Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Representanten Rotevatn nemnde i sitt innlegg at det er enkelte ting han ikkje ønskjer å snakke om. Underteikna har lurt litt på akkurat det, for det er ein ting som er heilt sentralt når det gjeld arbeidsinkludering og å få folk i arbeid, der det er eit veldig stort skilje mellom partia, og der Venstre har valt å kutte i staden for å bruke. Det er nemleg dei 312 mill. kr som Venstre har på sparing for å gjeninnføre karensåret, altså straffeåret i Nav, som sørgjer for at ein mister ikkje berre inntektssikringa, men òg oppfølginga og moglegheita til å kome tilbake i arbeid om ein brukar meir enn tre år i arbeidsavklaringsløpet. Det eg lurer på, er: Kvifor har ikkje Venstre understreka sitt engasjement for å gjeninnføre karensåret når ein har ei slik arbeidsmarknadsmelding på bordet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat