Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025

Innlegget
Anleggsbransjen har møtt krava til utsleppsreduksjon på ein konstruktiv måte. Det bransjen no etterspør, er føreseielegheit og evne til å sjå heilskap, for overgangen må synest fornuftig, elles mister det grøne skiftet sin legitimitet. Det offentlege speler ei viktig rolle i å vera bjøllesau i det grøne skiftet. Me kan setja krav, men me har òg ressursar til å støtta opp i overgangsperiodar. Det offentlege speler ei sentral rolle i å fremja klimavenlege løysingar gjennom offentlege innkjøp og tydelege miljøkrav i offentlege anskaffingar, i å bidra til innovasjon og teknologiutvikling og i å fremja overgangen til nullutsleppsløysingar. Ifølgje EBA utgjer direkte CO2-utslepp ein liten del av dei totale utsleppa, slik saksordføraren var inne på. Dei indirekte utsleppa er over 70 pst., og difor er det andre forhold enn anleggsmaskiner som er dei største utsleppskjeldene. Det er difor mykje å henta på å få ned CO2-utsleppa, bl.a. i materiale, massehandtering, gjennomføringsmodellar etc. Det er ein relativt stor grad av fleksibilitet innan kontraktsregimet. Samtidig viser ein gjennomgang frå Riksrevisjonen at offentleg sektor ikkje bruker innkjøpsmakta si godt nok til å redusera klimagassutsleppa. Difor bør ein saman med bransjen jobba vidare med korleis dei store utsleppa i bygg- og anleggsbransjen kan handterast, slik at ein ikkje einsidig ser på anleggsmaskiner som tiltak som skal få ned klimagassutsleppa, men at ein òg i større grad legg vekt på materiale og massehandtering når norske klimagassutslepp skal kalkulerast og rapporterast. Me er nok einige med Senterpartiet i at det er dei totale utsleppa som tel i anbodsregimet. Me har valt å drøfta og løfta dette gjennom klimameldinga, der me meiner at denne diskusjonen eigentleg høyrer heime. Målet må vera å utnytta kunnskapen og kompetansen til entreprenørbransjen for å få ned klimagassutsleppa, men det betyr òg at me som styrer på regelverksida, må gå litt i oss sjølve slik at det beste ikkje vert det godes fiende. Eg melder difor at Høgre vil støtta forslaga til Senterpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat