Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Liv Kari Eskeland (H) [10:02:07] (ordførar for saka): Det hender at det er stor stas å vera saksordførar, og det er spesielt dei gongane me greier å samla heile komiteen til gode vedtak, som vi har gjort i denne saka, som handlar om eigne tungbilkolonnar over Haukeli. Me takkar forslagsstillarane som har løfta denne saka inn til Stortinget. Det er ein viktig siger for heile næringslivet langs E134-korridoren, og for alle som er avhengige av denne sentrale aust–vest-forbindelsen. Dette er òg ei sak som Høgre har kjempa lenge for. I Innst. 439 S for 2023–2024, om Nasjonal transportplan, påpeika me at det var gjort investeringar utan at ordninga var komen i gang. No har ein felles komité lagt fram si innstilling, og fleirtalet er klart. Dette er eit gjennombrot som har kome etter lang tids press, både frå transportnæringa, frå lokalsamfunna langs E134 og frå oss her på borgarleg side. Men sjølv om fleirtalet no er sikra, er ikkje jobben gjort. Det hastar med implementering. Kvar vinterdag utan at me kan få dei tunge køyretøya over fjellet, er ein dag då lastebilsjåførane risikerer å verta ståande i timevis, då vareflyten stoppar opp, og då norske eksportbedrifter møter ytterlegare hindringar. Eg vil difor understreka at regjeringa no må prioritera å få i gang denne ordninga, slik at me er klare når vinteren kjem. Planane ligg klare. Infrastrukturen er på plass. No treng me handling. Denne sigeren er òg eit steg i rett retning når det gjeld å få ein god flyt over E134, men dette er berre eitt av mange nødvendige tiltak på E134. Prosjektet med utbetring av Bakka–Solheim må framleis jobbast med, og så er det tunnelløysingane, og vintersikring av vegen må styrkjast ytterlegare. No når kolonnekøyringane endeleg har vorte ein realitet, må me sikra at det vert så bra som mogleg, og at dei får tilstrekkeleg med ressursar. Driftsoperatøren har vide fullmakter til å administrera ordninga. Dei har rett til å plukka ut bilar som må venta, og gje grønt lys til dei som kan få køyra. Dette vert forhåpentlegvis òg ein ytterlegare motivasjon for bileigarar til å sko bilen skikkeleg, slik at dei avpassar det etter føreforholda. Me håpar at Statens vegvesen opplever at det vert positivt å få testa ut tungbilkolonnar over Haukeli, slik det har vore over Hardangervidda, sjølv om forholda er vidt forskjellige kva gjeld topografi. Det som er sikkert, er at dette vert viktig for alle som er avhengige av ein open og føreseieleg E134 året rundt. Eg håpar på ein god debatt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat