Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mai 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

Det er ei glede å få fortsetja med elektrifiseringsdebatten. Petroleumssektoren har redusert klimagassutsleppa med 24 pst. sidan 2015, og det er mykje takka vera CO2-avgifta, kvoteplikt og elektrifisering med kraft frå land. Dette er det mest effektive tiltaket me har for faktisk å bidra til utsleppskutt fram mot 2030. Prosjekta som no blir gjennomførte, bidreg ikkje berre til at Noreg når klimamåla, men også til at næringa omstiller seg og sikrar vidare investering og aktivitet på norsk sokkel. Dette er moglegheiter som me må ta vare på. Noreg treng ein ansvarleg og teknologinøytral politikk, som vurderer elektrifiseringstiltak sak for sak, men samtidig må me huska på at me konkurrerer om å investera nettopp i ei uroleg tid, både økonomisk og geopolitisk. Føreseielege rammevilkår er avgjerande for at næringa skal fortsetja å investera i utsleppskutt og ny teknologi her heime. Forslaga om å stansa pågåande elektrifiseringsprosjekt er særleg urovekkjande. Desse prosjekta er bygde på lovlege vedtak, og selskapa har inngått kontraktar baserte på løyve frå norske myndigheiter. Å stansa desse vil ikkje berre vera eit brot på norsk forvaltingspraksis. Det vil òg påføra staten økonomisk tap og skade. Noregs omdøme som eit stabilt og sikkert land å investera i, vil bli svekt. Eit godt eksempel er Snøhvit Future-prosjektet, som vil kutta i sine CO2-utslepp, faktisk 90 pst., og samtidig sikra gassleveranse til Europa. Prosjektet er, som me er godt kjende med, blitt grundig gjennomgått. Kort sagt: Me må gripa moglegheita til å kombinera klimakutt med verdiskaping og energisikkerheit. Å svekkja investeringsviljen ved å krydra med litt usikkerheit, er det siste me treng. Ein ansvarleg politikk og trygg økonomisk styring er nøkkelen til at Noreg held fram med å vera eit attraktivt land å investera i og eit føregangsland i klimaarbeidet, noko som igjen sikrar oss arbeidsplassar i heile vårt langstrakte land.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat