Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Det er med stor uro me ser korleis forfallet på fylkesvegane aukar. Me støttar forslagsstillarane, som meiner at denne regjeringa ikkje gjer nok for å prioritera vedlikehald og utbetring av fylkesvegane våre. Det er alvorleg for trafikksikkerheita, og det er alvorleg for næringslivet og alle som dagleg er avhengige av desse vegane. Under behandlinga av Nasjonal transportplan 2025–2036 skreiv komiteen følgjande: «Stortinget ber regjeringen styrke finansieringen til fylkesvei med fokus på trafikksikkerhet, nærings- og beredskapsveier, og videreføre den øremerkede tilskuddsordningen for vedlikehold av fylkesvei.» Dette står framleis ved lag. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er berekna til over 100 mrd. kr, og det aukar stadig. I vår alternative NTP 2025–2036 set me av heile 6 mrd. kr meir til fylkesveg enn det regjeringa gjorde. Det er heilt nødvendige investeringar i infrastruktur som syter for at Noreg kan fungera, at folk kjem seg på jobb, skule og fritidsaktivitetar. Me har følgt opp med handling. I vårt alternative budsjett for 2025 aukar me løyvinga til fylkesvegar med over 300 mill. kr. I tillegg står me fast ved at den øyremerkte ordninga for fylkesveg, som me innførte i NTP 2022–2033, skal liggja fast. Det handlar ikkje berre om asfalt og vedlikehald. Det handlar òg om at fiskebilen skal nå marknaden med ferske varer, om at ambulansen skal fram til pasienten, og om at familiemora skal koma trygt heim til familien etter enda arbeidsdag. Me treng ikkje fleire vedtak om dette temaet. Det me treng no, er gjennomføringskraft og pengar i budsjetta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat