Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. apr 2025
Innlegget
Riksrevisjonens overordna vurdering er at planlegginga, organiseringa og innføringa av Helseplattforma i Midt-Noreg er sterkt kritikkverdig. Ei spørjeundersøking gjort av Riksrevisjonen i april 2024 viser at 84 pst. av legane og 64 pst. av sjukepleiarane ved St. Olavs hospital meiner at Helseplattforma bidrar til dårlegare pasientsikkerheit. Undersøkinga til kommunerevisjonen i Trondheim konkluderer med at innføringa av Helseplattforma har trua pasientsikkerheita. Varsel om alvorlege hendingar til Helsetilsynet og Statsforvaltaren i Trøndelag auka etter at Helseplattforma blei sett i drift. Helsepersonellet måtte kontrollere og dobbeltsjekke informasjonen i Helseplattforma manuelt i eit system der målet var betre kontroll, betre informasjon og at det skulle vere lettare å bruke. Dette har sjølvsagt ført til auka ressursbruk. Til meg fortel mange brukarar ved sjukehuset at dei er totalt utslitne på grunn av Helseplattforma, og at det som skulle vere forenkling, har blitt stor meirbelastning. Vi veit frå mitt heimfylke at tilsette har slutta på grunn av Helseplattforma og pendla til andre føretak for å sleppe Helseplattforma. Ved St. Olavs hospital seier i 2024 berre 2,7 pst. av legane og 2,6 pst. av sjukepleiarane at IT-systemet fungerer svært godt. Eit stort fleirtal av både legar og sjukepleiarar opplever at Helseplattforma gjev mindre tid til pasientane. Også brukarane av Helseplattforma i Trondheim kommune opplever systemet som tungvint og tidkrevjande. Fastlegane i Trondheim ønskjer ikkje å ta i bruk Helseplattforma. Målet ved St. Olavs hospital var full drift etter fire veker. I september 2024, altså etter to år, opplevde helseføretaket framleis at Helseplattforma gav betydeleg meirarbeid for fleire yrkesgrupper. Dei samla kostnadene er så langt anslåtte til 6,7 mrd. kr. Styringsramma er 4,1 mrd. kr. Framleis er ikkje løysinga for fastlegane ferdig utvikla, det er ikkje avsett midlar til å finansiere ei løysing for avtalespesialistar, og i tillegg er Helseplattforma AS avhengig av at Epic utviklar IT-systemet vidare. Driftskostnadene til Helseplattforma AS er berekna til 280 mill. kr årleg. I 2023 betalte dei tre helseføretaka 500 mill. kr i driftskostnad. I dei siste tala frå Helse Midt-Noreg er årleg kostnad 800 mill. kr. Helseføretaka seier sjølv at dei er bekymra for at det går ut over behandlingstilbodet. Då er det interessant å sjå på den ferskaste undersøkinga, datert 11. mars i år. Det er Rapport nr. 131/2025 frå ei forskargruppe, professor Kåre Heggen mfl., ved Høgskulen i Volda. Dei har gjort ei datainnsamling frå 6. januar til 6. februar med svar frå nær 700 tilsette. I presentasjonen seier forskargruppa: «Dei kvantitative svara er eintydig og overveldande negative for alle dei spurde profesjonsgruppene, sjølv om legane er dei som er mest negative. Arbeidsmiljøet har blitt dårlegare, tidsbruken auka og pasientsikkerheita svekka.» Vidare står det at det er «sterk menneskeleg slitasje» etter snart eitt år med Helseplattforma. Og til slutt seier ein at det vil vere ei stor utfordring for styret og politikarar om ein skal oppfylle målet om eit likeverdig helsetilbod i alle føretak. 80 pst. av dei spurde er heilt ueinige i at prosessen i Helseplattforma fram til innføringa var god. 85 pst. svarar at dei er heilt eller litt ueinige i at det er enkelt å finne nødvendig pasientinformasjon. 89 pst. er heilt eller litt ueinige i at Helseplattforma er enkel å bruke. 94 pst. fryktar at utgiftene til Helseplattforma medfører nedlegging av institusjonar eller avdelingar. Det er altså ingen ting i desse siste tala som tyder på at Helseplattforma er blitt betre, enklare å bruke eller billigare.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat