Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 27. mai 2025

Innlegget
Eg er glad for at vi med denne lova tek eit viktig og nødvendig steg i retning av ein tryggare og meir ansvarleg frivillig sektor, med idretten i spissen. Formålet er jo klinkande klart: å sikre forsvarleg behandling av særlege kategoriar av personopplysningar når det er nødvendig for å førebyggje, avdekkje eller reagere mot seksuelle overgrep, trakassering og vald i idretten. Idretten skal vere ein trygg arena for alle, men dessverre veit vi at det finnest for mange tilfelle der det ikkje er slik. Difor er det så viktig at Noregs idrettsforbund no får eit konkret verktøy til å kunne gripe inn i dei alvorlege sakene før dei skjer, når dei skjer, og i etterkant. Dette er berre byrjinga, for som førre talar var inne på, har mange høyringsinstansar påpeikt at behovet ikkje stoppar ved idrettens grenser. Seksuelle overgrep, trakassering og vald er òg problemstillingar heile den frivillige sektoren må forhalde seg til. Difor er det gledeleg at regjeringa har varsla at ein ser behova for heile frivilligheita i neste steg. Det må sjølvsagt følgjast opp, og det er vi glade for at regjeringa skal kome i gang med. Til slutt er det gledeleg at det er eit fleirtal som støttar lova. Ikkje fordi ho løyser alle problem, men fordi ho gjev oss det verktøyet ein har mangla, fordi barn og unge har krav på ei trygg fritid, og fordi dei vaksne som står rundt dei, anten dei er trenarar, leiarar eller frivillige, må få tydelege rammer for kva som er tillate, og kva som er uakseptabelt. Tryggleik i idretten skal ikkje vere ein visjon. Det burde vore ei sjølvfølgje.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat