Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Eg trur eg berre ønskjer å gjere det klart at det som er Arbeidarpartiets metode, er at ein i større grad sikrar at ein får oppfølging over målstreken, at ein får hjelp og rettleiing av folk i Nav som har ressursar og tid til ein, at ein får tilbod om utdanning, at ein får ei moglegheit til å bli løfta opp. Det loddet som blir hengt på foten til folk når dei blir trua med økonomisk ruin – nokre sel huset for å få dekt inn tapet ved å ende opp på økonomisk sosialhjelp – er krise for veldig mange. Eg har møtt fleire som enda karensåret med å bli permanent uføretrygda som verkeleg hadde lyst til å vere med i arbeidslivet. Det er forskjellige måtar å gjere dette på, der ein kan bruke nettopp pisken eller gulrota. Det eg ønskjer å spørje representanten Rotevatn om, er: Når vi no ser fasiten og ser at den politikken ikkje fungerer, vil Venstre framleis prioritere karensår?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat