Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 13. mai 2025

Innlegget
Biogass er ein del av løysinga på fleire av dei store utfordringane me står overfor. Me treng å kutta utslepp, utnytta ressursane betre og skapa nye, grøne jobbar. Biogass bidreg til alt dette samtidig. Med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering har me styrkt innsatsen betydeleg. Me har bygd opp eit breitt spekter av verkemiddel for å få fart på biogassmarknaden, og no ser me at det verkar. I 2024 blei det gjeve rekordhøg støtte til biogassprosjekt. Enova delte ut 550 mill. kr, som utløyste ny produksjon på over 1 TWh. Det er eit viktig gjennombrot og viser at tiltaka fungerer. Me har gjort mykje gjennom målretta og godt forankra grep: ein ny og sterk styringsavtale med Enova, der utsleppskutt og energisystemet igjen er tydeleg prioritert auka støtte gjennom Bionova og jordbruksavtalen insentiv som gjer det lønsamt å bruka husdyrgjødsel, som kuttar utslepp og gjev verdifull biorest tilbake til jorda Dette er heilskapleg politikk, og det er politikk som verkar. Biogass er ikkje eit enkelt tiltak. Det krev utvikling av heile verdikjeder, frå råstofftilgang, produksjon og distribusjon til bruk i transport, industri og landbruk. Det er nettopp dette me byggjer akkurat no. Me ser at teknologien blir betre, at marknaden veks, og at fleire aktørar får tru på at det er mogleg å satsa på biogass i Noreg. Men det skjer ikkje av seg sjølv; det skjer fordi Arbeidarpartiet i regjering tek styring og følgjer opp med ansvarlege og treffsikre verkemiddel. Me har òg sett i gang eit større arbeid med sirkulærøkonomi, der biogass er ein naturleg del. Det handlar om smart ressursbruk og betre samanheng mellom avfall, energi og verdiskaping. Vår politikk byggjer på det som verkar. Me vel løysingar som gjev resultat, og som kan skalerast trygt over tid. Det er trygg og ansvarleg styring. Med Arbeidarpartiet i regjering blir det full gass på biogass.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat