Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 27. mai 2025

Innlegget
I dag står vi overfor ei verkelegheit der barn og unge veks opp med sosiale medium og digitale plattformer som ein naturleg del av kvardagen. Det gjev moglegheiter for læring, deltaking og fellesskap, men det bringar òg med seg store utfordringar, og vi deler bekymringa til forslagsstillarane når det gjeld å beskytte barn og unge mot skadeleg innhald på nett. Altfor mange barn blir eksponerte for valdeleg, seksualisert eller psykisk skadeleg innhald, og slik kan vi ikkje ha det. Alle barn har rett til ein trygg oppvekst, òg på digitale plattformer. Samtidig må vi anerkjenne at vegen til gode løysingar ikkje alltid er like enkel, for det handlar om meir enn å setje ei aldersgrense. Det handlar om å finne tiltak som faktisk fungerer, utan å skape nye problem som digitalt utanforskap eller svekt personvern. Mange har uttrykt skepsis til aldersverifisering, særleg ved bruk av BankID. Det er forståeleg, for ikkje alle barn og unge har tilgang til BankID, og det er risiko for at slike løysingar skuvar nokon ut av fellesskapet. Difor må ein velje ei teknologisk løysing som er trygg, tilgjengeleg og ikkje minst personvenleg, og ho må utviklast med klokskap og tett samarbeid med fagmiljøet. Difor støttar vi regjeringa sitt arbeid med å heve aldersgrensa frå 13 år til 15 år, og ei slik grense vil harmonisere med andre rettar og plikter 15-åringar har i samfunnet. Vi må òg hugse at ei aldersgrense aleine ikkje er nok. Ho må følgjast av god informasjon, sterkare regulering og ikkje minst viktige direktiv som DSA og AI Act, som òg vil kunne bidra til å beskytte barn mot målretta reklame og farlege algoritmar. Eit stort fleirtal meiner at arbeidet hastar. Vi må finne gode og balanserte løysingar, og vi må gjere det saman, ikkje minst med det beste for barnet som styrande prinsipp. Arbeidarpartiet vil stemme imot det lause forslaget i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat