Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 24. apr 2025

Innlegget
Det vi er vitne til i saka vi behandlar i dag, er Framstegpartiet sine gjentekne angrep på norske og våre felles verdiar. Denne gongen dreier det seg om NRK, som har til føremål å oppfylle noko så viktig som demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet, ta vare på ytringsfridomen og medverke til at alle i Noreg får tilstrekkeleg informasjon til aktivt å kunne delta i demokratiske prosessar. I strevet etter å setje i verk konkurranse på alle område i samfunnet har Framstegspartiet kome til at tida er inne til at Noreg bør kvitte seg med det ein ser som ein urimeleg forfordelt norsk rikskringkastar, ved å selje og setje heile eller delar av NRK på børsen. I staden for å vere stolt over at Noreg blir kåra til å vere blant dei aller beste mediesamfunna i verda, vel Framstegspartiet å vilje demontere det heile. NRK har utvilsamt ei særskilt rolle. Forslagsstillarane frå Framstegspartiet påstår i forslaget sitt at denne rolla blir opplevd som «sterkt urimelig av mange skattebetalere som ikke benytter seg av NRKs produkter». Det er litt underleg, men av dei såkalla mange misfornøgde skattebetalarane har ikkje ein einaste ein valt å late seg inspirere av Framstegspartiet sitt forslag til å late stemma si bli høyrd når vi behandlar saka i Stortinget. Det er derimot tre innbyggjarar som på ulikt vis innstendig ber Stortinget hindre at Framstegspartiet får gjennomslag. Dei får stort sett følgje av betydningsfulle og innsiktsfulle organisasjonar og forbund på presseområdet, og det gjeld òg NRK sine konkurrentar. Eg viser dermed til høyringsinnspela. Med aukande uro, falske nyheiter og desinformasjon treng samfunnet vårt samlande og truverdige nyheits- og informasjonskjelder. Vi treng redaktørstyrte medium. Kva det betyr, trur eg alle såg under pandemien. Spørsmålsbunken er eigentleg utømmeleg. La meg berre nemne nokre. At NRK skal delta i ein kommersiell marknad, vil det måtte føre til dramatiske og uføreseielege endringar og meir reklame? Kva vil kunne skje med TV 2 viss NRK blir ein konkurrent om reklamekronene? Kva vil eit nedsal eller sal bety for programprodusentar? Kva med norsk språk og felles referansar i eit langstrekt og tynt folkesett land? Som sagt: Med dei trusselvurderingane vi ser i ei aukande polarisert verd, og med desinformasjon som trussel, er det heilt avgjerande å styrkje og støtte opp om dei redaktørstyrte media, der NRK har ei heilt sentral rolle.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat