Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 8. mai 2025

Innlegget
Takk til forslagsstillarane som har reist debatten – ein debatt som spesielt storbyane har etterspurt og ønskt velkomen. For Høgre er det viktig at dette er eit ønske som er kome frå storbyane, og at dei no får lov til å vera med på å utforma bypolitikken til beste for innbyggjarar og næringsliv. Det vil vera kommunane sjølve som eventuelt vil kunna etablera lokale nullutsleppssoner, noko som vil bidra til å styrkja det kommunale sjølvstyret. Me kan merkja oss at Senterpartiet snakkar varmt for lokalt sjølvstyre i enkelte saker, men har liten tillit til lokalpolitikarar i andre, og meiner at Stortinget veit best. Høgre har merka seg at regjeringa vil gje Statens vegvesen i oppdrag å utarbeida og senda på høyring eit forslag til lov og forskrift som gjev kommunane myndigheit til å etablera nullutsleppssoner. Det er i tråd med intensjonen i framlegget frå SV, og prosessen er såleis sett i gang. Me vil difor – når høyringsinnspela kjem inn – kunna ta stilling til dei problemstillingane næringsliv og storbyar ser, og justera kursen deretter. Sjølv om dette isolert sett vil vera små utsleppskutt, vil det bidra til å fremja overgangen til nullutsleppsløysingar. Spesielt bør dette vera eit verkemiddel for å fremja nullutslepp i vare- og næringstransporten, der elektrifiseringa ikkje er komen like langt som for personbilar. Me ser fram til å lesa høyringsinnspela som etter kvart kjem inn, og vil følgja prosessen nøye. Me ser difor ingen grunn til å gå inn i nokon av dei forslaga som vert lagde fram her i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat