Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 8. mai 2025

Innlegget
Småkraft spelar ei viktig rolle i den norske kraftmiksen og bidreg med om lag 12 TWh årleg. For Arbeidarpartiet er det ei klar prioritering å sikra stabile og føreseielege rammevilkår for småkraftprodusentane. Dette er avgjerande for at me skal kunna vidareutvikla bransjen, oppretthalda eit sterkt kompetansemiljø og sikra trygg og rimeleg straum til både folk og næringsliv. Me står overfor ei tid der behovet for rimeleg, stabil og føreseieleg kraftforsyning er større enn nokon gong. For Arbeidarpartiet er det difor eit mål med utbygging og oppgradering av kraftproduksjon, og at det skjer på ein rask og smidig måte. Me meiner at kraftressursane er eit fellesgode som skal koma heile samfunnet til gode, og me har ansvar for å sikra at dei blir forvalta på ein måte som styrkjar både velferda og den norske konkurransekrafta. Statkraft er ein hjørnestein i norsk kraftforsyning, med om lag ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen. Selskapet er Noregs største produsent av både vass- og vindkraft og har dei siste fem åra levert betydelege verdiar, rundt 140 mrd. kr, til staten gjennom skatt og utbytte. Regjeringa Støre har vore tydeleg på at statens eigarskap i Statkraft skal sikra langsiktig verdiskaping og berekraftig utvikling. Forslagsstillarane ønskjer bl.a. å gje staten ei meir aktiv rolle i Statkrafts operative avgjerder, men bryt ikkje det med prinsippet om god eigarstyring? Det er eit prinsipp som skal understreka skiljet mellom eigarens og styrets ansvar – eit breitt anlagt verkemiddel som skal styrkja heile kraftsektoren framfor å gje særskilde pålegg til enkeltaktørar, noko som igjen kan skapa uføreseielegheit. Arbeidarpartiet står fast på ein sterk, offentleg forankra kraftsektor bygd på ryddige rammer og trygg og ansvarleg politikk. Det er heilt avgjerande for å sikra kraft til både folk og industri i åra som kjem.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat