Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. mai 2025

Innlegget
Eg vil starte med å takke forslagsstillarane for å løfte debatten. Intensjonen er det nok mange av oss i komiteen som stiller oss bak, nemleg å auke antal fritidsklubbar og opne møteplassar for barn og unge, som er eit viktig initiativ. Vi veit alle kor avgjerande det er å ha gode fritidstilbod og trygge arenaer der barn og unge blir møtt av kloke, trygge vaksne. Fritidsklubbar har lenge vore ein slik arena. Dei er opne møteplassar der barn og unge kan møtast på tvers av bakgrunn, både sosialt og økonomisk, og er eit lågterskeltilbod som inkluderer veldig mange. Gjennom tilskotsordninga for inkludering av barn og unge har regjeringa styrkt dette feltet betrakteleg. Ordninga har auka med heile 230 mill. kr, til totalt 758 mill. kr. Eg vil òg trekkje fram regjeringa sitt arbeid gjennom handlingsplanen «Alle inkludert!», der det blei løyvt 14 mill. kr ekstra til ungdom og fritid for å løfte kvaliteten i fritidsklubbane lokalt. Det vil eg seie viser både vilje og handling. Når det gjeld spørsmålet om å lovfeste retten til fritidstilbod, meiner vi det ikkje er vegen å gå, då det ikkje er greidd ut kva økonomiske konsekvensar ei sånn lovpålagt teneste vil ha, og vi veit at mange kommunar allereie er under stort press. Fleire lovpålagde oppgåver kan føre til kutt i den andre enden. Ofte ser vi at tilbod som er retta mot barn og unge, blir trua. Difor meiner vi i Arbeidarpartiet at det er viktig å gje kommunane betre føresetnader for å gje gode tenester over heile landet. Dette arbeidet har vi teke på alvor, bl.a. gjennom både endringar i inntektssystemet, som blei vedtekne i Stortinget i 2024, og ein auke av kommuneramma generelt. Målet er klart: å sikre alle barn og unge gode og likeverdige tenester, uansett kor ein bur. Då er kommuneøkonomien òg heilt avgjerande. Heilt til slutt vil eg seie at Arbeidarpartiet stemmer imot dei lause forslaga som ligg føre i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat