Dronar og ny luftmobilitet kan bidra til meir effektiv oppgåveløysing på ei rekkje samfunnsområde og auke mobiliteten for personar og gods, med betre tilgjengelegheit til grunnleggjande og viktige tenester. Det kan ha særleg betydning for innbyggjarar og næringsliv i Noreg, med si spreidde busetting, lange avstandar og utfordrande geografi for vegbygging og kommunikasjon. Senterpartiet meiner det ligg føre store næringsmoglegheiter for norske bedrifter med høg kompetanse og stor innovasjonsteknologi. Det er svært viktig at heile verkemiddelapparatet blir utforma og tilrettelagt for å støtte norske bedrifter og norsk industri til aktivt å kunne vere ein del av ei utvikling som har store internasjonale marknader og moglegheiter. I samtalar med bedrifter som utviklar dronar, har dei understreka at bedrifter er sårbare i teknologiutviklingsfasen, som krev omfattande utvikling, testing og forbetring før kommersielt sal. Her må verkemiddelapparatet bli styrkt og betre koordinert for å hjelpe eit nytt norsk teknologimiljø inn i marknaden nasjonalt og internasjonalt. Verkemidla må bli innretta sånn at dei gjev eit insentiv for betre samarbeid mellom industri, akademikarar og myndigheiter. Utvikling av dronar for ulike føremål skjer i høgt tempo. Norske myndigheiter må sikre at det er gode og mange nok testarenaer fordelte over heile landet, som har vore nemnt, som tilfredsstiller langtflygande dronar og ny teknologi, også utvikla av innovasjons- og teknologimiljø her i Noreg. Det inkluderer luftrom som kan brukast til testing og prototype. For operasjonar utanfor synsrekkjevidde er det i dag ein tidkrevjande prosess å få tilgang til luftrommet. Teknologiutviklinga skjer hurtig, og regjeringa må styrkje det regulatoriske arbeidet rundt og betre koordinering mellom ulike myndigheiter og type reguleringar, og få til raskare saksbehandling og forenkla krav i område med liten luftaktivitet. Effektivisering av søknadsprosessar og styrkt kapasitet i Luftfartstilsynet er avgjerande for nødvendig føreseielegheit. Difor meiner Senterpartiet at det er fornuftig med eit eige prosjekt for å utvikle det regulatoriske for dronar utanfor synsrekkjevidde, som ei vidareføring av norsk luftromsstrategi. Fleire har nemnt koplinga til det sikkerheitspolitiske, og norske myndigheiter må spesielt følgje konsekvensane av at programvare og fysiske dronar er tett samanvovne, og regulere det med tanke på sikkerheitsrisiko opp mot kvar teknologien kjem frå. Dronar og ny luftmobilitet har også stor betydning for militær sektor, og Senterpartiet ser fram til dronestrategien for Forsvaret som regjeringa har varsla. Her ligg det store moglegheiter i samarbeid og skjeringspunktet mellom sivil sektor og forsvarssektoren.
Vararepresentant
Status
Ikke rangert
Vararepresentanter inngår ikke i rangeringen.
Fra salen
4 nyeste med opptak
Holmefjord-utvalet anbefalte å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn, men samtidig også å styrkje tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Utvalet var tydeleg på at det var ei samla tilråding, og at desse to tiltaka heng nøye saman. Nettolønsordninga er heilt avgjerande for å sikre norske sjøfolk og reiarlag konkurransekraft og betre rekruttering til den maritime klyngja. Vil statsråden bidra til å styrkje nettolønsordninga og tilskotsordninga for sjøfolk?
Målet med lovforslaget er å sørgje for like lønsvilkår for arbeidstakarar på skip i norske farvatn, mellom norske hamner og på norsk sokkel. Forslaget betyr at alle arbeidstakarar på skip i norsk innanriks fart og skip som utfører tenestetilknytt næringsverksemd i norske havområde, får eit krav om norsk løn. Over 90 pst. av all varehandel internasjonalt føregår med skip, og skipsfart er utsett for sterk global konkurranse. Det varierer, men typisk utgjer lønskostnadene ein tredjedel av kostnadene til eit skip, og internasjonalt er det fleire land som har innført ulike former for kabotasje og/eller sokkelregulering, og som stiller krav til utanlandske skip som utfører maritime tenester innanriks eller på sokkelen. Australia og Canada er eksempel på land som stiller krav om lisens og nasjonale løns- og arbeidsvilkår for utanlandske skip i innanriksfart og skip som leverer tenester på sokkelen. USA stiller krav om at skipet er amerikanskbygd, amerikanskeigd og bemanna med amerikanske sjøfolk. Halvparten av EU-landa har reglar som avgrensar marknadstilgjenget for skip frå land utanfor EU og EØS-området. Døme er Sverige og Finland. Havområda våre har stor maritim aktivitet, og mykje av dette er ikkje internasjonal transport. Stortinget oppmoda i 2017 regjeringa om å greie ut moglegheiter for å stille krav om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. I 2019 blei det levert to utgreiingar om temaet, og det blei nedsett eit partssamansett maritimt utval. I 2021 oppmoda Stortinget regjeringa om å setje i gang arbeidet med å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår. Det blei sendt ut eit lovforslag og eit revidert forslag på høyring i 2024. Høyringsrundane viser at det er ulike syn på konsekvensane forslaga vil ha, og om det vil auke eller gjere sysselsetjinga av norske sjøfolk lågare. Senterpartiet legg til grunn at tiltaka skal auke rekrutteringa av norske sjøfolk – lik løn for likt arbeid også til havs. Det er også gjort omfattande utgreiingar over fleire år, og dei har endra forslaget både for cruise og for særlov. Senterpartiet ønskjer ei vurdering av ei grense på meir enn 14 dagar samanhengande aktivitet og 40 dagars tenester av eit skip i eit kalenderår. Holmefjord-utvalet anbefalte å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn, men samtidig å styrkje tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Senterpartiet føreslår difor saman med andre å fjerne makstaket i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, og då er forslaget teke opp. Det er også i tråd med høyringsinnspel frå kystreiarlaga og andre. Nettolønsordninga er heilt avgjerande for å sikre norske sjøfolk og reiarlag konkurransekraft og betre rekruttering til den maritime klyngja.
Då forstår eg at helseministeren ikkje er så bekymra for konsekvensane av Helseplattforma, merkeleg nok når Riksrevisjonen rettar sterk kritikk og ferske data frå i år viser same bekymring og resultat. Kostnadene ved Helseplattforma er langt større enn berekna – og aukande i den grad at endeleg sum ikkje eingong er kjend. Difor er mange hundre tilsette bekymra for at dette vil medføre nedleggingar. Vil statsråden i det minste sørgje for full kompensasjon av ekstra utgifter til Helseplattforma, sånn at vi kan oppretthalde helsetilbodet og kapasiteten i pasientbehandlinga i Helse Midt-Norge, sånn at pasientar og innbyggjarar ikkje blir skadelidande?
Innlegg i salen
10 innlegg · 4 møter
Vis →Skjul ↑
Innlegg i salen
10 innlegg · 4 møter
- 2. jun 202513:49· Innlegg

- 2. jun 202510:34· Replikk
Holmefjord-utvalet anbefalte å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn, men samtidig også å styrkje tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Utvalet var tydeleg på at det var ei samla tilråding, og at desse to tiltaka heng nøye saman. Nettolønsordninga er heilt avgjerande for å sikre norske sjøfolk og reiarlag konkurransekraft og betre rekruttering til den maritime klyngja. Vil statsråden bidra til å styrkje nettolønsordninga og tilskotsordninga for sjøfolk?
- 2. jun 202510:08· Innlegg
Målet med lovforslaget er å sørgje for like lønsvilkår for arbeidstakarar på skip i norske farvatn, mellom norske hamner og på norsk sokkel. Forslaget betyr at alle arbeidstakarar på skip i norsk innanriks fart og skip som utfører tenestetilknytt næringsverksemd i norske havområde, får eit krav om norsk løn. Over 90 pst. av all varehandel internasjonalt føregår med skip, og skipsfart er utsett for sterk global konkurranse. Det varierer, men typisk utgjer lønskostnadene ein tredjedel av kostnadene til eit skip, og internasjonalt er det fleire land som har innført ulike former for kabotasje og/eller sokkelregulering, og som stiller krav til utanlandske skip som utfører maritime tenester innanriks eller på sokkelen. Australia og Canada er eksempel på land som stiller krav om lisens og nasjonale løns- og arbeidsvilkår for utanlandske skip i innanriksfart og skip som leverer tenester på sokkelen. USA stiller krav om at skipet er amerikanskbygd, amerikanskeigd og bemanna med amerikanske sjøfolk. Halvparten av EU-landa har reglar som avgrensar marknadstilgjenget for skip frå land utanfor EU og EØS-området. Døme er Sverige og Finland. Havområda våre har stor maritim aktivitet, og mykje av dette er ikkje internasjonal transport. Stortinget oppmoda i 2017 regjeringa om å greie ut moglegheiter for å stille krav om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. I 2019 blei det levert to utgreiingar om temaet, og det blei nedsett eit partssamansett maritimt utval. I 2021 oppmoda Stortinget regjeringa om å setje i gang arbeidet med å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår. Det blei sendt ut eit lovforslag og eit revidert forslag på høyring i 2024. Høyringsrundane viser at det er ulike syn på konsekvensane forslaga vil ha, og om det vil auke eller gjere sysselsetjinga av norske sjøfolk lågare. Senterpartiet legg til grunn at tiltaka skal auke rekrutteringa av norske sjøfolk – lik løn for likt arbeid også til havs. Det er også gjort omfattande utgreiingar over fleire år, og dei har endra forslaget både for cruise og for særlov. Senterpartiet ønskjer ei vurdering av ei grense på meir enn 14 dagar samanhengande aktivitet og 40 dagars tenester av eit skip i eit kalenderår. Holmefjord-utvalet anbefalte å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn, men samtidig å styrkje tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Senterpartiet føreslår difor saman med andre å fjerne makstaket i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, og då er forslaget teke opp. Det er også i tråd med høyringsinnspel frå kystreiarlaga og andre. Nettolønsordninga er heilt avgjerande for å sikre norske sjøfolk og reiarlag konkurransekraft og betre rekruttering til den maritime klyngja.
- 10. apr 202514:44· Replikk
Då forstår eg at helseministeren ikkje er så bekymra for konsekvensane av Helseplattforma, merkeleg nok når Riksrevisjonen rettar sterk kritikk og ferske data frå i år viser same bekymring og resultat. Kostnadene ved Helseplattforma er langt større enn berekna – og aukande i den grad at endeleg sum ikkje eingong er kjend. Difor er mange hundre tilsette bekymra for at dette vil medføre nedleggingar. Vil statsråden i det minste sørgje for full kompensasjon av ekstra utgifter til Helseplattforma, sånn at vi kan oppretthalde helsetilbodet og kapasiteten i pasientbehandlinga i Helse Midt-Norge, sånn at pasientar og innbyggjarar ikkje blir skadelidande?
- 10. apr 202514:42· Replikk
Riksrevisjonen rettar sterk kritikk i rapporten sin, der data er henta inn i 2023 og 2024. Nyleg kom det ein ny rapport frå ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda, som i år har henta resultat frå fire sjukehus i Møre og Romsdal. Der er 80 pst. av dei spurde heilt ueinige i at prosessen i Helseplattforma fram til innføring var god. Det er 89 pst. som er heilt eller litt ueinige i at Helseplattforma er enkel å bruke, og 94 pst. fryktar at utgifter til Helseplattforma medfører nedlegging av institusjonar eller avdelingar. Er helseministeren framleis fornøgd med Helseplattforma, og deler helseministeren synet på at Helseplattforma kan medføre nedleggingar av institusjonar eller avdelingar?
- 10. apr 202514:20· Innlegg
Riksrevisjonens overordna vurdering er at planlegginga, organiseringa og innføringa av Helseplattforma i Midt-Noreg er sterkt kritikkverdig. Ei spørjeundersøking gjort av Riksrevisjonen i april 2024 viser at 84 pst. av legane og 64 pst. av sjukepleiarane ved St. Olavs hospital meiner at Helseplattforma bidrar til dårlegare pasientsikkerheit. Undersøkinga til kommunerevisjonen i Trondheim konkluderer med at innføringa av Helseplattforma har trua pasientsikkerheita. Varsel om alvorlege hendingar til Helsetilsynet og Statsforvaltaren i Trøndelag auka etter at Helseplattforma blei sett i drift. Helsepersonellet måtte kontrollere og dobbeltsjekke informasjonen i Helseplattforma manuelt i eit system der målet var betre kontroll, betre informasjon og at det skulle vere lettare å bruke. Dette har sjølvsagt ført til auka ressursbruk. Til meg fortel mange brukarar ved sjukehuset at dei er totalt utslitne på grunn av Helseplattforma, og at det som skulle vere forenkling, har blitt stor meirbelastning. Vi veit frå mitt heimfylke at tilsette har slutta på grunn av Helseplattforma og pendla til andre føretak for å sleppe Helseplattforma. Ved St. Olavs hospital seier i 2024 berre 2,7 pst. av legane og 2,6 pst. av sjukepleiarane at IT-systemet fungerer svært godt. Eit stort fleirtal av både legar og sjukepleiarar opplever at Helseplattforma gjev mindre tid til pasientane. Også brukarane av Helseplattforma i Trondheim kommune opplever systemet som tungvint og tidkrevjande. Fastlegane i Trondheim ønskjer ikkje å ta i bruk Helseplattforma. Målet ved St. Olavs hospital var full drift etter fire veker. I september 2024, altså etter to år, opplevde helseføretaket framleis at Helseplattforma gav betydeleg meirarbeid for fleire yrkesgrupper. Dei samla kostnadene er så langt anslåtte til 6,7 mrd. kr. Styringsramma er 4,1 mrd. kr. Framleis er ikkje løysinga for fastlegane ferdig utvikla, det er ikkje avsett midlar til å finansiere ei løysing for avtalespesialistar, og i tillegg er Helseplattforma AS avhengig av at Epic utviklar IT-systemet vidare. Driftskostnadene til Helseplattforma AS er berekna til 280 mill. kr årleg. I 2023 betalte dei tre helseføretaka 500 mill. kr i driftskostnad. I dei siste tala frå Helse Midt-Noreg er årleg kostnad 800 mill. kr. Helseføretaka seier sjølv at dei er bekymra for at det går ut over behandlingstilbodet. Då er det interessant å sjå på den ferskaste undersøkinga, datert 11. mars i år. Det er Rapport nr. 131/2025 frå ei forskargruppe, professor Kåre Heggen mfl., ved Høgskulen i Volda. Dei har gjort ei datainnsamling frå 6. januar til 6. februar med svar frå nær 700 tilsette. I presentasjonen seier forskargruppa: «Dei kvantitative svara er eintydig og overveldande negative for alle dei spurde profesjonsgruppene, sjølv om legane er dei som er mest negative. Arbeidsmiljøet har blitt dårlegare, tidsbruken auka og pasientsikkerheita svekka.» Vidare står det at det er «sterk menneskeleg slitasje» etter snart eitt år med Helseplattforma. Og til slutt seier ein at det vil vere ei stor utfordring for styret og politikarar om ein skal oppfylle målet om eit likeverdig helsetilbod i alle føretak. 80 pst. av dei spurde er heilt ueinige i at prosessen i Helseplattforma fram til innføringa var god. 85 pst. svarar at dei er heilt eller litt ueinige i at det er enkelt å finne nødvendig pasientinformasjon. 89 pst. er heilt eller litt ueinige i at Helseplattforma er enkel å bruke. 94 pst. fryktar at utgiftene til Helseplattforma medfører nedlegging av institusjonar eller avdelingar. Det er altså ingen ting i desse siste tala som tyder på at Helseplattforma er blitt betre, enklare å bruke eller billigare.
- 10. apr 202512:00· Innlegg
Først vil eg takke utanriksministeren for den utanrikspolitiske utgreiinga på tysdag her i Stortinget. Sju av verdas åtte milliardar menneske bur utanfor Vesten, sa utanriksministeren. Noreg som eit lite land er aktivt globalt. Vi har representasjon verda over. Vi har sterke bilaterale band og samarbeid med dei fleste land. Noreg er ein pådrivar for menneskerettar. Vi har ein lang humanitær tradisjon der vi er og skal vere aktive med store bidrag til folk og regionar i krise. Vi er tungt involverte i land og område med svelt, uro og gjenoppbygging. Noreg er ein forkjempar for folkeretten, for ordna rammer og samkvem mellom sjølvstendige statar, der ikkje minst FN er ramma for internasjonalt samarbeid på så like vilkår som mogeleg. Dette er også viktig og grunnlaget for Senterpartiets internasjonale engasjement og politikk. Utanriksministeren viste til at den amerikanske utanriksministeren på utanriksministermøtet for få dagar sidan stadfesta at USA framleis skal vere medlem av NATO og stiller seg bak artikkel 5. Det var det viktig å få slått fast. Så må vi i Noreg ta vårt ansvar for å gå frå byrdefordeling til byrdeforskyving. Vi må forsterke vårt nasjonale forsvar, og vi må bidra til samla styrkt forsvar i Europa innanfor ramma av NATO. Det gjeld også tettare sikkerheitssamarbeid med andre land i Europa, som Storbritannia og Frankrike. Heile Norden er no samla i NATO, også det gjer at nordområda kjem endå meir i fokus. Det er viktig for Noreg. Vi har enorme ressursar og svære havområde. Vi ligg strategisk til, med sårbare hav- og landområde i nord. Senterpartiet ser difor fram til ein ny nordområdestrategi. Vi må der jobbe tettare med våre baltiske og nordiske vener. Senterpartiet deler synet på at nasjonal sikkerheit er militære kapasitetar, kuler og krut, men også meir enn det. Beredskap er grunnleggjande viktig. Det er ein del av det internasjonale bildet og må vere på plass i alle delar av Noreg, og alle delar av samfunnet, inkludert matproduksjon og høgare grad av sjølvforsyning. Her er også ei anna næringsside – riktignok underordna samanlikna med sikkerheit – og det er at norske bedrifter og norsk næringsliv også kan levere militært utstyr og utstyr til beredskap og samfunnssikkerheit breitt, både i Noreg og internasjonalt. Noreg er ein del av verdifellesskapet som landa i Europa utgjer, som handlar om demokrati, ytrings- og mediefridom, menneskerettar, deling av makt og rettsstaten. Difor er også vårt engasjement og vår støtte til Ukraina sjølvsagt. Vi støttar Ukraina. Den militære støtta vil bli auka med 50 mrd. kr, og samla ramme for Nansen-programmet i 2025 vil bli auka frå 35 mrd. kr til totalt 85 mrd. kr. Dei 50 mrd. kr skal gå til internasjonale prosjekt og kjøp frå ukrainsk forsvarsindustri. Den sivile støtta bidreg til å byggje opp igjen øydelagd energiinfrastruktur, til naudstraumsaggregat, til innkjøp av gass slik at folk har varme og kan lage mat, til å reparere øydelagde vegar og hus, til minerydding slik at bønder kan drive landbruk og matproduksjon, til ein tryggare kvardag og til meir som hjelper folk i ein svært krevjande kvardag. Samla er norsk støtte gjennom Nansen-programmet på 205 mrd. kr. Det auka bidraget i 2025 skal gå til militær støtte, i tråd med Ukraina sine innmelde behov, dvs. luftvern, artilleriammunisjon, dronar og maritime tiltak, der Noreg har ei leiarrolle i å hjelpe Ukraina maritimt. Senterpartiet støttar den moderniserte handelsavtalen mellom Noreg, EFTA og Ukraina. Handelen i fjor, i 2024, mellom EFTA og Ukraina var på rundt 15 mrd. kr. Den nye avtalen vil styrkje Ukraina økonomisk og politisk og bidra til økonomisk vekst og utvikling i Ukraina. Noreg er der også når Ukraina skal byggjast opp att.
- 12. des 202414:50· Innlegg
Det er 108 som sidan 2008 har mista livet i snøskred i Noreg, som det blei nemnt – halvparten av dei i Troms. Det er også mange på Vestlandet, i fylket mitt, Møre og Romsdal, og på Svalbard. Vi har også ein del dødsulykker, skredulykker, rundt skisentera. Vi får mange fleire besøk frå utlandet, og det er som sagt ein villa strategi. Vi ønskjer at fleire skal kome til Noreg, både for at dei skal få oppleve det Noreg har å tilby, og for at næringslivet og lokale aktørar skal få vekse og få fordelar av det. Det kjem folk med erfaring, men det kjem også folk utan fjellerfaring. Nokre kjem med guidar frå heimlandet. Det er sjølvsagt bra at dei tek med guidar, men det er noko anna å guide i Noreg, med vêr- og fjellforholda våre, enn det er ute. Eg har sjølv gått og klatra mykje – og gjer det – i fjellet. Eg har budd fleire år i Alpane. Vi kjøpte skredsøkjar i 1994. Då måtte vi importere det frå USA, det var ikkje vanleg her. Det har skjedd utruleg mykje på fleire område, som utstyrsfronten, med vêrvarslinga, som har blitt meir omfattande og treffsikker, og ein fokuserer på kompetanseheving. No er det mange skredkurs i heile Noreg kvart einaste år, og det har skjedd mykje med tanke på guidar, oppdatering og ikkje minst informasjon, som statsråden var inne på, med Varsom og Regobs. På Regobs registrerer folk eigne skredobservasjonar, og Varsom har både snøskred, flaum- og jordskred og fjellskred. Meteorologisk institutt har også mange spesialiserte varsel som gjeld meir for sommaren. Dette er geografiske varsel, regionvise, og det er kategoriar frå 1 til 5, som gjev rask oppdatering om forholda i dag, men dei gjev også meir utfyllande tekst. Som eit døme seier Varsom i dag nettopp at det er stor skredfare i Troms og Finnmark. I desse ulykkene der 108 mista livet, var 66 pst. flakskred, som kjem av svake lag og i stor grad vind. Det er kanskje grunnen til at dei fleste skjer i Nord-Noreg. Varsom har engelsk tekst, det er utruleg bra. Det ligg generell informasjon der om «ski touring» og om systemet og appen, og det har dei siste par åra også vore daglege online guide-møte for dei som er f.eks. i Lyngen. Det er utvikla ein skiguide-app som tek føre seg heile Noreg, men mest Troms. Det har skjedd i samarbeid med CARE, Center for avalanche research and education, som blei nemnt, og spesialiserte selskap som driv vinterturisme i Troms. Det ligg mykje informasjon ute, det er utvikla mykje informasjon. Mykje av utfordringa er kanskje å få dei utanlandske til å bruke denne informasjonen. Det er i dag ingen kompetansekrav til guidar. Eg googla og fann at det var om lag 3 500 firma som driv med guiding i Noreg. Alle kan kalle seg fjellførar. I andre land er det heilt andre krav. I Sveits, Austerrike og Italia er det berre internasjonalt sertifiserte guidar som kan ta med folk på tur i skredterreng og i høgfjellet mot betaling. Det er fleire i Noreg som sertifiserer, både Nortind og DNT, som etablerer standardar, ein har etablert Norsk Fjellsportforum, og ein har utdanning innanfor naturguiding og fjellføring på både høgskule og universitet. Informasjon, bruk av tilgjengeleg informasjon og krav til guidar i enkeltområde kan kanskje vere noko å vurdere. Til slutt vil eg nemne NARG, altså Norske alpine redningsgrupper. Når uhellet er ute, er dei ei fantastisk støtte. Dei gjer ein utruleg frivillig innsats. Det er viktig at også det offentlege støttar opp under NARG, med både helikopter og anna.
- 12. des 202414:20· Innlegg
Det er svært alvorleg når barn som bur på barnevernsinstitusjon, opplever overgrep og grenseoverskridande åtferd frå tilsette. Barnevernets hovudoppgåve er nettopp å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, beskyttelse og støtte til rett tid. Det er Statens helsetilsyn som har det overordna faglege ansvaret for tilsynet med barnevernsinstitusjonane. I tildelingsbrevet for 2024 bad departementet om følgjande: «Tilsynssaker og klagesaker etter barnevernsloven (…) skal ha en saksbehandlingstid og oppfølging som reflekterer sakens alvorlighet. Henvendelser som omfatter fare for liv, helse og overgrep skal alltid følges opp og prioriteres.» Dette tilsynsmålet må bli vidareført i 2025. Statens helsetilsyn må også utvikle institusjonstilsynet vidare, sånn at svikt i tenester til barn på barnevernsinstitusjonar blir oppdaga når Statsforvaltaren er på tilsyn. Statens helsetilsyn må sikre at seksuelle overgrep og grenseoverskridande åtferd er eit tema i det løpande arbeidet med kvalitetsutvikling av institusjonstilsynet. Stor vikarbruk og høg gjennomtrekk av tilsette som berre for ein kort periode arbeider på ein barnevernsinstitusjon, kan utgjere ein risiko. Barn i institusjon skal få forsvarlege tenester av kompetent personell. Grenseoverskridande åtferd må vere eit tema på tilsetjingsintervju og i referansesjekk. Politiattest åleine gjev ikkje nok tryggleik. Her har arbeidsgjevar eit klart ansvar for å sørgje for kompetent personell og nødvendig opplæring. Det er også viktig at institusjonane har gode internkontrollrutinar for å førebyggje og handtere slike hendingar. Bufdir arbeider med å styrkje avvikssystemet for barnevernet, sånn at tilsette og alle involverte kan lære av feil og få kartlagt kva som har gått gale, for å fange dette opp, tilpasse og endre rutinar og førebyggje at det skjer igjen. Bufdir skal også lage ei årleg melding om varsel som kjem inn. I 2023 gav statsråden Statens helsetilsyn eit nytt fast oppdrag om jamleg analyse av tilsynserfaringar og særleg å gjennomgå dei alvorlegaste hendingane med ei tverrfagleg tilnærming og gje anbefalingar som kan bidra til forbetring og kvalitetsutvikling i barnevernet. Det er svært bra at statsråden vil opprette ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn, som vil gjelde frå nyttår. Ordninga skal sjå på alvorlege saker mot barn, der m.a. overgrep er trekt fram som eit aktuelt område.
- 10. des 202411:23· Innlegg
Anskaffingsutvalet har kome med fleire gode forslag til korleis innovasjonen kan bli betre innan offentlege anskaffingar, og det er framleis fleire mekanismar for dette. For det første: Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har som eit av hovudmåla nettopp å arbeide for at offentleg sektor gjennomfører effektive og innovative offentlege anskaffingar. Det er framleis fleire ordningar som konkret fremjar innovasjon. Innovasjon Noreg har ei ordning for innovasjonskontraktar der målgruppa i hovudsak er små og mellomstore bedrifter i heile landet. Ordninga er innretta mot prosjekt som er innovative, og som har internasjonale moglegheiter. I fjor fekk 100 prosjekt støtte. Det var innvilga nær 300 mill. kr, og 97 pst. av det beløpet er merkt med innovasjon på internasjonalt nivå. Vi har også leverandørutviklingsprogrammet, som jobbar for at fleire offentlege verksemder skal gjennomføre innovative anskaffingar. Det hjelper både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder med å utfordre marknaden og la leverandørar finne nye løysingar som skal gje både betre tenester for innbyggjarane og meir effektive løysingar og næringsvekst. Leverandørutviklingsprogrammet hadde i 2023 64 aktive innovative anskaffingar, og sidan starten har det vore sett i gang nesten 500 anskaffingar. Programmet har vore eksternt evaluert og har hatt positive resultat. Gründermeldinga, som skal leggje opp til ei tydeleg forenkling av anskaffingsregelverket, er også nemnd. Eg vil også nemne eit siste punkt. Eg skulle gjerne ønskt at kommunar og fylkeskommunar, det offentlege, også var meir både innovative og aktive når det gjeld innkjøp av norsk mat. Beredskap og totalberedskap har vore drøfta mykje i denne sal. Matproduksjon er viktig for nasjonal beredskap, det trur eg det er tverrpolitisk einigheit om. Difor er det også generelt viktig med innkjøp av norske matvarer i det offentlege, og kanskje spesielt norsk frukt og grønt. Norskandelen av frukt og grønt i offentlege innkjøp er på ca. 20 pst., og han er faktisk lågare i offentleg sektor enn i både storhushaldningar og daglegvaremarknaden. Totalt utgjer innkjøp av norsk frukt og grønt ca. 230 mill. kr. Med litt meir innovasjon og nytenking burde den summen ha vore langt større.