Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 20. mai 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Ferjedrifta langs Norskekysten er under press, og sånn sett anerkjenner me problembeskrivinga frå forslagsstillarane. Fylkeskommunane rapporterer om underfinansiering, som vert forverra av fleire faktorar. Det er innføring av gratis ferjer, som enkelte stader har auka trafikken vesentleg. Innstramming i kviletidsreglar skapar mannskapsmangel. Usikkerheit rundt kompensasjon til fylkeskommunar for nullutsleppsferjer heng framleis i lufta, og i tillegg har me ein generell kostnadsauke for kontraktar som no vert lyste ut. Eg må seia at eg i så måte ikkje i det heile kjenner meg igjen i verkelegheitsbeskrivinga til føregåande talar. Det er krevjande for fylkeskommunane å få ferjenøklane til å dekkja dei faktiske behova. Fleire fylkeskommunar brukar i dag midlar utover det som kjem gjennom kostnadsnøklane, noko som går ut over andre viktige oppgåver som fylkeskommunane har, som skule, rassikring og fylkesvegar. På vakta til Arbeidarpartiet tappar ein no disposisjonsfonda i fylkeskommunane. Men å flytta ferjedrifta frå fylkeskommunane til staten kan ikkje gjerast isolert. Dette må vurderast som ein del av ein større gjennomgang av oppgåvefordelinga mellom forvaltingsnivåa. Kollektivtrafikken er ei sentral fylkeskommunal oppgåve, der ferjene inngår som ein integrert del. Å ta ferjene ut av denne samanhengen vil skapa nye grenseflater som kan gje utilsikta konsekvensar. Samtidig meiner me at tida er mogen for å evaluera heile strukturen for dei fylkeskommunale kollektivselskapa. Den noverande organiseringa skapar uheldige grensesnitt og fører til dobbeltarbeid. Med den raske teknologiutviklinga me ser, bør me vurdera om dagens modell framleis er den beste. Det er bra at me har god kommunikasjon mellom dei som tek avgjerdene, og dei som faktisk brukar transporttenestene. Berre sånn kan me oppnå riktig dimensjonering av tilbodet. Men då må fylkeskommunane setjast i stand til å skjøtta oppgåvene sine. Det gjer dei ikkje i dag, og det er her heile problemet ligg. No har Senterpartiet i samband med revidert budsjett alle moglegheiter til å forhandla inn den underfinansieringa som dei refererer til, og me ser fram til det arbeidet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat