Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Eg kjenner at eg blir litt undrande på kva ein ønskjer å oppnå. No har konsekvensane av karensåret blitt forska på av Oslomet, ein har følgt dei som var i karensuføret over fleire år. Det klare forskingsfunnet er at andelen som kom seg i arbeid, var relativt uendra, men talet på dei som enda opp med permanent uføretrygd, blei berre større. Og det handlar litt om at folk som kunne kome seg inn i eit eller anna med litt hjelp, med litt tolmod, dei blei kappa med giljotinen idet sluttdatoen var ute. Og det er klart at viss konsekvensen blir at folk, for resten av livet kanskje, endar opp på uføretrygd, vil ikkje representanten Rotevatn erkjenne at det med karensår kanskje er ein dårleg idé?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat