Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. apr 2025

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Åse Kristin Ask Bakke (A) [10:52:55] (ordførar for saka): Seksuell trakassering er kanskje ein av dei største likestillingskampane vi framleis står overfor, sjølv om seksuell trakassering fekk stor merksemd i det offentlege ordskiftet då metoo-kampanjen starta. Då var det mange som stod fram og delte historiene sine. Det var modige stemmer som stod i bresjen for å ta eit oppgjer med ein trakasseringskultur som hadde føregått altfor lenge. Seksuell trakassering er ikkje eit isolert fenomen. Det rammar menneske på alle samfunnsarenaer, anten det er i arbeidslivet, i skulen, på nettet eller innanfor kulturen eller idretten. Det er eit likestillingsproblem som skapar ei rekkje negative konsekvensar, ikkje berre for den enkelte, men òg for arbeidsmiljøet, læringsmiljøet og samfunnet som heilskap. Når vi ser på kva seksuell trakassering er, må vi òg forstå at det tek mange former, frå ord til handlingar som er plagsame og krenkjande. Mange av dei som opplever slik trakassering, beskriv det som audmjukande og nedverdigande. I dette arbeidet med ei stortingsmelding vil eg takke komiteen for det samarbeidet vi har hatt, der vi har fått behandla dette på ein grundig og god måte og følgt opp det som førre storting gav ei bestilling på: ei eiga stortingsmelding på området. Arbeidet for å motverke seksuell trakassering handlar òg om å arbeide breitt, som ein systematisk må gjere når fokuset ikkje er det største i det offentlege ordskiftet. Men når vi likevel ser at kvinner, unge, skeive, personar med funksjonsnedsettingar og etniske minoritetar er spesielt utsette, er det vårt ansvar å byggje ein kultur der trakassering er uakseptabelt, men der det òg skal vere enkelt og trygt å seie ifrå. Dette har jo inga enkel løysing, men vi må òg forstå at for å få bukt med seksuell trakassering må vi som samfunn bryte med dei haldningane som ligg bak og gjev grobotn for trakassering. Det er difor det er nødvendig med eit omfattande likestillingsarbeid i etterkant av stortingsmeldinga, òg fordi det handlar om moglegheita til å leve eit godt og fritt liv.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat