Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mai 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

No kan me vel kanskje òg seia at det har vore ein blytung dag. Arbeidarpartiet er veldig oppteke av å finna ein god balanse i saka om blyforbod på skytebanar. Me står overfor ei viktig miljø- og helsesak, som samtidig gjeld sportsskyting, jegertrening, beredskap og frivilligheita over heile landet. Bly har ein alvorleg effekt på både menneske og dyr, og det finst inga trygg nedre grense for bly i blodet. I tillegg veit me at bly i natur kan hopa seg opp i næringskjedene og utgjera ein risiko for drikkevatn og dyreliv. I Noreg har me ein stor og desentralisert skytebanestruktur, i stor grad driven av frivilligheita. Kartlegging har vist at nedlagde skytebanar òg kan vera ei kjelde til forureining, og at aktive skytebanar sannsynlegvis også har utfordringar. Arbeidarpartiet er oppteke av at me har god kunnskap om forholda i Noreg, og korleis me kan tilpassa framtidige krav. Dialogen med skyttarorganisasjonane og relevante aktørar for å kartleggja konsekvensar og moglegheita for tilpassing er viktig, også med tanke på beredskap og trening for politi og heimevern. Arbeidarpartiet meiner at Noreg bør delta aktivt i vidare diskusjonar i EU og jobba for løysingar som ivaretek både miljø, helse og sikkerheit, og at me har eit gjennomførleg regelverk tilpassa norske forhold. På sikt må me òg arbeida for ein overgang til blyfrie alternativ, sånn at me kan redusera behovet for kostbare tiltak og samtidig ta miljøansvar. Denne utfordringa handlar ikkje berre om regelverk, men òg om å sikra framleis sterke lokalsamfunn, livskraftig frivilligheit og ein god beredskap, samtidig som me gjer vårt beste for å beskytta miljøet og framtidige generasjonar. Så vil eg, etter nok ein blytung dag for nokon, takka for gode debattar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat