Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Ja, takk. Får eg det, er det berre å starte tida. Tusen hjarteleg takk. Det er jo ei ypparleg anledning til berre å gjenta empirien for kva som fungerer og ikkje fungerer. Det er fint. Vi kan alle kome med ei anekdote om nokon vi har møtt eller ei enkelthistorie vi har sett, men det er klart at når forskinga slår fast at den politikken får fleire ut i permanent uføretrygd, er det noko som er vanskeleg å imøtegå. Nettopp difor betyr det at å spare inn dei 300 mill. kr som Venstre vil spare i den eine enden, fører til ei livslang, permanent utgift for staten og òg for mange av dei enkelte som gjerne skulle hatt meiningsfullt arbeid i kvardagen, og som ikkje hadde hatt lyst til å vere permanent uføre. Her må ein sjå på forskinga, ein må ta ho inn over seg, og så må ein justere kursen. Eg har vore veldig glad for å høyre Framstegsparti-representantar seie: Vel, vi var med på desse greiene i den borgarlege regjeringa, men no droppar vi heile greia, for vi har teke til fornuft. Til Venstre: Sjå til Framstegspartiet og kutt karensåret.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat