Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025

Innlegget
Nok ein milepåle er no nådd for Arna–Stanghelle, eit viktig prosjekt på mange måtar. Det gjeld sikkerheitsaspektet med tanke på ras, skred og ulykker. Me får no testa ut eit fellesprosjekt mellom bane og veg med to statlege aktørar. Ikkje minst må me merka oss at denne vegen, som stod ferdig i 1991, ikkje er tilfredsstillande i dag, og me må no byggja ny veg. Det minner oss om at når me først byggjer infrastruktur, må me byggja han skikkeleg. Det er eit prosjekt til nær 50 mrd. kr, med 90 pst. statleg finansiering. Det er eit stort løft for staten, der 10 pst. vert finansiert gjennom bompengar. Målet vil likevel vera at Bergensbanen vert endå meir attraktiv, slik at fleire ser seg tente med å nytta tog. Dette vil sjølvsagt redusera bompengegrunnlaget, men er ei ønskt utvikling. Det er viktig at statsråden er tett på prosjektet framover. Det har nokre kritiske punkt der ein må ha ekstra fokus. Det eine er dei store steinmassane som skal dumpast i fjorden, der Statsforvaltaren har gjeve løyve på visse føresetnader. Ein skulle jo ønskja at me hadde noko betre bruk for dei steinmassane. Det andre er å få god erfaring med bygging av bane og veg i same prosjektorganisasjon, men med forskjellige finansielle innretningar, der moms vert lagt på vegprosjekt, men ikkje på baneprosjekt. God forvaltning er difor essensielt. Me skulle ønskja at regjeringa hadde sett at Ringeriksbanen, som har Nye vegar som prosjekteigar, også kunne vore starta opp. Då hadde me verkeleg fått utteljing for innkorting av Bergensbanen, samtidig som dei to prosjektorganisasjonane hadde kunna lært av kvarandre, men då må me visst få ei ny regjering på plass. Dette er eit svært etterlengta prosjekt for både fylkeskommune, lokale myndigheiter og brukarane av vegen. Me ser fram til å kunna oppgradera infrastruktur som bind saman aust og vest på ein god måte. Sjølv om det ikkje alltid er så stas å køyra i Noreg berre for å sjå innsida og ikkje få oppleva dei vakre bygdene, vert det likevel fantastisk å kjenna seg trygg på vegen på dette strekket. Til sist – fordi det er i same proposisjon – er det bra at E45 Kløfta i Finnmark no har fått dei nødvendige finansielle prioriteringane på plass. I det geopolitiske bildet vil også dette gje eit lite bidrag til eit meir samanknytt og framkomeleg vegnett i nord.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat