Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. mai 2025

Innlegget
Eg vil gjerne tilbake til forslagsstillarane og representanten frå Framstegspartiet si undring over kvifor Høgre ikkje kunne stemma for forslag me var for. Eg sa i innlegget mitt at me var for fleire av forslaga som vert fremja her, og me har faktisk fremja nesten likelydande forslag sjølv her i denne salen. Det som kom ut av debatten den gongen, var jo det som statsråden her nemner – at dei har sett ned kjernekraftutvalet, som jobbar med ei rekkje av desse spørsmåla. For Høgre handlar dette altså om prosessen framover og ikkje nødvendigvis om dei forslaga som vert fremja her. For Høgre er det viktig at me held trykket oppe i spørsmålet om kjernekraft, og at me skaffar oss den kunnskapen som me treng for å kunna ta ein god debatt om kjernekraft – fordelar, ulemper, risiko, sårbarheiter. Det skal me gjera når me har skaffa oss den kunnskapen som kjernekraftutvalet skal gje oss. Det ligg òg i mandatet til kjernekraftutvalet at dei skal søkja samarbeid og vurdera samarbeid med andre land. For min del meiner eg at det dekkjer godt samtlege spørsmål som forslagsstillarane reiser. Dei er ivaretekne på ein svært god måte. For Høgre handlar ikkje dette om å vera med på å laga offensive vedtak inn mot ein valkamp, slik som forslagsstillarane her seier. For Høgre er dette mykje, mykje viktigare. Det handlar rett og slett om framtida og korleis me skal sikra nok energi til innbyggjarane våre også etter 2050.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat