Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 27. mai 2025

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Fridom blir det snakka mykje om. Fridom for meg er at mor kan få god tilknyting til barnet sitt. Fridom er òg at far og medmor skal få same gode tilknyting til barnet i tidleg alder. Barnets beste er å ha ei god tilknyting til begge foreldra frå tidleg alder av. Eg er veldig glad for at fleirtalet i Stortinget for n-te gong stadfestar at ei raus tredelt foreldrepermisjonsordning er det beste for barn i ein tidleg fase av livet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat