Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. apr 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Tommy i Luster, Ann Iren i Nordfjordeid og Sander i Florø. Dette handlar om dei: folk som ikkje alltid har hatt det like enkelt, og som har kjent på utanforskapet, men som ved hjelp av den rette oppfølginga no har kome seg inn i arbeidslivet og får vere ein del av eit arbeidsfellesskap. Då eg var på besøk til Origod i Nordfjordeid, møtte eg Bjørn Tore. På T-skjorta hans sto det: Kom arbeidslyst, her skal du motstand finne. Det kunne knapt vore ein sterkare ironi, for er det éin eg har sett som verkeleg har arbeidslyst, er det nettopp Bjørn Tore. Å få oppleve å gå frå å vere i leilegheita heime utan meining i kvardagen, til å kjenne på at ein har eit arbeidsfellesskap, at det er nokon som saknar ein om ein ikkje møter opp, og at ein kan bruke evnene sine til noko viktig, trur eg betyr ganske masse meir for folk enn det vi tenkjer og er klare over. Når vi snakkar om desse vanvitig høge tala på kor mange som er utanfor arbeidslivet mot sin eigen vilje, er det veldig fort gjort å gløyme at det er eit enkeltmenneske bak kvart einaste tal der. Det er vanskeleg å ta inn over seg kor store konsekvensar det har for sjølvbildet, for livskvaliteten, når ein blir dytta på utsida. Til gjengjeld er det vanskeleg å førestille seg kor mykje det betyr for den enkelte når ein endeleg får moglegheita til å vere med. I dag har eg slipset på meg, og eg står her på talarstolen i nasjonalforsamlinga. Det var aldri gjeve at eg skulle gjere det. Eg er ein mann med ADHD. Eg sleit masse på skulen, hadde store utfordringar og var på bakarste benk. Så fekk eg den hjelpa og oppfølginga eg trong. Det eg synest er så utruleg vondt, er at når eg reiser rundt omkring og møter ungdom, gjerne unge gutar, som har hamna utanfor, føler eg at det er mange av dei som var akkurat som meg, som var på bakarste rad, og som sleit med mange av dei same tinga som eg sleit med. Dei fekk ikkje den hjelpa. No er dei utanfor. Dei var like dyktige og hadde like masse bra å kome med. Å ta desse gruppene på større alvor og vise at vi kan setje handling bak orda våre – fleire tiltak for å hjelpe folk inn i arbeidslivet, sjølv om det berre er ein gradert brøk – betyr utruleg masse. La oss lytte til desse menneska. La oss gjennomføre meir god politikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat