Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 27. mai 2025

Innlegget
Eg er stolt over å seie at Noreg har ei av verdas beste foreldrepermisjonsordningar. Det handlar ikkje berre om økonomisk tryggleik; det handlar om å gje barnet ein god og trygg start på livet og å sikre at både mor og far får moglegheit til å knyte nære band i den mest sårbare og verdifulle perioden av barnet sitt liv. Nyleg blei det gjennomført fleire viktige endringar i foreldrepengeordninga, bl.a.: Frå 1. juli 2024 fekk foreldre med 80 pst. dekningsgrad utvida permisjonen med elleve dagar, slik at det ikkje lenger løner seg økonomisk å velje 100 pst. framfor 80 pst. Det gjev større fleksibilitet og kan gjere det lettare for familiar å vere heime, og kanskje lettare å kunne amme lenger, eller å unngå ulønt permisjon. Og frå august av blir fedrar og medmødrer sin sjølvstendige rett til permisjon styrkt. Dette er viktige skritt for begge foreldra si moglegheit til at barnet kan få lik tilgang til omsorg frå begge sine foreldre. Samtidig veit vi at tredelinga av foreldrepermisjonen har vore og framleis er eit viktig og riktig grep, for når både mor og far har eigne kvotar, sikrar vi at begge foreldre får verdifull tid saman med barnet, og vi bidreg òg til ei meir likestilt omsorgsfordeling i heimen og på sikt òg i arbeidslivet, som er til barns beste. Erfaringa viser at når fedrekvoten blir redusert, tek fedrar mindre permisjon. Det er ikkje vegen å gå. Difor meiner fleirtalet i komiteen at dagens modell med ei tredeling av permisjonen framleis er den beste løysinga. Den gjev fleksibilitet, men set òg rammene som trengst for å oppnå viktige mål: barns beste og like moglegheiter og sterke familiar. La oss heller ikkje ta desse ordningane for gjeve, for det er eit resultat av bevisste politiske val over tid. Vi bør stå saman om fordelinga og vidareføre og styrkje den – til det beste for barna våre og for eit samfunn med reell likestilling. Det er rett og slett ei vinn-vinn-sak.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat