Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. mai 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Med ei prøveordning opparbeider me oss no erfaring som me kan bruke inn i ei evaluering av ordninga etter at prøveperioden er omme. Viser det seg at ordninga med eigne tungbilkolonnar har store negative konsekvensar, kan me berre avslutta etter prøveperioden, men erfaringar frå Hardangervidda viser at tungbilkolonnar medfører lengre oppetid, fordi lastebilar og vogntog kan køyre lenger over fjellet i kolonnar enn personbilar kan. Ifølgje brøytemannskap på Hardangervidda kan det vera timar med lengre oppetid for tungbilar når uvêret står på. Kan statsråden garantera at ordninga vil tre i kraft før vinterstormane slår til no i 2025?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Replikk · 15. mai 2025 — OverStortinget