Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 27. mai 2025

Innlegget
Nokre gonger kan det vere farleg å gå på jobb. Eg er veldig stolt over at det norske arbeidslivet er såpass trygt som det er. Når ein ser til andre land der arbeidstakarar klatrar opp på tak utan sikring, der dei tek tunge løft utan hjelpemiddel, og der dei over linja belastar seg heilt til dei stryk med, har iallfall vi i Noreg, saman med partane, klart å lage eit arbeidsliv som er nokolunde trygt. Samtidig er det ikkje alltid det likevel. Det er fare for å få kreft dersom ein jobbar som brannmann, det er fare for å pådra seg ganske alvorlege belastningar dersom ein jobbar i delar av helsevesenet, og for nokre av desse yrkesskadesjukdommane som ein kan få, er det neimen ikkje enkelt å vise ein årsakssamanheng. Det som skjer i dag, er historisk. Det er over 50 år sidan ein har hatt eit tilsvarande løft for yrkesskaderegelverket for å hjelpe dei folka som slit, og som kjem til å slite store delar av livet, fordi dei har vore på jobb og gjort jobben sin. Eg er utruleg stolt av at ein samlar seg på tvers av partifargane og gjer det som er nødvendig for å sikre at det skal vere trygt å gå på jobb, og at dersom ein skulle vere så uheldig å bli skadd på jobb, skal vi i større grad klare å stille opp som eit fellesskap for folk – og gratulerer med dagen til alle saman!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat