Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 20. mai 2025

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Eg har berre ein liten ting som er verd å merka seg i svarbrevet til statsråden, for der seier han at her må ein leggja opp til effektivisering frå fylkeskommunen si side. Effektivisering på ferjesamband handlar om å ta ned tilbodet, og er det noko me ikkje treng når det gjeld ferjedrifta, så er det at tilbodet vert teke ned. Me treng eigentleg å få auka det. Så merka me oss òg at Senterpartiet er overraska over at Høgre ikkje går inn i Senterpartiet sine merknader med å beskriva denne suksesshistoria som dei meiner gratis ferje har vore. Nei, me kan ikkje det, for det har ikkje vore noka suksesshistorie. Når ferjeleia er fulle, og når ein står der og næringslivet ikkje kjem fram med varetransporten, så er det faktisk ingen suksess. Me ser no at Arbeidarpartiet opnar for å ta betaling der det er gratisferje, for å få auka tilbodet, fordi næringstransporten står i stampe. Ja, då har me begynt å uthola dette gratisferjeprinsippet som Senterpartiet no jublar så mykje over, og for så vidt òg Arbeidarpartiet. Til sist: Ja, dei fleste vil nok takka ja til gratis tenester, men nokon må betala, og det er alle andre som mottar tenester frå fylkeskommunane, som må betala denne billetten. Når fylkeskommunane no må ta inn meir pengar i kollektivtrafikken fordi ein skal finansiera ferjetilbodet, så er det alle andre i fylkeskommunane som må betala for det som Senterpartiet står her på talarstolen og snakkar så gjævt om.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat