Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

Det er ingen tvil om at datasenter er ein integrert og viktig del av norsk økonomi. Det handlar om mykje meir enn berre underhaldningsindustrien. Både offentleg og privat sektor har behov for å lagra og arbeida med dataa sine her i Noreg, og det behovet kjem til å auka betydeleg etter kvart som kunstig intelligens vert viktigare for stadig fleire verksemder. Intensjonen i i alle fall to av forslaga som vert fremja her i dag, ligg allereie på bordet til regjeringa. Det eine går på å utnytta spillvarmen frå datasenter der det ligg til rette for det. Høgre har fremja dette forslaget tidlegare. Det andre forslaget handlar om eit forbod mot utvinning av kryptovaluta på norsk jord. Også det er eit viktig forslag. Me veit at kryptoutvinning er svært kraftkrevjande. Me veit også at det vert konkurranse om krafta framover. I datasenterverda er det andre former for datasenter me heller bør prioritera krafta til. Høgre stemmer ikkje for forslaga her i dag, for dei går lenger enn forslaga til Høgre og dei forslaga Høgre fekk fleirtal for. Eg trur forslaga som vert fremja her i dag, kanskje òg kan verka mot si hensikt. Dei vitnar kanskje om manglande forståing for nettopp den betydninga datasentera har for norsk økonomi. Det å f.eks. ha eit eige konsesjonsregime for datasenter, men ikkje for andre kraftkrevjande verksemder, kan eg ikkje sjå at kan vera veldig hensiktsmessig. Det internasjonale energibyrået, IEA, har spådd at datasenter vil auka kraftbehovet med inntil 230 TWh per år etter 2025, altså frå i år og framover. Dette kjem òg til å påverka etterspurnaden etter kraft i Noreg. Kraftbehovet i framtida vil verta nærmast umetteleg. Skal me klara å integrera og innpassa datasenter direkte inn i det eksisterande kraftsystemet, slik me gjer i Noreg, vert det fort mykje motstand. Det ser me allereie på forslaga som vert fremja i dag – ordlyden vert skarpare. Viss ein kjem til det punktet at datasentera bidreg til å skaffa eigne energiløysingar lokalt, trur eg det kan snu motstanden. Dersom datasentera f.eks. hjelper til med ny kraftforsyning, vil datasenter og kunstig intelligens hjelpa til med det grøne skiftet, i tillegg til at bruken av kunstig intelligens vil vera ein viktig del av energisystemet framover. Me treng meir kraft – mykje meir kraft – men dessverre har ikkje regjeringa fått til noko særleg kraftutbygging, og det har på mange måtar stoppa opp under denne regjeringa. Berre konsesjon til 0,5 TWh ny kraftproduksjon held rett og slett ikkje. Regjeringa må ta grep.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat