Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. mai 2025

Innlegget
Ove Trellevik (H) [17:09:19] (ordførar for saka): FNs klimapanel og Det internasjonale energibyrået, IEA, har begge slått fast at kjernekraft må vera ein del av løysinga for å nå dei globale klimamåla innan 2050. Forslagsstillarane reiser i så måte ei rekkje viktige og interessante forslag. I Europa satsar ei rekkje land på meir kjernekraft, bl.a. Frankrike og Storbritannia. I det nordiske kraftsystemet er kjernekraft allereie ein viktig del av grunnlasten gjennom anlegg i Sverige og Finland. Eg trur vi kan slå fast at det er dei naturlege føresetnadane for vasskraft som hittil har gjort at det ikkje har vore behov for kjernekraftproduksjon i Noreg. Vi har jo nytta oss av kjernekraft, men då i form av kraftutveksling med våre naboland. Eigen kjernekraftproduksjon føreset eit omfattande offentleg regime for atomsikkerheit, strålevern og avfallshandtering av radioaktivt avfall, som ikkje er på plass i Noreg i dag. I lys av debatten om kva kraftkjelder Noreg bør satsa på framover, er det behov for eit betre kunnskapsgrunnlag om fordelar og ulemper med kjernekraft i den norske energimiksen fram mot 2050, inkludert kva det eventuelt vil krevja av regelverksarbeid og investeringar i infrastruktur. Det vil i dette arbeidet vera naturleg å sjå til erfaringar frå andre land i nærområda våre og vurderingar av potensialet i ny teknologi på området. Høgre ser fram til at kjernekraftutvalet legg fram sin rapport, og me vil deretter vera med og staka ut vegen vidare. Me i Høgre er soleis positive til kjernekraft, og me har fremja fleire forslag her i Stortinget om dette temaet. Fleire av dei fell saman med intensjonen som dagens forslagsstillarar har. Eg reknar med at forslagsstillarane sjølve vil gjera greie for sine forslag her i dag. Sjølv om ein ikkje stemmer for forslaga, betyr det ikkje at ein er imot forslaga. For Høgre handlar det i spørsmålet om kjernekraft meir om prosess enn om sak. Høgre vil avventa rapporten frå kjernekraftutvalet og ikkje starta med parallelle prosessar på ulike tema. Så får heller regjeringa ta ansvaret for mandatet til kjernekraftutvalet – og den kanskje romslege tida dei har fått til disposisjon.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat