framtida har trygg, rimeleg og grøn energi. Avslutningsvis vil eg seia at utifrå dei debattane me har hatt her i dag, verkar det som om fleire parti ikkje vil seia noko om rotårsaka til at me står i den situasjonen me står i i dag, det som har med Putins krigføring å gjera.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat