Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. apr 2025

Innlegget
Når eg høyrer debatten, synest eg det er underleg at ein brukar EØS-samarbeidet som argument når ein i denne saka eigentleg drøftar korleis Noreg skal nå fornybarsamfunnet. Det er uheldig å skape unødvendig frykt, som dette er for mange, og bekymring rundt privatøkonomien. Me vil ha meir effektiv energibruk, og Stortinget har alt vedteke eit mål om 10 TWh redusert straumforbruk i bygg innan 2030. Dette er altså Stortingets eigne mål – fordi straumen bør brukast til andre ting enn oppvarming. Me er tidleg i prosessen, det sa statsråden sjølv – og at det er viktig at dette blir tilpassa norske forhold. Regjeringa vil altså fremje desse forslaga for Stortinget. Ute i Noreg er dette ei bekymring. Difor er det ekstremt viktig å understreke det statsråden sjølv både skriv og seier, at dette ikkje vil ramme bustadeigarar, og at det ikkje er aktuelt for regjeringa å påleggje huseigarar å energieffektivisere bygningane sine. Det som derimot vil vere viktig, er at når ein har sett mål, vil ein også kunne lage konkrete tiltak. Dette med god rettleiing om smarte energitiltak er éin ting, og støtteordningane til Enova og Husbanken er også viktige. Det er bra og avgjerande med høyring i denne saka. Eg tenkjer at det her er viktig at me fokuserer på at me allereie har fornybare ordningar, men me kan bruke straumen til klokare ting enn oppvarming.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat